Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 18. mai 2020

Sist oppdatert 18. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Synnøve Finden - bondejenta som vart gründer i hovudstaden



Synnøve Finden, opphavskvinna bak osten med same namn, kom frå Finnafjorden i Vik. Som 17 åring reiste ho på meieriskule i Stavanger, og i 1928 starta ho og sambuar Pernille ostefabrikk i Oslo.

Synnøve Finden

Synnøve Finden

Fotograf: Borgens Atelier/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Meierske og sambuar med Pernille

Synnøve Larsdotter Finden (1882-1957) var den åttande av ti sysken. 17 år gammal reiste ho til Stavanger på meieriskule. Som nyutdanna meierske hadde ho jobbar i Drammen, Stange og Kristiania, der ho vart verande.  Synnøve var sterkt religiøs og vart medlem av Menigheten Møllergaten 38, som høyrde til De frie venner og stod pinserørsla nær. Her vart ho i 1924 kjend med enkja Pernille Holmen (1889-1961). Dei to kvinnene flytta saman og fekk eit livslangt samliv og forretningssamarbeid. Pernille hadde dottera Evy, så dei var tre i huslyden.

Synnøve Finden Ostefabrikk

Synnøve ynskte å starta eigen osteproduksjon. Saman med Pernille begynte ho å kjøpa ostemasse og laga pultost. I 1928 starta dei Synnøve Finden Ostefabrikk på Vålerenga i Oslo. Synnøve hadde ideane og kunnskapen, og Pernille administrerte. Etter eit års tid lausna salet, og i 1929 kunne dei kjøpa T-Ford, tilsetja sjåfør, syklist og fleire kvinner til ostepakkinga. Synnøve kontrollerte arbeidet i fabrikken, utvikla produksjonsmetodane og eksperimenterte seg fram til ein smelteost. Verksemda blomstra: I 1937 køyrde seks varebilar rundt på Austlandet og leverte ost!

Kristeleg fabrikkfellesskap

Berre kristne, landsens jenter fekk arbeid på fabrikken. Dei budde i leigegarden hjå Synnøve og Pernille og åt alle måltid hjå dei. Lønna var låg, men husvære og mat var gratis. Arbeidsstokken reiste ofte på tur i helgene, til hytta på Hedemarken eller bedehus rundt om på Austlandet. Fabrikken hadde både predikant, kor og musikantar, og verksemda gav store summar til misjonen.

Krig og nedgangstider

Under og like etter andre verdskrigen var det vanskeleg å få tak i ostemasse, og verksemda stoppa nesten heilt opp. Fabrikken og driftsmåtane vart umoderne, og Synnøve og Pernille var slitne og sjuke. Evy og ektemannen Josef Dahl overtok verksemda. Synnøve Finden døydde i 1957 som ei velhalden dame. Alt ho åtte testamenterte ho til Pernille og etterkommarane hennar. Soga seier at Synnøve berre hadde tre korte turar heim att til Finden. Men til jul sende ho alltid heim pakker med ost.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Tor Edvin Dahl: Min bestemor elsket Synnøve Finden. 2010


Åslaug Stadheim Ese: Eventyret om bondejenta frå Finden som vart forretningsdame i Oslo. Synnøve Finden 1882-1957. Pridlao 2-1996


Gudmund Balvoll: Synnøve Finden. Store norske leksikon


Tone Hellesund: Seksualiteten til ei peparmøy


Ottar Starheim. For NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon, no i Allkunne. Synnøve Finden.

PERMANENT IDENTIFIKATOR