Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 03. desember 2019

Sist oppdatert 03. desember 2019

Kategori

Rå-data

Amanda Igland - Fiskarkone, pensjonatvertinne og organisasjonsmenneske



Amanda Igland (1917-2002) var ein pioner i arbeidet for kystkulturen og for å tryggje fiskarfamiliane sine kår. Som takk for den store innsatsen fekk ho, som ei av dei få kvinnene frå fylket, Kongens fortenestemedalje i gull i 1987.

Amanda Igland med diplom og Kongens Forttenestemedalje i gull

Amanda Igland med diplom og Kongens Forttenestemedalje i gull

Fotograf: Privat

Rakryggja, godlynt og omgjengeleg stridskvinne

Amanda Grotle Igland (1917-2002) var ei rakrygga stridskvinne, men også godlynt og omgjengeleg, fortel dei som kjende henne. Smilet og latteren satt laust i henne. Få kvinner har fått utretta så mykje som Amanda. Ho spreidde kunnskap om kystkulturen og kystfolket, og fekk gjennomslag for viktige velferdsløft for fiskarfamiliane. Fylkesmannen ordla seg slik då han innstilte på at ho burde få Kongens fortenestmedalje i gull:

Fru Igland har gjennom eit langt liv vore ein aktiv deltakar i samfunnslivet, men det er særleg grunn til å nemne hennar arbeid for fiskarkvinnene si sak. … Fylkesmannen kjenner fru Igland som ei sterk og vidsynt kvinne. Med pågangsmot og stor arbeidskraft har ho gjort ein innsats til samfunnets beste langt ut over det vanlege.

Amanda vaks opp i Bremanger i mellomkrigstida, i eit miljø der ein henta utkomme frå to næringar; fiskeri og jordbruk. Det var ingen overflod, men med nøysemd fekk dei endane til og møtast. Ho fortalde om trygge barneår der alle i familien var viktige i det daglege arbeidet. Om vinteren var alle samla i kjøkenet for der var det fyr i omnen. Mora og bestemora spann og vov, og karane sat der og stelte med garna sine. Så snart leksa var lært, kara ho krullar til rokken.

Amanda vart sjølv fiskarkone før ho fylte tjue år, og fekk føle den uvissa det var å ha ein kjær i båten og ikkje vite om dei kom tilbake levande.

Fiskarkvinne og politikar

Norges fiskarkvinnelag vart skipa i 1953 med Amanda som ein av initiativtakarane, og  i 11 år var ho leiar for landsorganisasjonen. Ho var forman i Bremanger i til saman 23 år! Ho var også drivkrafta bak å få kvinnene representerte i Norges fiskarlag. Ei anna kampsak var at fiskarane skulle ha rett på ferie, og i 1972 kom Lov om ferie for fiskere.

I lokallaga var oppgåva frå starten av å fylle hjelpekassene og skaffe pengar til mange gode velferdstiltak. Amanda hadde stor respekt for det arbeidet, men ho meinte fiskarkvinnelaga skulle arbeide med politiske saker også. Det var tema i fleire av landsmøte-talene hennar, her sitert frå Bodø i 1977:

[…] Bondekvinna er ein del av jordbruksnæringa, småbrukarkvinna like så, men fiskarkvinna er ikkje knytt til fiskerinæringa på same måten… Fiskarkvinna kan ikkje, som bonde- og småbrukarkvinna kan det, vere med på mannen sin arbeidsplass som for fiskarens del er båten og det store hav. Ho er husmor og mor og heimeverande for å ta seg av dei mange tusen fiskarheimane langs vår langstrakte kyst. I mange av desse heimane lyt fiskarkvinna vere åleine om ansvaret i månadsvis om gangen. … At desse fiskarane… er glad for at dei har ei kone som ordnar opp med renter, avdrag og barneoppdragelse, nei det tviler eg ikkje på. Det hadde ikkje gått utan, heller...

Norges fiskarlag tek hand om .. prisforhandlingar, fiskerigrensespørsmål, fiskerisoner og langtidsplan for fiskeriene. Alt dette gjer at ..heim og miljø og våre sosiale og kulturelle interesser i den samanheng har kome i bakgrunnen. Her er det etter mitt syn kvinnelaga har si store utfordring.

Pensjonatvertinne

Omkring 1970 starta Amanda og ektemannen pensjonatet Havly i Bremanger. I dei tider kom det ofte tilreisande arbeidarar frå til dømes hamnevesenet og kystverket, og det var trong for eit pensjonat. Mange hugsar Amanda først og fremst som pensjonatvertinne. Ho vart kjend for smilet og det vi i dag vil kalla sørvisinnstillinga si. Uansett kor seint ein arbeidar kom inn dørene på Havly, fekk han middag. Var det ikkje anna råd med det, gjorde ho ein «patent», det vil seie karbonade med speilegg.

Arbeidsfolket vart glade i Amanda. Ho tok det meste med godt humør, minnast ein representant frå televerket. Han skulle strekke telefonkabel frå kontoret hennar og inn i stova, og han bora seg gjennom veggen. Den var svært tjukk den veggen, men endeleg vart det då hol. Då han skulle sjå nærare på verket, hadde han bora gjennom både vegg og sofabein. Han vart både flau og lei seg, men Amanda berre lo og sa tvitydig: «Det der kunne kven so helst ha gjort!»

Ordkunstnar

Amanda var drivkrafta bak at kvinnene fekk innpass i Norges Fiskarlag, og ho sat i fleire politiske utval og nemnder både i fylket og på nasjonalt plan. Ho var medlem av partiet Venstre og vart vald inn i kommunestyret i Bremanger.

Både menn og kvinner langs kysten la merke til kor flink ho var med orda, og ho fekk svært mange verv. Ho engasjerte seg mest i sosiale og kulturelle saker slik ho nemner i talen i 1977, altså for familie, skule, helse, miljø og kulturvern, men også fiskerinæringa, distriktspolitikk og samferdsle på kysten fekk merksemd.

«Amanda er ein samfunnsbyggjar i ordets rette forstand», sa fylkesmann Ulveseth då ho fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1987. Lista over alt ho hadde vore med på, var lang. I alle høve evna ho å tenkje på heilskapen og til felles beste. Då Amanda fekk høyre ho skulle få medalje i gull, hadde ho svaret klart: «Gull! Hadde det endå vore koppar!».

Ho skreiv også artiklar og lesarbrev i avisene. Bergens Tidende hadde ei spalte dei kalla Synspunkt, og til den leverte ho mange innlegg. Ho hadde synspunkt på mangt og mykje, og dei skreiv ho ned ved kjøkenbordet tidlig om morgonen. Det var penn og papir ho brukte, og handskrifta var jamn og tydeleg.

Innimellom refleksjonar over samfunnsspørsmål og saker ho hadde lese om i avisa, kom ho med skildringar av vêret, naturen eller eit minne frå barndommen. På forunderleg vis skapte ho samanheng mellom det daglegdagse livet og dei større hendingane ho ville gi synspunkt på. Lesaren kunne lett halde tråden, og det vart slett ikkje keisamt. Fleire av synspunkta er god lesnad også i dag.

Pensjonist

For ei dame med så mange jarn i elden og så mange hjartesaker, var det kan hende ikkje lett å verte pensjonist. Ho snakka om det sjølv i ei tale til Bremanger Fiskarkvinnelag:

Alt har si tid her i livet. ..I menneskelivet har vi barndomstid, ungdomstid, manndomstid og til slutt alderdomstid og dei gråe hår. Den evige livssyklusen er uforanderlig og ubønhørlig. Du er komen til ein stille veg i livet. Har nådd dei 67 og er ikkje valbar lenger. Heretter tilhøyrer du pensjonistanes rekker for resten av di levetid. Alt har si tid.

Dei første åra som pensjonist var ho framleis i aktivitet støtt. Etter kvart svikta helsa, og Amanda gjekk bort i 2002, 83 år gamal. Arven etter ho er meir enn det jordegods barna hennar fekk. Både heimbygda Bremanger og heile kyst-Noreg har framleis nytte av det arbeidet ho la ned.

kjelder:

Personlege notat utlånt av familien


Utskrift av brev frå Fylkesmann


Firda Folkeblad


Firdaposten

PERMANENT IDENTIFIKATOR