Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 04. desember 2019

Sist oppdatert 15. februar 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Nikka Vonen - ei spanande og samansett kvinne



Nicoline Marie Vonen (1836-1933), kalla Nikka, var ein markant kulturperson i Fjaler og ho sette spor etter seg på mange felt. Ho var ivrig folkeminnesamlar, målkvinne, fjellvandrar, og ho grunnla og dreiv «Pigeinstituttet», ein av dei fremste privatskulane i landet.

Portrett av Nikka Vonen ca. 45-50 år gamal.
SFFf-1989025.0039

Portrett av Nikka Vonen ca. 45-50 år gamal. SFFf-1989025.0039

Datering: ca. 1880

Fotograf: E. Olsen

Oppvekst og utdanning i ein borgarleg heim

Nikka Vonen var fødd i Dale i Sunnfjord der ho vaks opp i ein velståande familie, og etter kvart kom familien inn i dei kondisjonerte krinsar. Ho vaks med andre ord opp i ein borgarleg familie i eit klassedelt samfunn der skilnaden mellom kjønna spesielt var forsterka i dei borgarlege krinsar. For  dei borgarlege kvinnene galdt det romantiske kvinneidealet, og dette rådde langt inn på 1800-talet. Kvinner skulle halde seg til sysler i heimen og moderskapet var det viktigaste. For Nikka skulle livsvegen bli annleis enn for mange av sine samtidige medsystrer, og ho braut ut av den tronge ramma som så mange av dei kondisjonerte kvinnene framleis var fanga i.

På den tida Nikka vaks opp, var det offentlege skuletilbodet omgangsskule, og for jenter var det ikkje tilbod om skulegang etter konfirmasjonen. Far til Nikka sakna bokleg lærdom i sin barndom , og var svært oppteken av borna fekk utdanning, også jentene. Dei betrestilte blanda seg ikkje med allmugen, og sende difor ikkje borna sine til den offentlege skulen. Nikka vart undervist av guvernanter og huslærarar. Ho fekk si fyrste opplæring i heimen og som 11-åring vart ho sendt til den private skulen for jenter som sokneprest Lindemann oppretta, fyrst i Leikanger i Sogn, deretter i Davik i Nordfjord. Då soknepresten døydde, overtok fru Lindemann og seinare sokneprest Meyer styringa av skulen. Her fekk Nikka undervisning i både engelsk og tysk, fransk, geografi, geografi, norrøn mytologi og handarbeid. Undervisninga skjedde i ei liberal ånd, og både samfunnsspørsmål, kvinnefrigjering og religion vart diskutert, spesielt i fru Lindemann si tid som skulestyrar.

Vidare utdanning i Kristiania

Nikka Vonen ville tydelegvis ikkje gå på stas, brodere og vente på ein passande ektemann, for så å styre hus, barn og drive velgjerdsarbeid. Etter konfirmasjonen og fire år i Davik tok ho seg arbeid som guvernante hos fleire kondisjonerte kringom i landet. I 1856, 26 år gamal, reiste ho så til hovudstaden for å skaffe seg meir utdanning. Ho tok til ved Nissens Pigeskole for Voksne i Kristiania, og mykje tyder på at ho ei tid også var elev ved Eugenias Stiftelse i hovudstaden. Der var den gamle lærarinna hennar, fru Lindeman, styrar. Under opphaldet i hovudstaden gjekk ho i pianolære hos Halfdan Kjerulf og studerte språk.  I 1862 kom ho attende til Dale. Nokre få år seinare sette ho på ny kursen mot Christania for meir utdanning. No tok ho lærarinneseminaret ved Nissens Høyere Pikeskole.

Skulen var grunnlagt av skulereformatoren Hartvig Nissen i 1849 og  var den fyrste høgare skulen for jenter i Noreg. Her kunne elevane ta middelskuleeksamen og seinare artium. Denne skulen var berre open for jenter frå overklassen. Frå 1860 tilbaud skulen lærarinneutdanning eller guvernantekurs, som det vart kalla, ved Nissen Lærerinneskole, der Nikka gjekk. Tanken til Hartvig Nissen var at kvinner skulle ha rett til høveleg utdanning på lik line med menn, heilt i tråd med haldningar og krav som vaks fram på slutten av 1800-talet. Slike tankar fall i god jord hos Nikka. Sjølv om ho var djupt religiøs, var ho ivrig forkjempar for kvinnesak og ein flittig skribent i kvinnebladet Urd. Proppfull av nye tankar, idear og med solid pedagogisk ballast reiste ho tilbake til Dale i 1869 der ho starta opp pensjonatskulen ho skulle bli kjend for, saman med enkefru Laura de Ferry Nitter.

Ein god pedagog og skulestyrar

Det er fyrst og fremst som skulestyrar og pedagog Nikka Vonen vert hugsa. Ho var ein høgt akta og høgt elska lærar og oppsedar, og pensjonatskulen i Dale er sett på som banebrytande for utviklinga av pensjonatskulane i Noreg. Ho heldt seg heile tida godt orientert om skule- og pedagogisk utvikling gjennom korrespondanse og personleg vennskap med framståande skulefolk i samtida. Dette la grunnlaget for det gode renommeet som skulen fekk. Han vart karakterisert som reine mønsterbruket og søknaden var stor.

Dei fyrste åra dreiv Nikka Vonen og Laura de Ferry Nitter skulen saman på enkefru Nitter sin gard på Yksnebjør. Då Nitter gifta seg opp att, vart skulen flytta til Steia, garden far til Nikka Vonen hadde budd på. I 1871 var skulen i drift på Steia og no skaut skuledrifta fart. Nikka sin pensjonatskule på Steia var i drift frå 1871 til 1907, og gav undervisning på folke- og middelskulenivå. Skulen hadde ikkje offentleg status noko som gjorde at ho kunne bestemme sjølv kva fag ho ville undervise i og vektleggje. Skulen gav heller ikkje noko form for yrkesutdanning. Likevel strøymde elevane til skulen, og det gjekk raskt å få middelskuleksamen seinare for dei som ynskte det. Det vart lagt stor vekt på faga tysk, engelsk, musikk, historie og religion, men elevane fekk også opplæring i «borgarlig rekning» og matematikk, i følgje Magne Fagerheim i boka Pensjonatskular i Fjaler gjennom 100 år.

Nikka var levande interessert i historie og i følgje elevane hennar, var ho ein stor forteljar og ein dyktig pedagog som såg elevane sine. Nokre av elevane hennar sa det slik: […] «Vi mindes skoletimerne, de alvorsfulde religionstimer, de fornøielige historietimer med meget mere. Thi Nikkas undervisning var altid så eiendommelig levende og frisk, så lig hende selv» […]. «Hun fordrede ubetinget lydighet av sine elever, men hun ofrede dem da alle sine Evner og omfattede dem med aldrig svigtende Interesse og Kjærlighed. Det var hende ikke nok at give Eleverne Kundskaber, hun arbeidede først og sidst paa at udvikle deres Karakter. Og hun havde en merkelig Evne til at finde gode Spirer, selv der, hvor man maatte lede længe efter dem». Elevane minnast mellom anna laurdagskveldane med glede. Då var det dans og leik, noko Nikka var med på. Som liberal kristen såg ho ikkje på dans som synd, slik den pietistiske rørsla som prega mange bygder i fylket i denne perioden.

Populær skule

Om lag 800 jenter var elevar på «Pigeinstituttet» dei åra skulen eksisterte. Jentene som kom til skulen var i alderen frå 11 og opp til 18 år. Til vanleg var det rundt 24 elevar som budde på skulen, men på det meste kunne talet koma opp i 30. Dei fleste elevane  kom frå byar og tettstader, og dei var døtrer i familiar der foreldra hadde råd og ynskje om ei god og allsidig utdanning for dei unge jentene. Dei fleste var norske, men fleire utlendingar kom også til Dale for å gå på denne skulen. Fleire av jentene som kom til «Pigeinstituttet» sette etter kvart djupe spor etter seg i samfunnslivet. Karen Platau var ei av dei. Ho utdanna seg til arkitekt og var sterkt politisk engasjert, både i Oslo bystyre for Høgre og seinare på Stortinget, der ho i 1922 vart den fyrste kvinna som fekk fast plass. Det kan nemnast at ei av døtrene og tre sonedøtrer til Bjørnstjerne Bjørnson også var elevar på skulen, og Nikka Vonen hadde omfattande brevveksling med både Bjørnson og ei rad andre kjende kulturpersonar i samtida.

Då Nikka Vonen fylte 70 år, la ho ned skulen og sette punktum for vidare drift. Dette var livsverket hennar, hennar skule, basert på hennar pedagogiske idear og personlege engasjement, og ho hadde tydelegvis ikkje tru på andre kunne drive skulen vidare i hennar ånd.

Kulturarbeidaren Nikka

Nikka var oppteken av dei folkelege tradisjonane. Dette var ei interesse ho hadde hatt frå barndommen av og mest truleg inspirert av dei nasjonal romantiske strøyminga som byrja i 1840-åra, og var ein del av den kulturelle nasjonsbygginga der både historie og natur vart viktige markørar på det nasjonale, det norske. Nasjonalromantikken søkte tilbake til  fortida og spesielt den kulturarven bøndene hadde teke vare på.

Som folkeminnesamlar vart Nikka Vonen kjend i vide kretsar. Trass i avstanden ho hadde til folk flest, var ho flink til å få folk i tale. Ho var særs interessert i og hadde glede av å høyre og skrive ned munnleg overlevert tradisjonsstoff. Vonen samla inn både eventyr, segner og nokre lokale folkeviser. Skildringar av folkelivet utgjer den andre gruppa av samlararbeidet hennar. Dette innsamlingsarbeidet femner om oppskrifter av dialektord, gåter, leikar og anna, og skildringar av kvardagslivet slik det tedde seg for folk i bygdene. Eilert Sundt, prest og Norges fyrste sosiolog, var i Dale i 1862 i samband med sitt forskingsarbeid om allmugen og dei fattige. Der møtte han Nikka og bad henne samle inn stoff om folkelivet i Sunnfjord. I 1865 vart den fyrste artikkelen hennar «En husmanns-historie» publisert i Folkevennen, bladet til Eilert Sundt. Skrivinga fortsette ho med heile livet.

Målsaka var også ein del av den kulturelle nasjonsbygginga i siste halvdel av 1800-talet. Gjennom åra vart Nikka blitt oppteken av målsaka og då Vestmannalaget i Bergen, landets fyrste mållag, i 1871 opna for kvinneleg medlemmer, var ho kjapt ute og melde seg inn. Og no kom tekstane hennar på nynorsk. Om lag 20 segner vart i 1868-1869 trykt i Dølen, bladet til Aasmund Olavson Vinje. Her kom dei første landsmåltekstane frå Vonen til lesarane. Dei var rett nok omsett til landsmål av språkforskar Hans Ross. Dialogane var på dialekt frå handa til Nikka Vonen. Nokre år etter kom forteljingar av henne på trykk i tidsskriftet Svein Urædd og i Lauvduskar på 1870-talet – på landsmål. Soleis var Nikka ansvarleg for dei første stykka på nynorsk på trykk i det nye skriftmålet si aller første tid.

Fjellpioneren og naturelskaren Nikka Vonen

Naturen var viktig for Nikka. Så lenge ho dreiv skulen, hadde ho sine daglege kveldsturar og elevane stod i kø for å vere med henne. Elles tok ho tok gjerne elevane med seg på turar i dei nære turområda i Dale, men det var fjellheimen, spesielt Jotunheimen, som lokka og drog mest. Når elevane hadde sommarferie, sette ho kursen mot fjellet saman med vener og lada batteria der.

Å vandre i fjellet og naturen var også ein nasjonalromantisk trend som gjorde seg gjeldande på 1800-talet. Landet skulle byggjast på nytt, oppdagast på nytt, og naturen vart såleis viktig både å skildre og oppleve. Fagerheim skriv at Nikka Vonen var med og opna fjellet saman med vener. Den Norske Turistforening, som vart stifta i 1868, hadde det som føremål å gjere fjellet meir tilgjengeleg for turistar. Her kunne både kvinner og menn bli medlemmer! I stiftingsåret var det 223 mannlege og 12 kvinnelege medlemmer. Det er ikkje usannsynleg at desse fjellpionerane var mellom venene som ho var med og opna fjellet saman med. Ho kjende godt både Åsmund Olafson Vinje, som var ein av stiftararane av DNT, den engelske tindepioneren William C. Slingsby og Emanuel Mohn. Saman med William C. Slingsby og Emanuel Mohn besteig Nikka Vonen Galdhøpiggen på slutten av 1870-åra, og ho var ei av dei første kvinnene som tok seg dit.

Fjellvandring var ikkje berre ein nasjonalromantisk trend, men også ein del av kvinnefrigjeringa på slutten av 1800-talet. Den kjende kvinnesakskvinna og stemmerettsforkjemparen Gina Krogh var ei av dei som utfordra synet i samtida på kvinner og friluftsaktivitetar, spesielt fjellklatring. Det same gjorde politikaren og stemmerettsforkjemparen Betzy Kjeldsberg. Til liks med Nikka Vonen gjekk ho på Galdhøpiggen. I ein artikkel i årboka til den Norske turistforening anno 1887 står misnøye med slike nye kvinnelege aktivitetar skriven i klartekst: «Lad – uden avindsyke – herrene beholde tindebestigernes triumfer».  Dette brydde Gina Krogh og hennar friluftsglade venninner seg lite om. Dei søkte opplevingar, fridom til å bevege seg i naturen, glede og livslyst. Dette handla også om å vere ein del av det nye og slik fremje kvinneleg deltaking på fleire plan i samfunnet.

I nettartikkelen «Da kvinnene erobret fjellet» seier professor Kirsti Pedersen Gurholt ved Norges idrettshøgskole at forskinga hennar viser at dei kvinnelege friluftspionerane også var pionerar på andre samfunnsområde. Dei var velutdanna og opptekne av følgje med i tida. Fjellvandring og fjellklatring var i tida og i denne ramma var det naturleg at Nikka Vonen fann sin plass.

«Pigeinstituttet» - starten på ei spesiell skulehistorie i Fjaler 

Fjaler kommune har ei spanande skulehistorie der kvinner gjekk utradisjonelle vegar og var berande krefter innan utbygginga av privatskulevesenet. Høgst ruver nok Nikka Vonen og hennar pensjonatskule for jenter. Ho starta ein lang skuletradisjon, som vart ført vidare gjennom Wilhelmine (Willa) Falch sin skule for gutar  frå 1889 – seinare kalla «Falchs pensjonat og realskole». Denne vart teken over av dottera Ragnhild Falch i 1918, som då vart open for jenter. Oddleiv og Thora Fagerheim vart styrarar i 1950, og skulen flytte no inn i dei nybygde lokala Vevang ved Klokkargarden. Fagerheim dreiv skulen fram til 1968. I nyare tid har United World College, eit verdsgymnas med 200 elevar frå 80 nasjonar, vorte etablert i kommunen, og er med å stadfesta Fjaler som ein viktig og spesiell skulekommune.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fagerheim, Magne. Pensjonatskular i Fjaler gjennom 100 år. 1998. Utgitt av Fjaler kommune.


Lyngø, Inger Johanne og Aina Schøitz. 1993. Tarvelig, men gjestfritt. Den Norske Turistforening gjennom 125 år. Utgitt av Den Norske Turistforening


Da kvinnene erobret fjellet, frå DNT si årbok for 2017. 


Biografi om Nikka Vonen, Allkunne.no


Norsk biografisk leksikon, Nikka Vonen


Kvale, Anne Johanne, 1969. «Skrivande kvinner – om og frå Sunnfjord», I: Jul i Sunnfjord. Førde : Sunnfjord sogelag.


Kvale, Anne Johanne, 1973. «Nikka Vonen : ei føregangskvinne frå Sunnfjord», I: Jul i Sunnfjord. Førde : Sunnfjord sogelag.


Melvær, Randi, 1999. «Klipp frå Norsk Folkeminnesamling – Nikka Vonen», i Kjelda, nr. 3. Leikanger, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.


Bjørhusdal, Eli, 2006. «Nikka Vonen og målsaka», I: Fjaler. [Dale : Fjaler sogelag].


Bjørhusdal, Eli. «Bygdefeminisme for stemmerett», I: Firda, 09.03. 2013.


Hekneby, Greta. Folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne. Førde, Selja forlag, 2010. 288 s.

PERMANENT IDENTIFIKATOR