Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 05. mai 2020

Sist oppdatert 05. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Audhild Viken – pioner for marknadsføring og omsetnad av husflidsvarer



Audhild Viken (1915-2000) ville ta vare på det tradisjonelle i ei tid då mange vende ryggen til dei norske husflidstradisjonane. Etter kvart organiserte ho ei stort nettverk av medarbeidarar og utvikla eit salsapparat gjennom Audhild Vikens Vevstove, den største turisthandelsverksemda i Noreg.

Audhild Viken

Audhild Viken

Fotograf: Knut Uppstad/Stavanger aftenblad

Oppvekst

Audhild Viken vart født 5. juli 1915. Ho vaks opp på garden Fossheim der mor hennar, Olina Fossheim, vart kjend som ei kjelde til kunnskap om og samlar av tradisjonell klednad. Audhild fullførte folkeskulen eit år seinare enn sine jamgamle medelevar, på grunn av sjukdom. Gjennom heile barndomen vov Audhild saman med mor og bestemor si. Det var dei to ho lærte om vevekunsten og fekk dyrka interessa si.

Å gripa sjansen

I ei tid då mange vende ryggen til det tradisjonelle og til dei norske husflidstradisjonane, ville Audhild ta vare på og spreia desse. Ho starta i det små med å byte vevnad mot andre varer i Bergen. Dette fekk fleire til å forstå at husflidsvarer framleis hadde ein stor verdi.

Under krigen 1940–45 vart det god marknad for vevnader på grunn av mangel på tekstilartiklar. Like etter krigen kom andre varer som utkonkurrerte vevsakene ei tid. Tidleg i 1950-åra tok omsetnaden seg opp att. Audhild starta vevstove og etablerte firmaet Audhild Vikens Vevstove på Skei i Jølster i starten av 1947. Litt etter vart ektemaken arbeidsufør, og Viken vart eineforsørgjar av familien med mann og to søner.

Organisert produksjon og omsetnad

Med rikeleg tilgang til heimeproduserte husflidsprodukt reiste Audhild rundt med varer i kofferten. Salsturneane gjekk fyrst med rutegåande transport, med båt, til fots, på sykkel og moped, og etter kvart med bil. Dei omfatta etter kvart heile Sør-Noreg. Ofte var det slekt eller vener som tilbaud overnatting. Interessa for produkta ho baud fram var stor, og salet auka sterkt. Ho hadde ei tid over 200 deltidsengasjerte vevarar frå store delar av Sunnfjord.

For kvinnene som produserte for Audhild var dette vart ei viktig attåtinntekt. Svært mange var husmødrer som ikkje hadde arbeid utanfor heimen, og for dei var husflidsproduksjonen og inntekta kjærkomen. Audhild greidde å organisere produksjon og omsetnad slik at produksjon av husflidsvarer kunne bli ein leveveg for mange i utkant-Noreg. Ho har vore ei føregangskvinne for det som i dag er eit viktig slagord i husflidsarbeidet: «Frå tradisjon til næring».

Turisthandel

Frå 1970 fekk Audhild Vikens Vevstove fast utsal på Skei. Etter kvart tilsette ho faste medarbeidarar og måtte sjølv slutta å veve for å ta seg av drifta av firmaet, og ikkje minst val av nye mønster og fargar i produkta. Utsalet på Skei vart utvida etter kvart og trekte til seg den aukande turiststraumen i Noreg. Turisthandelen auka sterkt framover mot tusenårsskiftet. I sommarsesongen er utsalet på Skei no ein fast stoppestad for turistbussar frå mange land og turistar frå alle verdsdelar.

Fylkeskulturprisen

I 1988 fekk Audhild Viken fylkeskulturprisen. Her kan de lese grunngjevinga frå leiaren i fylkeskulturutvalet, Erland Fagermoen:

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fossheim, Kristian (14.02.2011) i Alkunne. Audhild Viken 


Fagermoen, Erland: Leiar i fylkeskulturutvalet (1988).


Ottar Starheim for Sogn og Fjordane fylkesleksikon, no Alkunne. Audhild Vikens Vevstove


Ottar Starheim for Sogn og Fjordane fylkesleksikon, no Alkunne. Vevtradisjonen i Jølster

PERMANENT IDENTIFIKATOR