Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 07. mai 2020

Sist oppdatert 07. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Randi Blehr – kvinnesakskvinne og husflidsforkjempar



Randi Marie Blehr, f. Nilsen, (1851-1928) var ein av dei store kvinnesakspionerane i Noreg. Ho arbeidde også for målsaka, husfliden, unionsoppløysinga og fredssaka. Randi Blehr knyter tydelege band mellom fylket vårt og den nasjonale kvinnerørsla i tiåra rundt 1900.

Utsnitt av portrettfoto av Randi Blehr.

Utsnitt av portrettfoto av Randi Blehr.

Eigar: Nasjonalbiblioteket

Datering: 1899

Fotograf: Selma Jacobsson

Eit radikalt og aktivt ektepar

Randi var fødd i Bergen. Ho hadde ikkje utdanning, men sysla med teikning, teater og song og vart tidleg med i Vestmannalaget. Ho gifta seg med Otto Blehr (1847-1927) og flytta fyrst til Nordfjordeid. I 1877 flytta dei til Lærdal, der mannen vart overrettssakførar. Otto Blehr starta og redigerte venstreavisa Sogns Tidende i Lærdal. Han var ordførar i åra 1882-88, stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt 1883-88 og vart seinare statsråd og statsminister både i Stockholm og i Oslo.

Noregs fyrste vevskule – i Lærdal

Randi Blehr var ivrig kvinnesakskvinne. Kvinnene, ikkje minst dei ugifte, måtte bli økonomisk sjølvstendige, meinte ho. Med dei nasjonale strøymingane sist på 1800-talet voks interessa for norsk husflid, og her såg Randi Blehr ein sjanse: – Hvad kan der ikke gjøres av ulden? Aaklederne kan blive en gangbar vare, skreiv ho i Sogns Tidende. I 1889 arrangerte ho ein tremånaders vevskule i Lærdal med heile 47 elevar, flest frå Indre Sogn, men også byfruer og kjende biletveversker som Frida Hansen. Kjerstina Vangsnes, fødd Hauglum, frå Fresvik underviste. Ho hadde teke opp att den gamle biletvevteknikken som var i ferd med å døy ut. Kurset vart ikkje berre viktig for å gjenreisa den gamle ruteveven og gje inspirasjon til ein ny næringsveg for mange kvinner i Sogn, men også biletvevkunsten allment.

Kvinnesak, unionsoppløysing og fredsarbeid.

I Kristiania vart Randi Blehr ei aktiv organisasjonskvinne. Ho deltok i stiftinga av Norsk Kvinnesaksforening i 1884 og var formann 1895-99 og 1903-1922. Ho var med og starta Kvinnestemmerettsforeningen i 1885, Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896 og Norsk Kvinnesaksforenings Fagskole i huslig økonomi i 1899. I 1905 tok ho initiativ til ein landsomfattande aksjon der heile 565 kvinneforeiningar vende seg til Storting og regjering og kravde unionsoppløysing og kvinneleg stemmerett. Ho var også aktiv i fredsrørsla og vart leiar i Norske Kvinners Fredsforbund i 1903.

Kvinnene, kulturen og nasjonsbygginga

Randi Blehr høyrde til i krinsen rundt Hulda Garborg, og la vekt på kvinnene si rolle i nasjonsbygginga og i kampen for norsk kultur. Ho heldt føredrag om norsk vevnad, og i lag med Hulda song ho folkeviser, dansa og kjempa for eit nynorsk teater. Randi Blehr fekk i 1921 kongens fortenestemedalje i gull.

Brev frå Ibsen

Til: RANDI BLEHR – Kristiania 31. mai 1898

Kjære Fru Statsminister Blehr
Maa det herigjennem være mig tilladt at frembære for Norsk Kvindesagsforening min varmeste Taksigelse for den overordentlig smukke og stemningsfulde Fest, hvormed Foreningen har glædet og hædret mig. Festaftenen og det venlige Sindelag, hvoraf den er fremgaaet, vil altid forblive mig i lys og levende Erindring.

Deres ærbødigst forbundne
Henrik Ibsen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Moksnes, Aslaug. Norsk biografisk leksikon / Store norske leksikon


Fuglum, Per. Norsk biografisk leksikon / Store norske leksikon


Solberg, Aud Ross: Vevkunst på oppstadvev. Årbok for Sogn 1997


Ottar Starheim for Sogn og Fjordane Fylkesleksikon, no Allkunne. Vevkurset som berga norsk vevkunst.


Henrik Ibsens Skrifter, UiO (1898) 


Kåre Hovland og Alfred Espe: Lærdal Bygdebok IV. Lærdal kommunem 2001


Jon Laberg: Lærdal og Borgund – bygd og ætter. 1938.


Blom og Sogner (red.). Med kjønsperspektiv på norsk historie. 1999


Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg. 2011

PERMANENT IDENTIFIKATOR