Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 15. juni 2020

Sist oppdatert 15. juni 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Bolette C. Pavels Larsen – forfattar, kritikar og målkvinne



Bolette Christine Pavels Larsen (1847-1904) var fødd inn i ein embetsmannsfamilie i Sogndal. Bolette var forfattar, omsetjar og litteraturkritikar i Bergens Tidende, og ho var ein sentral aktør i det litterære feltet frå 1880-åra til over hundreårsskiftet. Ho var den første forfattaren med utgjevingar på sognedialekt og soleis på landsmål i fylket. Ho gav også ut bøker på riksmål.

Bolette C. Pavels Larsen kjem med mange vittige historier  i boka Smaoe Skjerldringa

Bolette C. Pavels Larsen kjem med mange vittige historier i boka Smaoe Skjerldringa

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fotograf: Ukjend.

Kort om livet hennar

Bolette Christine Pavels Lund vart født 18. oktober 1847 i Sogndal. Foreldra var prokurator Jonas Lund (1801–71) og Inger Marie Munthe (1802–86). Inger Marie kom frå Munthe-slekta frå Hafslo, og var i slekt med blant anna målar Gerhard Munthe (1849-1929) og lærar og forfattar Margrethe Munthe (1860-1931). Bolette var yngst av sju søsken og budde på Kjørnes i Sogndal fram til slutten av 1860-talet. Då flytta dei til Bergen. Ho levde dei fleste åra av sitt liv i Bergen.

I 1874 vart Bolette gift med Ole Johan Larsen (1845-1928) frå Gloppen. Dei fekk ingen born. Heimgarden til Bolette i Kroken i Luster kommune vart til den første husmorskulen i dåverande Nordre Bergenhus amt etter sal i 1884. Det er reist ein minnestein over Bolette i Fjærland i Sogndal kommune. Ole Johan Larsen donerte bøker til Bergen Museum frå samlinga deira. Ho døydde 8. desember 1904 i Bergen.

Utgjevingar

Bolette omsette i 1888 tekstar frå skånsk til sogne-dialekt og fekk dei publisert. I 1897 gav ho ut forteljingar på sognemål. Forteljingane kom same året ut på dansk-norsk, og fem år seinare vart andre tekstar av Bolette gjevne ut på riksmål. Arne Garborg rosa forteljingane hennar som var skrivne på sognamål, og som kom ut i serien Små-stubbar, publisert av naustedølen Mons Litleré i 1886. Ifølgje Sigrid Bø Grønstøl skriv Bolette Pavels Larsen «med lett humor og mild ironi […]; ho snur på samfunnshierarkiet».  

Målkvinne

I Bergens Tidende fungerte ho som hovudkritikar frå 1884, og melde bøker frå heile Norden – med eit ekstra vake auge på dei frå Sverige. Bolette var også svært interessert i litteratur på nynorsk, og fungerte som formidlar av bøker på landsmål av ukjente forfattarar. Ho var ein støttespelar for Mons Litleré når det gjaldt drifta av nynorskforlaget han eigde.  Bolette var medlem av Vestmannalaget, ein landsdekkande landsmålorganisasjon med base i Bergen.

Kontakt med kjende forfattarar

Bolette hadde eit finmaska kontaktnett til andre forfattarar og litteraturkritikarar: Arne og Hulda Garborg, Knut Hamsun, Hans E. Kinck, Werner von Heidenstam frå Sverige, Hans Seland, Jens Tvedt og dei danske brørne Edvard og Georg Brandes. Ho var i kontakt via brev med August Strindberg, verdskjend svensk dramatikar og forfattar, og fekk løyve til å omsetje og trykkje eit skodespel som føljetong i Bergens Tidende i mars 1883. Universitetsbiblioteket i Bergen oppbevarer manuskript (oversikt) av Bolette.

I 1888 sendte Bolette brev til Ivar Aasen der ho hadde lagt ved boka Staaveprat, som ho hadde omsett det same året. Ho ba om å få Aasen sine synspunkt på utgjevinga. I dagboka hans frå 24. november 1888, kan ein sjå at han noterte at brevet var mottatt.  

Bibliografi 

Larsen, B. (1891). Sognablo'. I M. Litleré (Red.), Smaastubbar: sjuande samling (s. 5-19). Bergen: Mons Litleré. 
Larsen, B. (1892). Tyrihans.
Larsen, B. (1894). En Dissonants. Juleaften.
Larsen, B. Da skal bli krig no. Syn og Segn. [1894 eller 1895].
Larsen, B. (1896). Brorsfolk. Syn og Segn, s.283-284.
Larsen, B. (1897). Smaoe skjeldringa. Kristiania : Aschehoug forlag. 
Larsen, B. (1902). Kløver og klunger. Kristiania : Aschehoug forlag.
Larsen, B. (1902). Gamle Lasse. Syn og Segn, s.260-263.Larsen, B. (1902). Samtiden.
Larsen, B. (1980). [Innleiing], Velsignelse. I I.L. Breivik, K. Bråtveit, A.M. Midtbø, A. Nyrnes, I. Stegane & H. Thorsen (Red.), Kvinner i nynorsk prosa (s.31-39). Oslo, Samlaget.
Larsen, B. (1996). Sognablo. Årbok for Sogn (42), s. 88-91.
Larsen, B. (2008). Husmandsbørnene. Kjelda (nr. 3), s. 29-30.
Larsen, B. Unglyden

Omsetjingar gjort av Bolette 

Aho, J. (1889). Skildringer fra Finland. Bergen: Mons Litlerés forlag.
Heidenstam, von W. (1890a). Fra Col di Tenda til Bloksbjerg: Reiseskitser. Bergen: Beyer.
Heidenstam, von W., Levertin, O. (1890b). Pepitas bryllup: en litteraturanmeldelse. Bergen: Beyer.
Wernér, H. (1888).  Staaveprat: ette' Henrik Wraner; fritt omarbeidd pao sognamaol ao Bolette C. Pavels Larsen. Bergen: Mons Litlerés forlag.
Mörner, B. (1893). Salig Baronessen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aftenposten. (1892). Hvad skal man unde sig selv og sine venner til jul (14.12)


Bolette Christine Pavels Larsen. i Alkunne (2009). 


Bjørkum, A., Bondevik, J. (1978). TIDSSKRIFT. nummer 26 : dikting og diktarar frå Sogn. Førde : Historielaget i Sogn.


Bolette C. Pavels Larsen. Aasentunet.no, u.å. 


Grønstøl, S. (2006). Vestlandslitteraturen. I Helle, K., Grepstad, O., Lillehammer, A. & Tryti, A.E. (Red.), Vestlandets historie. Vigmostad & Bjørke : Bergen.


Stegane, I. (1983). Mons Litlerés forlag : eit pionertiltak i nynorsk forlagsdrift. Oslo : Samlaget.


Gjersdal, A. (2013). Velkommen, Deres Majestet, til mitt rike!. Bibliotekforum, 37 (1), s.34-[36]. 


Bolette C. Pavels Larsen. i Store norske leksikon


Et brev fra Bolette Larsen om en Bog: "Staaveprat". Ivar Aasen: brev og dagbøker: band 3. dagbøker 1830-1896, ved Reidar Djupedal. Oslo: Samlaget, 1960. s. 384


Brev til Ivar Aasen 21. november 1888. 


Larsen, B. (1891). Sognablo´. I M. Litleré (Red.), Smaastubbar : sjuande samling (s.5-19). Bergen:utgjevi av Mons Litleré.


Larsen, B. (1897). Smaoe skjeldringa. Kristiania: Aschehoug forlag.


Larsen, B. (1902). Kløver og klunger. Kristiania : Aschehoug forlag.


Larsen, B. (1980). [Innleiing], Velsignelse. I I.L. Breivik, K. Bråtveit, A.M. Midtbø, A. Nyrnes, I. Stegane & H. Thorsen (Red.), Kvinner i nynorsk prosa (s.31-39). Oslo : Samlaget.


Vigmostad & Bjørke, 2006. Vestlandets historie, bind 3, s. 214.

PERMANENT IDENTIFIKATOR