Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 04. februar 2020

Sist oppdatert 19. februar 2020

Rå-data

Sara Cold Frimann- godhjarta presteenkje



Sara Cold (1714-1800) vart fødd på Romedal i Hedmark, og vart etter kvart prestefrue i Selje. Etter 14 år i ekteskapet vart ho enkje. Trass den vanskelege økonomiske situasjonen det var å vere enkje, klarte ho å kosta utdanning på alle dei fire sønene sine.

Hove har vore prestegard i Selje sidan reformasjonen (1536).

Hove har vore prestegard i Selje sidan reformasjonen (1536).

Eigar: I Norsk Folkeblad 18. april 1868.

Datering: 1868.

Fotograf: Teiknar: Ukjend.

Prostedotter


Sara vart fødd i Romedal, ei bygd sør i Hedmark. Ho var dotter av presten Isaac Cold og hans andre kone Mette Larsdatter Sleichar. Faren var sjølv son av presten i Øyer og av god familie. Isaac var først gift med Mette Nielsdatter Hover, som hadde fire barn frå tidlegare eksteskap. Arven etter henne var stor, og Isaac vart ein halden mann då ho døde i 1701.

Mor til Sara var stedotter til broren til Isaac. Dei gifta seg i 1702 og fekk tre barn saman. Sara hadde i alt ni søsken. Brørne fekk alle god utdanning, og den eldste, Jakob Cold, vart ein namngjeten prest i Kristiania. Jentene fekk ikkje utdanning, men Sara hadde god tilgang på bøker i oppveksten og kan ha lese mykje. Ho fekk også lære å veve og gjere ulike formar for handarbeid.

Far til Sara vart prost for Øvre Romerike i 1724, og familien flytta til Nannestad. Det var der Sara møtte Peder Harboe Frimann.

Prestefrue

Sara vart trulova med Peder Harboe Frimann frå Selje medan han var kapellan på Nannestad. Dei gifta seg i 1745 og flytta til prestegarden i Selje. Mor til Peder, Anna Harboe Frimann, budde i lag med dei på prestegarden.

Då dei kom til Selje som nygifte, sette dei i gong med både fattigstell og skule. Sara held kurs i handarbeid for unge kvinner.

Sara og Peder fekk sju søner, men berre fire vaks opp. I kyrkjeboka frå Selje 1745 – 1750 er meir enn halvparten av dei døde spedbarn. Peder har ringa inn både dåpsdagane og gravferdsnotisane for barna sine, og han skreiv ned nøyaktig kor gamle dei vart. Det må ha vore tungt for både mor og far.

Tidleg enkje

Peder døydde i 1759, og Sara sat att med fire søner. På den tida var det vanleg at enkjene gifte seg opp att etter kort tid. Sara valde å vere eineforsørgjar. Ho fekk ein stor arv etter Peder, og ho var ikkje nøydd å gifte seg opp att av økonomiske årsaker slik mange enkjer var. Ho hadde eit hus i lag med svigermora på prestegarden, eigde delar av andre gardar og hadde eigen fiskebåt og notbruk. Som presteenkje fekk ho 30 riksdaler i året, samtidig som Peder hadde sett av pengar i ei enkje-pensjonskasse, som årleg gav ho 30 riksdaler til.

Sjølv om arven var god, kravde det mykje arbeid å følgje den opp. Den eldste sonen Claus var 13 år då faren gjekk bort, og han fekk lære å føre rekneskap. I tillegg deltok han i det praktiske arbeidet. Sara var dyktig og nøysam i hushaldet. Ho fann også tid til å veve og farge tøy for sal. På tross av streng økonomi fekk alle dei fire sønene utdanning.

Svigermora Anna skal ha støtta opp om svigerdottera og barnebarna. Dei fekk også sin del av arven etter henne i 1769. Svoger til Sara, Wilhelm Frimann, fekk ingen eigne barn, men hjelpte til med brorsønene ved at dei fekk bu hos han i periodar og hjelpte til med utdanninga deira.

Klok kone

Sara vart kjend for å vere raus og godhjarta, og for å vere lækjarkunnig. Mange sjuke og fattige søkte råd hjå henne, og ho hjelpte dei etter beste evne med mat og medisinar. Truleg hadde Sara kontakt med ein autorisert lege som sende ho medikament. Etter at sonen Johan vart ferdig utdanna lege, skreiv ho til han etter medisinar. Johan må ha stolt på diagnosane hennar for han sende medisinane ho ville ha. Sara stelte vel i huset, og hygienen var betre hos henne enn hos mange sambygdingar på den tida. God hygiene kan ha ført til at folk ho pleia vart fortare og oftare friske.

Andre måtar ho fekk økonomien til å gå rundt var at ho, til liks med svigermora, heldt ein fiskebåt med mannskap og eige notbruk. Og fekk dermed inntekter frå både torske- og sildefiske. Det ryktast at det var godt torskefiske i Skårfjorden desse åra.

Dikterinde

Sonen Claus Frimann ga Sara tittelen «Dikterinde» då han averterte dødsfallet i Bergens Adresse-Contoirs Efterretninger 21. februar 1800. Ho hadde sans for poesi og skreiv sjølv dikt. Det er berre to små vers att av det Sara dikta. Ho inspirerte gjerne sønene Claus og Peter som begge skreiv dikt og songar.

Sønene

Dei to eldste sønene vart prestar som faren. Claus Frimann var prest på Davik og kjend for sine jordnære og folkelege dikt og songar. Isaach Severin Frimann var prest i Namdal. Den tredje i rekka, Johan Cold Frimann, vart lege og busette seg i Trondheim. Den yngste, Peder Harboe Frimann, gjorde karriere innan utanrikstenesta og diplomatiet, og budde i København. Han skreiv også nokre dikt.

Alle sønene held kontakt med mora i vaksen alder.

Kvifor vart Sara ei berømt fruentimmer?

Sokneprest i Middelfart, Henrik J. Birch, lagde ei bok om fruentimmer på slutten av 1700-talet. Korleis vart Sara i Selje ein del av galleriet av fruentimmer, er ikkje godt å vite. Sara hadde same skjebne som fleire andre enkjer i distriktet, og var såleis ikkje unik. Å sitje med jordegods, fiskebåt og notbruk for ei einsleg kvinne var vanleg. Men livet til Sara var innhaldsrikt, ho var ei driftig dame, kom frå ein god familie og var mor til søner som gjorde det bra i livet. Ho satt sitt preg på samtida si. 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Edvard Os (1957); Bygdebok for Selje og Vågøy, Forenede Trykkerier Oslo


H. J. Birch (1793). Billedgallerie for Fruentimmer. Indeholdende Levnetsbeskrivelser over berømte og lærde danske, norske og udenlandske Fruentimmere. Første del.


Støylen, Kaare (1955) Claus Frimann, Almuens Sanger 1746-1829


Ministerialbok for Nannestad 1739 – 1754


Geistlig skifteprotokoll Nedre Romerike prosti 1719 – 1751


Ministerialbok for Selje 1743 – 1759

PERMANENT IDENTIFIKATOR