Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 13. mai 2020

Sist oppdatert 26. mai 2020

Kategori

Rå-data

Malene Sandved – den fyrste styraren ved husmorskulen i Stryn



Malene Sandved var den første styraren ved husmorskulen i Stryn. Ho var føregangskvinne for eit godt og sunt kosthald i heimen, og heldt mange frukt- og grønsakskurs omkring i fylket.

Malene Sandved med sine barn.

Malene Sandved med sine barn.

Fotograf: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Prestefrue og mor

Hanna Malene Aasland (1867-1948) var fødd på Jæren. Ho var datter av Marta Maria Ingebretsdatter (1840-1915) og Stoffer Christoffersen Aasland (1824-1888). Stoffer var med i kommunalt arbeid, 4 år som ordførar. Han var og styrar av den praktiske jenteskulen på Aasland, Stavanger Amts jenteskule. Marta Maria var husmor ved jenteskulen, og ho var kjend som "Mor Aasland" over heile Jæren. Malene vart med andre ord tidleg presentert for drift av ein jenteskule gjennom foreldrene sine. 

Malene gifte seg med sokneprest Samuel Pedersen Sandved i 1889 og saman flytta dei til Årdal på 1890-talet. I 1908 døydde Samuel brått, og fru Sandved sat åleine med ein stor barneflokk. Barna var mellom 3 og 18 år.   

Ei «velskikka styrarinde»

I fleire år hadde Malene allereie halde kurs i «frugt og grønsakers anvendelse» i regi av Landbrukslaget. Til dømes held ho eit foredrag om «Hvad der kan gjøres for unge kvinders utdannelse til dyktige husmødrer» på årsmøtet til Nordre Bergenhus Landbrukslag i 1911.

Dette la grunnlaget for yrkeskarrieren hennar som styrar ved husmorskulen i Stryn. Husmorskulen kom i gang i 1913 med Malene Sandved som fyrste styrar. Ho var allereie «kjendt som en særdeles dygtig husmor med betydelig anseelse inden amtet», og vart vurdert som ei «velskikka styrarinde». Den eldste dottera hennar, Serina Sandved, som var 23 år då, vart tilsett som lærarinne.

Undervisninga gjekk over 5 månader og skulle gjere dei unge jentene til dyktige husmødrer. Av elevane var fru Sandved omtykt og respektert, og dei vart glad i henne. På si side tykte styrarinna også om elevane. I årsmeldinga skreiv ho: «Elevenes opførsel og forhold var under hele kurset det allerbedste.».

Frukt og grønsakskurs

Malene Sandved var styrarinne på husmorskulen fram til 1919. Kvar haust hadde ho 6 kurs i frukt og grønsaker rundt omkring i amtet i tillegg til husmorskulen. Etter at ho sa opp som styrarinne, hadde ho fast stilling i 6 månadar kvart år som vandrelærarinne i husstell for Landbrukslaget. I 1924 vart det 8 månadar i året. Dette gjorde ho heilt til i 1928 og vart sagt opp fordi fylkestinget strauk løyvinga for desse kursa. Ho hadde då etterlete seg mange gode minne frå sitt arbeid i fylket.

kjelder:

Kongsvik, Åse og Støfringsdal (2002), Kari; Alle tiders Fjordamat – til høgtider og merkedagar. Selja Forlag


Loftesnes, Gudrun F. (1983) På husmorskulen i Stryn i 1932. So han sa…2007 s. 80-81


Sæbø, A. I. (1998) Husstellfagskulen i Kroken 1897 – 1957. Pridlao nr. 2 / 1998 s. 64-65


Vanberg, Rune (u.å.) II Husmorskulen i Stryn gjennom 75 år 1913 – 1988.


Lunde, Jens (1957) Sogn og Fjordane Landbruksselskap 100 år. (Nordre Bergenhus amts landhusholdningsselskap) 1857-1957.  


Ottar Starheim for NRK fylkesleksikon Sogn og Fjordane, no i Allkunne. Husmorsklen i Stryn


Ottar Starheim for NRK fylkesleksikon Sogn og Fjordane, no i Allkunne. Skular i Stryn


Ottar Starheim for NRK fylkesleksikon Sogn og Fjordane, no i Allkunne. Hagebrukshistoria i Sogn og Fjordane


Folketeljing for 1910, Askøy herred


Jærmuseet på Digtialt museum. Bildetekst på familiefotografi

PERMANENT IDENTIFIKATOR