Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 03. mars 2020

Sist oppdatert 03. mars 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Margaret Sophia Green Kvikne



Margaret Sophia Green Kvikne (1850-1894) var frå England, og dotter av ein prest. I 1888 klatra ho som første kvinne på Store Styggedalstind. Seinare gifta ho seg i Balestrand og vart initiativtakar til St. Olafs kyrkje - Engelskkyrkja.

Margaret Sophia Green Kvikne

Margaret Sophia Green Kvikne

Eigar: Anna Holen

Datering: 1860-1890

Fotograf: Ukjend/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Margaret var dotter av ein prest, og det var få som såg for seg at ho skulle få eit liv der ho var hotellvertinne, kvinneleg pioner innan fjellklatring og initiativtakar til ei kyrkje i Balestrand.

Oppvekst

Margaret var født 31. desember 1850 i nærleiken av Leeds. Far hennar var prest Valentine Green og mor hennar heitte Sophia. Frå første ekteskap hadde far til Margaret fire barn: Valentine, Emily, Elizabeth og Thomas Hill. Seinare fekk Margaret tre søsken til: Robert Valentine, Catherine Georgiane og Arthur Valentine.

Far til Margaret døde i 1873. Saman med tre av søstrene flytta Margaret til Leicester.  

Uredd klatrar

Margaret hadde allereie brei klatreerfaring då ho første gong kom til Noreg i 1886. Då hadde ho allereie klatra i Alpane både i Tyrol og ved Innsbruck. I Noreg vart ho den andre kvinna til å stå på toppen av Romsdalshorn. Det året gjekk ho turar i Hardanger og Geiranger.

Då ho var på sitt andre noregsbesøk i 1888 planla ho å klatre til topps på Store Skagastølstind. Planane vart øydelagde av dårleg vêr, men Margaret gav seg ikkje likevel. I staden for klatra ho opp på Store Styggedalstind frå Vormelid i Utladalen ved Vetti, og vidare ned til Gjertvassbreen. Ingen hadde gått den løypa tidlegare, og Margaret vart den første kvinna på toppen av Styggedalstind.

Veka etterpå var målet Riingstind. Planen var å krysse Riingsbreen i måneskin saman med Torgeir Sulheim og Christopher Juraas for å sjå soloppgangen frå toppen. Nok ein gong vart ho stoppa av dårleg vêr, og ruta vart lagt om til den enklare toppen Store Soleibotntind. Dette må likevel reknast som litt av ei bragd, då toppen ligg på over to tusen meters høgde og klatrekleda for kvinner på denne tida besto av skjørt.

Same året vart ho første kvinne til å skrive i Den Norske Turistforenings årbok. Teksten «A Visit to the Hurungtinder i 1888» skildrar turen til Store Soleibotntind, og det mislykka forsøket om å vere første kvinne på Store Skagastølstinden.

Frå fjellklatring til kyrkjebygging

I tillegg til å vere første kvinne på Styggedalstind i 1888, var ho innom Balestrand. Her trefte ho hotelleigar og fjellførar Knut Kvikne, og dei vart raskt eit par. Ho kom tilbake til Balestrand sommaren etter, og i 1890 gifta dei seg på Kviknes Hotel.

Margaret fekk ikkje mange åra saman med Knut. Kort tid etter bryllaupet fekk ho tuberkulose, og i 1894 døydde ho etter eit lengre sjukeleie. Margaret hadde alltid hatt ei interesse for kyrkjer, og før ho døydde ønska ho seg at Knut skulle byggje ei ny kyrkje i Balestrand. Ho var veldig fasinert av dei gamle, norske stavkyrkjene, og ville gjerne at han skulle byggje ei engelsk kyrkje i same stilen. Margaret hadde allereie starta innsamling av pengane til bygginga. Knut sette straks i gong prosessen med å få kyrkja reist, og berre tre år etter Margarets død vart kyrkja vigsla. Kyrkja vert i dag kalla Engelskkyrkja, og står som eit flott minne om ei uvanleg kvinne.

Svart/kvitt-bilete av eit par sittande på kvar sin stol bak eit bord

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Allkunne: St. Olafs kyrkje


Allkunne: Margaret Sophia Green Kvikne


Aaraas, Margrethe Henden; Djupedal, Torkjell; Vengen, Sigurd; Forsund, Finn Borgen, På kyrkjeferd i Sogn og Fjordande – 2. Sogn, Selja Forlag, Førde, 2000


Vibe, Anne Mette: Therese Bertheau – Tindestigerske og Lærerinde


Rode, John (2012): From Birkin to Balestrand


Forteljinga om turen Margaret hadde i 1888 i Den norske turistforenings årbok frå 1888:


Knut Bry (2011): Balestrand 

PERMANENT IDENTIFIKATOR