Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 24. april 2020

Sist oppdatert 24. april 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Marte i Movika - husmannskone og byamme



Marte og mannen Nils var dei siste husmennene i Movika. Ein kan sjå husmannsplassen dei budde på ved Sunnfjord museum enda. Rett etter dei vart gifte reiste Marte frå mann og barn til Bergen for å tene pengar som våtamme.

Portrettfoto av Marte Moviken

Portrettfoto av Marte Moviken

Eigar: Sunnfjord Museum

Fotograf: Brødrene Larm.

Marte Kristiansdatter Høgset vart født i 1814. Ho gifta seg i 1844 med husmannssonen Nils Mortensen (f.1817) i Movika (der Sunnfjord Museum ligg i dag). Marte og Nils hadde arbeidd saman i mange år på odels- og ættegarden Mo før dei gifta seg.

Til Bergen som amme

Same året, som dei gifta seg, fekk dei sonen Kristian. Sidan Marte ikkje lenger kunne arbeide på garden måtte ho få inntekt frå ein anna stad. På midten av 1800-talet var det ikkje uvanleg at unge, fattige sunnfjordkoner drog til Bergen og livnærte seg som ammer for rikmannsborn, der mora sjølv ikkje ville eller kunne amma borna sine. Dette blei også inntektskjelda for Marte. Ho reiste frå mann og barn, og vart amme hjå ein borgarfamile. Først var ho våtamme, og seinare var ho tørramme eller barnepike.

Ein kan finne Kristian i protokollane som døypt i Førde same året som han vart født, og han starta på omgangsskule i 1852. Kristian var 11 år då Marte kom tilbake til Movika. I 1860 vart han konfirmert. Det er mest truleg at han flytta til Bergen som vaksen og gifta seg i 1873 med pike Marte Andersson Nedrebø. 

Usynlege, men synlege

Ammene var eit vanleg syn i Bergen sin gater. Sosiologen Eilert Sundt skreiv om ammene:

Hvor man ser sig om på byens gader, ser man disse Søndfjords-ammer med småbørn på armene; jeg synes jeg kjender dem – ikke alene på de sorte huer med fine hvide kanter, men også på deres stilfærdige og troværdige væsen.

Dette er nok ei presis skildring av konene som kom frå: dei kledde seg som dei ville gjort ein søndag heime for å ikkje stikke seg fram. Av same grunn vart dei synlege i bybildet då klesstilen i byen utvikla seg raskare enn på bygdene.

Heimatt med nye skikkar

Marte kom tilbake til Movika etter 11 år i Bergen. Vel heime leigde ho og Nils same plassen som foreldra til Nils hadde budd. Dei flytta huset nærmare vegen og bygde på. Seinare bygde dei også ei seter og hadde budeie.

Det er nok ikkje så usannsynleg at ho tok med seg heim nokre nye skikkar frå byen. Det vart fortalt i bygda at ho var den fyrste som hadde potteplantar i glaskarmen.

Tok arbeid på futegarden

I nærleiken av Movika låg futegarden Bruland. Der var det tett mellom fine selskap og store festar. Det var dermed behov for tenestefolk. Kompetansen Marte hadde med seg frå byen var nyttig og flittig brukt på futegarden. Truleg var ho ein trufast hjelpar der. I følge privatarkivet etter Blehr vart Marte godt kjend med futen si kone, stemmerettsforkjemparen Randi Blehr og niesa hennar, pianisten og forfattarinna Dagny Juel. Vi kan rekne med at Marte også fekk høyrde noko om kvinnesak då ho arbeidde for desse to!

Fattigmannssoga

Både Nils og Marte var sparsommelege, men ikkje smålege. Martinius K. Kuslid kalla historia om Nils og Marte for «Fattigmannssoga» då han skreiv om dei i «Jul i Sunnfjord» i 1934. Og i følgje Kuslid var bustad, og tilhøyrande, verdt 12 000 kr etter at dei døde. Nils var kjend for sin arbeidslyst og -innsats, og med Marte sitt bidrag, fekk dei til mykje med det dei hadde! Nils døde i 1903, og Marte døde i 1905. Etter at dei døde, budde slektningen til Marte, Ane, i huset fram til krigen. Nokre kalla også huset for «Ane-stova».

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Martinius K. Kuslid: Fattigannssoga. Nils og Marte Movik. Jul i Sunnfjord 1934.


Asbjørn Tyssen: Sunnfjord Museum. Husmannsplassen. Jul i Sunnfjord 1994.


Riksarkivet. Privatarkiv 233 Blehr.


Eilert Sundt: Om sædelighedstilstanden i Norge II. Utgåve Oslo 1968

PERMANENT IDENTIFIKATOR