Kulturhistorisk leksikon

Historisk hending (12)

  • Eksersisplassen på Nordfjordeid

    Eksersisplassen på garden Osnes på Nordfjordeid var i bruk omtrent 300 år, frå ca. 1650 til 1976. Eid kommune inngjekk då makebyte med Forsvaret, som fekk tomt til Firda kaserne i staden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Siste avrettinga i midtre Sogn

    Laurdag 5. april 1845 kl. 10.00 på førmiddagen fann den siste halshogginga i midtre Sogn stad, i Fresvik. Det var Ingeborg Olsdotter Grønlien som vart avretta for å ha drepe far sin.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Sjørøvarsaka i Utvær 1667

    Sommaren 1666 pressa ein engelsk kaper nokre fiskarar til å lose seg inn til Utvær der kapellet vart plyndra. Saka mot fiskarane kom opp på hausttinget 1667 og dommen fekk tunge konsekvensar for dei.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Den fyrste bilen gjennom Lærdal

    "Her passerte den første automobilturist i Norge, nederlenderen Beduin, på sin vei fra Kristiania til Lærdal i august 1901", lyder teksten på ein minnestein ved Husum i Lærdal. Steinen vart oppsett i 1976 under eit veteranvognløp til minne om denne fyrste bilturen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Gåtefullt gravfunn ved Guddal kyrkje

    Den 18. august 1928 hadde avisa Firda eit stykke om eit merkeleg gravfunn ved kyrkja i Guddal - "for ca. 20 år siden". Folk hadde kome over ei mengd likkister i ei myr, men det hadde vore ei gåte kva slags graver det var. Det er det framleis.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Fjaler
  • Gaularfjellsvegen opna

    Vegen over Gaularfjellet var ferdig ein av dei første dagane i desember 1938, etter tre års arbeid. Men vegopninga hang i ein tunn tråd. På fjellet rasa det storm som la snøen i store skavlar. Brøytebilane braut saman, men korkje vegkontoret eller mannskapet gav opp.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Balestrand
  • Fyrste fiskeslepp i Svartavatnet

    Svartavatnet på 1047 moh ligg på vestsida av Henjadalen opp under Kjeringafjellet. Vatnet har utløp til Skuleåni som renn ned Skuledalen til Henjaelvi ved Fivelhola. Det har vore fisk i Svartavatnet sidan 1940. Ein laurdag seint på sommaren det året sleppte Tryggve Rishovd og Andreas Gåserud femti fiskar i vatnet. I 2005 fortalde Rishovd om fiskesleppet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Kapitulasjonen i Sogn og Fjordane 1. mai 1940

    «Kommandøren», «Lærdal» og 40 motorbåtar dagen etter. Det var eitt av krava Sogn og Fjordane sin representant fekk på bordet hjå den tyske generalen Engelbrecht i Lærdal, onsdag 1. mai 1940. Dei norske styrkane i Valdres hadde innstilt kampane dagen før, og 1. mai, kl. 05.00 var ordren at forsvar av Sogn og Fjordane var nytteslaust. Einar Svartefoss fortel om kapitulasjonen i boka «5-årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-45». Hovudkjelda hans er ein rapport av politimeister Finn Dahlin.

  • Snørydding på Strynefjellsvegen og tysk panikk

    Det engelske åtaket på Måløy 3. juledag 1941 skapte full panikk i den tyske leiren og førte til at tyskarane ville opna Strynefjellet, slik at dei kunne trekkja seg tilbake landevegen. Men dei hadde ikkje rekna med det norske høgfjellet vinters tid.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Storkastet på Hovdevågen 1950

    «Eit storsteng på 80 000 hektoliter på vestre Hovdevåg», melde Florø-avisa Firda Folkeblad måndag 8. februar 1950. «..eitt av dei aller største sildekasta som har vore gjort her i distriktet gjennom tidene.», skriv Malvin Toft nesten 50 år etter i ein artikkel i Firdaposten. Artikkelen er her attgjeven noko avkorta, med andre mellomtitlar, nokre forklarande innskot, to merknader og fleire illustrasjonar.

  • Om Skotteferda 1612

    Onsdag 26. august 1612 stod Slaget ved Kringen i Gudbrandsdalen. Bønder ”fra Vaage, Lessøe og Lom” knuste eit skotsk ekspedisjonskorps av leigesoldatar på veg til Sverige. Hendinga hadde stor plass i Noregssoga i meir enn 350 år. Til 300 årsmarkeringa i 1912 skreiv oberst Henrik Angell, fødd i Luster, boka "Skotteferdi. Eit 300-aarsminne".

  • Frigjeringsdagen, 8. mai - offisiell flaggdag

    8. mai 2007 hadde Trude Bakke i NRK-Sogn og Fjordane eit programinnslag om flagging på frigjeringsdagen. "- Flaggdagen 8. mai skal markere dagen då Noreg vart fri etter fem år i krig mot nazistane. Men å finne fram flagget, har gått i gløymeboka hjå mange (...)", var konklusjonen.