Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. desember 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fyrste fiskeslepp i Svartavatnet



Svartavatnet på 1047 moh ligg på vestsida av Henjadalen opp under Kjeringafjellet. Vatnet har utløp til Skuleåni som renn ned Skuledalen til Henjaelvi ved Fivelhola. Det har vore fisk i Svartavatnet sidan 1940. Ein laurdag seint på sommaren det året sleppte Tryggve Rishovd og Andreas Gåserud femti fiskar i vatnet. I 2005 fortalde Rishovd om fiskesleppet.

Andreas Gåserud (biletet) og Tryggve Rishovd sette ut 50 aurar i Svartavatnet sommaren 1940.

Andreas Gåserud (biletet) og Tryggve Rishovd sette ut 50 aurar i Svartavatnet sommaren 1940.

Eigar: Tryggve Rishovd.

Datering: 1940.

Fotograf: Trygve Rishovd

Fisk frå Henjaelvi
Det var ikkje vatn med fisk i på Henjasida av Henjadalen. Folk sa det ikkje ville gå å sleppa fisk i Svartavatnet. Det låg for høgt. Tryggve Rishovd og Andreas Gåserud fann ut at dei ville prøva. Ein laurdagskveld sommaren 1940 reiste dei fram til Flya med kvar si flugetroe. Dei overnatta i Johans-selet og fiska om morgonen på strekninga Flya - Fivelhola og opp til fossen i Skuleåni.

Det var lett å få fisk og dei hadde fiskane oppi ein blekkoddel (eit spann laga av blekkplater) med fatle for å bera på ryggen. Det som var for smått, sleppte dei uti att, likeeins fiskar som var skadde av kroken. Dei starta turen til Svartavatnet med lóket på, men fann fort ut at det måtte koma luft til. To fiskar flaut opp og la seg på sida. Dei hivde dei. Vidare oppover måtte dei bera blekkkodlen mellom seg, med kvar si hand ned i halsen til loket der det var ein kant å halda tak i.

Godt råd frå dokter
På Sevi-stølen møtte dei dokter Trygve Tveit. Han kom med eit godt råd. Dei kunne bruka ein dott av blom (bregner) som "lok" så ville dei ikkje missa vatn, men samstundes få luft til fisken. Tveit vart med dei opp til vatnet. Heile turen tok to-tre timar.

Sleppte ein og ein
Fisken greidde seg godt. Berre to låg noko på sida då dei kom opp, men dei var ikkje daude. Ein for ein sleppte dei alle femti ut i vatnet. Dei la merke til noko rart. Kvar einaste fisk gjorde seg ein liten runde, men kom att der dei blei sleppte, nett som dei ikkje torde gå ut i vatnet med det same.

Seinare
Rishovd minnest dei var oppe og fiska eit par år etter, i 1942 eller -43. Dei fekk då fire-fem fiskar som kunne vera kring 200 gram. Ein gong seinare fekk han ein mykje større, men han var lang og tynn med stort hovud.
Seinare har andre sett ut fisk minst to gonger på meir moderne måte. Dei har frakta opp yngel frå klekkeri.

kjelder:

Munnlege opplysningar:
Tryggve Rishovd, Leikanger, 2005.

PERMANENT IDENTIFIKATOR