Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Siste avrettinga i midtre Sogn



Laurdag 5. april 1845 kl. 10.00 på førmiddagen fann den siste halshogginga i midtre Sogn stad, i Fresvik. Det var Ingeborg Olsdotter Grønlien som vart avretta for å ha drepe far sin.

Huset på husmannsplassen Grønli der Ingeborg Olsdotter Grønlien budde. Huset står framleis i 2000, og det vart bygt rundt 1790 då faren til Ingeborg kom til husmannsplassen. Dei to borna til Ingeborg reiste til Amerika. Familien var innflyttarar i Fresvik, og der er ingen etterkommarar. I år 2000 var det 155 år sidan avrettinga fann stad, sidan har ein slik straffemetode ikkje vore nytta.

Huset på husmannsplassen Grønli der Ingeborg Olsdotter Grønlien budde. Huset står framleis i 2000, og det vart bygt rundt 1790 då faren til Ingeborg kom til husmannsplassen. Dei to borna til Ingeborg reiste til Amerika. Familien var innflyttarar i Fresvik, og der er ingen etterkommarar. I år 2000 var det 155 år sidan avrettinga fann stad, sidan har ein slik straffemetode ikkje vore nytta.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-88003.0801.

Datering: 1940-50.

Fotograf: Ukjend.

Folka på Grønlid

Foreldra til Ingeborg heitte Anna Monsdotter og Ola Gjertson. Dei var innflyttarar frå Lindås til husmannsplassen Grønlid på Fresvikåsen. Dei fekk fire born som levde opp, men berre dottera Ingeborg var heime, og ho stod for hushaldet. Ho heldt seg fyrst med ein mann som hadde vore på "slaveriet", Peter Kristoffersen Kvall. Dei hadde to born som levde opp, Mari fødd 1828 og Mons fødd 1830. Peter reiste så frå Ingeborg, og ho slo seg i lag med ein annan lauskar, Kristen Olson Fosse.

Ville ha husmannsplassen

Mellom faren og dottera var det ofte uvenskap og tretter. Mora var død i 1840. Ingeborg ville gjerne overta husmannsplassen og gifta seg med Kristen. Men faren gjorde ikkje alvor av å seia frå seg plassen til Ingeborg.

Sjølve drapet

Ho bestemte seg då for å ta livet av faren. Fyrst prøvde ho å få borna til å drepa bestefaren medan han låg og kvilte i senga etter arbeid. Mora væpna Mari med ei klubba og Mons med ei øks, men dei greidde ikkje å utføra ugjerninga.
Dagen etter, 12. desember 1842, drap Ingeborg sjølv faren. Ho gav han to kraftige slag i hovudet medan han kvilte. Ho let liket liggja til dagen etter, då fekk ho borna med til å dra bestefaren ut i ei sval. Der vart han liggjande i 6-7 døger. Ho tok vottane til faren, staven, eit tau og ein sekk og bar det ned til sjøen innafor Simlenes. Ho gjekk så til Simlenes og fortalde at faren var bortkomen medan han var nede ved sjøen og skulle sanka skjel. Ho fekk med seg folk og leita, men dei fann berre dei tinga Ingeborg hadde lagt frå seg. Det byrja snart å gå rykte, då Ingeborg ikkje hadde noko godt ord på seg.

Brann opp liket

Ingeborg måtte kvitta seg med liket. Den 18. desember om kvelden drog ho liket inn i stova, hogg begge føtene av faren og la alt inn i røykomnen. Alt vart brent om natta. Ingeborg passa elden, og vaska klede og golvet for å få vekk alle flekker. Beina som ikkje vart oppbrende, samla ho i ein sekk og ville kasta på Fresvikelva. Men elva var frosen overalt. Ingeborg måtte ta beina med heim, la dei atter i omnen og brende vidare. Til dei vart so møyre at ho kunne knusa dei med ein hammar og spreidde alt på bøen.

Avslørt

Folk trudde mindre og mindre på at faren var bortkomen ved ei ulukka. Ingeborg vart kalla inn til forhøyr. Mange vitne vart avhøyrde, deriblant borna hennar. Etter ei tid tilstod Ingeborg. Ho fortalde fyrst at faren hadde truga henne med kniv, og at Kristen Olsen hadde vore med på drapet.

Dømd

Ingeborg Olsdotter Grønlien vart dømd til døden. Høgsterett stadfesta dommen, men strauk det at hovudet skulle setjast på stake og "hendes legeme lægges paa steile". Dommen vart fullbyrda av meistermannen Samson Isberg på garden Bøtun i nærleiken av kyrkja, medan eit kompani sto vakt kring rettarstaden. Det vert sagt at 2000 menneske var til stades i Fresvik den aprildagen i 1845. Aldri før eller seinare har det vore so mykje folk i bygda.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bøthun, Jakob: Fresvik 1845 - siste avrettingi i Sogn. I Pridlao, nr. 1, 1993. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR