Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sjørøvarsaka i Utvær 1667



Sommaren 1666 pressa ein engelsk kaper nokre fiskarar til å lose seg inn til Utvær der kapellet vart plyndra. Saka mot fiskarane kom opp på hausttinget 1667 og dommen fekk tunge konsekvensar for dei.

Utsnitt av "Prospekt av Kristiansand, laga av J.L. Dreier i 1824. Dette er norske kaperskip frå krigane mot England 1808-14. Men nokolunde slik kan me tenkje oss at det engelske krigsskipet som kom til Utvær i 1666, såg ut.

Utsnitt av "Prospekt av Kristiansand, laga av J.L. Dreier i 1824. Dette er norske kaperskip frå krigane mot England 1808-14. Men nokolunde slik kan me tenkje oss at det engelske krigsskipet som kom til Utvær i 1666, såg ut.

Eigar: Ascheshougs Norges Historie, bind 7.

Datering: 1824.

Fotograf: Målar: Johannes Friedrich Leonhard Dreier.

Kaperen kjem

Ein sommardag i 1666 låg ein stor fiskeflåte og drog sei ¾ til 1 mil frå Nautøy, truleg på Synstegrunnen. Då vart dei var eit krigsskip lenger ute i havet. Fiskarane tok straks til årane og rodde til lands slik dei hadde ordre om i slike høve, men to båtar med i alt seks mann om bord vart liggjande att ei stund til. Då dei gav seg med fisket og ville til lands, var engelskmannen komen innom dei, og dei kom seg ikkje derifrå.

Kapellet vert plyndra

Nils Rørdal vart halden fanga om bord i kaperen i vel ein time. I mellomtida vart grannen Johannes teken med makt og ført om bord i skipsbåten til kaperen med ordre om å lose dei inn til Utvær. Der plyndra engelskmennene kapellet for det litle som fanst av verdi. Dei gjorde òg noko skade på sjølve kyrkja. Då kaperen var komen til Utvær, sleppte dei Nils fri. Men Lasse Nautøy som hadde rodd seg ut att på, vart teken og sett til å lose kaperen inn til Husøy.

Gjestgjevaren har store verdiar

Då Nils slapp fri, rodde han til Nautøy for å varsla handelsmennene der. Dei hadde då alt fått beskjed, og den eine tok til å gøyma vekk det han åtte. Gjestgjevar Jan Meyer tok derimot ikkje meldinga om kaperen så alvorleg med det same. Men då Nils kom, var Meyer komen i båten med ei bomme og to skrin der han hadde verdisaker og pengar. Dei vart då samde om at Nils skulle ta Meyer sine eigneluter med seg heim til Rørdalen og gøyma dei der.

Kaperen kjem til Husøy

Men kaperen stemna vidare innover frå Utvær. Snart var han komen så nær at Nils fann det best å ro opp i ein holme og gøyme Meyer sine saker. Men dette vart oppdaga frå kaperen. Dei tok skipsbåten, rodde opp i holmen og sikra seg både bomma og dei to skrina. På veg til lands i Husøy fekk kaperen og tak i Jan Meyer. Han hadde lasta båten sin med varer han ville føre vekk. Alt dette hamna no i kaperen sine hender.

Dømde for landsforræderi

Det vart reist sak mot fiskarane fordi dei hadde sett seg opp mot Kongens forordning om straks å komme seg til lands når dei såg fiendtlege skip på havet. Dessutan meinte Meyer at Nils Rørdal var ansvarleg for at han miste pengar og verdisaker verd 200 riksdalar. Saka kom opp på hausttinget i 1667.

Lagretten meinte at Nils og Johannes Rørdal og Lasse Nautøy hadde seg sjølve å takke for at dei kom i ei slik stilling at dei laut gå kaperen til hande. Alle tre vart difor dømde for landsforræderi. Johannes og Lasse måtte betale bøter i sølv, medan Nils vart dømd i kongens vald. Dessutan skulle han bøte den skade kapellet hadde lide, når den var lovleg taksert. Me veit ikkje om Nils vart avretta eller fekk nåde. Men Meyer fekk ikkje noko medhald i klagemåla sine mot han.

kjelder:

Leknessund, Vilhelm: Tidsskrift for Historielaget for Sogn, nr. 24 - 1973.
Steinsøy, Alf: Solund, gards- og ættesoge, Bergen 1982.
Statsarkivet i Bergen: Tingbok, Utvær tinglag 1667.

PERMANENT IDENTIFIKATOR