Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 01. juni 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Frigjeringsdagen, 8. mai - offisiell flaggdag



8. mai 2007 hadde Trude Bakke i NRK-Sogn og Fjordane eit programinnslag om flagging på frigjeringsdagen. "- Flaggdagen 8. mai skal markere dagen då Noreg vart fri etter fem år i krig mot nazistane. Men å finne fram flagget, har gått i gløymeboka hjå mange (...)", var konklusjonen.

På 20 årsdagen for frigjeringa i 1965 gav Posten ut ei minneutgåve. Det eine frimerket har flagget som motiv.

På 20 årsdagen for frigjeringa i 1965 gav Posten ut ei minneutgåve. Det eine frimerket har flagget som motiv.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frigjeringsdagen 8. mai

"Tysdag 8. mai 1945 - Frigjeringsdagen - var ein uvanleg fin vårdag med strålande sol og speglande blank fjord. Bodet om fred gjekk som eld i turt gras, kyrkjeklokkene ringde, og alle flagg gjekk til topps. Bortgøymde radioar vart i triumf henta fram, og blendingsgardinene forsvann ut av dørene. Endeleg kunne ein ferdast fritt! Folk kledde seg opp, samlast, prata, jubla og song. Det var ein festdag."

Slik skildrar krigshistorikar Kjell-Ragnar Berge den historiske dagen, 8. mai 1945, i boka Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. I fem lange år hadde landet vore okkupert og styrt av Hitler-Tyskland i samarbeid med norske medhjelparar. I fem år hadde folk kjempa på mange frontar for å vinna att fridomen.

Forbod mot flagging

Under krigen vart Kongen og flagget dei sterkaste symbola på fridom og sjølvstende. Flagget fekk særleg sterk symbolverdi etter at nazi-styresmaktene nedla forbod mot fri bruk av flagget ved "Forordning om vern om flagget og nasjonalsangen", 8. desember 1941. Dei norske nazistane sitt solkorsmerke var óg omfatta av forordninga.

Kjernen i forordninga var i røynda at flagget ikkje kunne brukast på ein måte som nazistyresmaktene mislikte. All bruk måtte godkjennast av makthavarane som også hadde rett til å avgjera kva som var "lovleg" bruk. Paragraf 1 og 2 hadde denne ordlyden:

1. Norges flagg og farger og solkorsmerket må bare brukes på en måte som ikke krenker nasjonalfølelsen. Det samme gjelder nasjonalsangen.

2. Norges flagg kan bare brukes av offentlige myndigheter. Dog kan handelsflagget også brukes av private, men bare til flagging. Flagging fra bygninger som vesentlig tjener til offentlig bruk, må bare skje med Norges flagg, andre flagg som er godkjent av Innenriksdepartementet og i tilfelle med utenlandske flagg.

Kronprins Olav

Meldinga om den tyske kapitulasjonen kom kvelden 7. mai. Den 8. mai 1945 vakna folket til fred. Flagga vart henta fram. "Den 8. mai gjekk det trifarga vakre flagget vårt atter til topps på flaggstengene, og falda seg ut (...)", skreiv Fjordabladet på Nordfjordeid i første nummeret sitt etter frigjeringa.

Folk lytta på radio frå London. Kongen og kronprinsen heldt tale til det frie Noreg. Kronprins Olav slutta talen sin med ei særleg helsing til alle som hadde stridd for frigjeringa under våpen. Kronprinsen heldt flagget høgt i ære.

"Norske krigsmenn! Vi har holdt trofast sammen i fem lange og tunge år. Vi har hver på vår kant kjempet for det mål som i dag står foran, å heise vårt frie, norske flagg som frie kvinner og menn. Vårt flagg er rent, og må det samlende korsmerke mane oss til fremdeles å holde sammen. La oss også i denne situasjonen hvor vi står i dag, yte en felles innsats til det felles beste. La oss samle oss i det gamle ønske: Gud bevare kongen og fedrelandet."

Lokale fredsdikt

Gleda over å ha fått fridomen tilbake kom også til uttrykk på vers. Penneføre kvinner og menn skreiv dikt til opplesing. Ikkje så reint få kom på trykk i lokalavisene. Over 60 år seinare kan ord og vendingar høyrast noko svulmande ut. For dei som skreiv, var det djupt alvor. Brynjulv Kvåle (1907-1977), agronom i Sogndal, seinare gardbrukar i Hyllestad, var ein av dei. Han skreiv vers til 17. mai 1945. Det første går slik:

Fagert, fagert vårt fedreland
Slik som me ser det i dag
Slik som det stig yver hav og strand
Med solgylte, norske flagg
Det kjennest som står me på heilag jord
Og denne jordi er mi og di
Det er landet vårt eige, vår heilage mor
Som atter er frelst og fritt!

Offisiell flaggdag

Frigjeingsdagen 8. mai er offisiell flaggdag. Det vart fastsett ved Kongeleg resolusjon 27. april 1962. Resolusjonsteksten er kort, berre ei setning. Det står: "8. mai skal heretter være offisiell flaggdag." Offisiell flaggdag vert ofte brukt synonymt med offentleg flaggdag. Det rette ordet er offisiell.

 

"Få flaggar på 8. mai"

På ein rundtur i Førde 8. mai 2007 observerte NRK-journalist Trude Bakke at mange flaggstenger stod nakne. Kjell Ragnar-Berge var skuffa. - Historia viser at fridom ikkje kjem av seg sjølv, og at vi om naudsynt må kjempa for fridomen med våpen. Det er dette vi skal markere 8. mai. Det er skuffande at så få meiner det er viktig å markere at Norge er eit fritt land, sa Berge.

Markering i Florø og på Nordfjordeid

I 2007 hadde to lokalaviser i Sogn og Fjordane oppslag om 8. mai-markeringar. I Florø markete veteranar frå Tysklandsbrigaden 1947-1953, krigsveteranar frå 2. verdskrigen og Reserveoffisers-forbundet fredsdagen. Eit av programinnslaga var slutta marsj til minnestøtta over falne ved Florø kyrkje der det vart lagt ned kransar av kapteinløytnant Vågene, ordføraren i Flora, Bente F. Steindal, og oberstløytnant Grindvik.

På Nordfjordeid var det markering på Plassen. Ordføraren i Eid, Sonja Edvardsen, la ned krans ved minnestøtta Sørgjande mor. I talen sin aktualiserte ho innhaldet i det fredsdagen, 8. mai 1945, står for. Sonja Edvardsen sa mellom anna:

"Markeringa vi har her på Plassen i dag er meir enn ei markering av frigjeringsdagen 8. mai 1945. Kanskje er det ein ide å fokusere på ufred og manglande fridom i andre deler av verda. Norge som nasjon har tatt eit internasjonalt ansvar som fredsnasjon, og i den samanheng tenkjer eg på at Noreg er aktivt med i fredsarbeidet i fleire urolege stader i verda.

kjelder:

Norsk Lovtidende. 1941, 1962.

PERMANENT IDENTIFIKATOR