Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Snørydding på Strynefjellsvegen og tysk panikk



Det engelske åtaket på Måløy 3. juledag 1941 skapte full panikk i den tyske leiren og førte til at tyskarane ville opna Strynefjellet, slik at dei kunne trekkja seg tilbake landevegen. Men dei hadde ikkje rekna med det norske høgfjellet vinters tid.

Her er det lite rom for møtande trafikk. Sjølv etter at vegen var opna, kunne det koma snøbyger og storm som gjorde det vanskeleg å ta seg fram. Det hende at bilar sto fast og måtte mokast fram av vegarbeidarane.

Her er det lite rom for møtande trafikk. Sjølv etter at vegen var opna, kunne det koma snøbyger og storm som gjorde det vanskeleg å ta seg fram. Det hende at bilar sto fast og måtte mokast fram av vegarbeidarane.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest.

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend.

Molding

Høgaste punktet på den Gamle Strynefjellsvegen ligg på 1139 moh - i eitt av dei mest snørike områda i Sør-Noreg. Snødjupna kunne fleira stader vera 8-10 m. For å få vegen opna til turistsesongen kunne ein ikkje berre venta på at snøen skulle smelta. Gjennom åra vart det utvikla teknikkar for å minska snømengda til ein skulle opna fjellet. Det vanlege var at ein om hausten la opp depot med tørka mold oppe på fjellet. Om våren var ein så oppe på fjellet og spreidde molda ut over snøen der vegen gjekk. Når sola fekk sleppa til, tærde molda nokså mykje på snøen. Men trass i slike metodar måtte mesteparten av snøen fjernast med handemakt.

Vegen var stengt stordelen av året

Til vanleg var ikkje Strynefjellsvegen open lenger enn til midten av oktober. Opninga skjedde først i mai, etter at vinterstormane hadde herja frå seg. Det hende at det tok lenger tid. Når tida var inne vart det samla saman ei mengd med folk som spadde opp vegen for hand. Dei kunne vera rundt 100 mann på kvar side av fjellet. Vegen vart moka med spader og handkraft frå Billingen i Skjåk til Skåre i Stryn, ei strekning på bort i mot 5 mil.

Eit blodslit med god betaling

Sjølv om snømokinga var hardt arbeid, var det ikkje vanskeleg å få fat i folk. På vanleg vegarbeid hadde ein 68 øre timen, medan snømokinga gav ei krone. I 30-åra var snørydding ei ekstrainntekt i vanskelege tider. Reiskapen heldt dei sjølve. Stålspadane måtte vera glatte, tynne og reine slik at snøen glei lett av. Før mokinga starta måtte moldinga vera unnagjort. Karane som molda gjekk ut ved 2-3-tida om morgonen for å gå på skaren. Størst problem var det kanskje når sola skein. Då vart dei gjennomvåte, og det var mest uråd å få turka kleda i brakkene. Kleda var like våte om morgonen. Dei låg mange mann i kvar brakke. Lufta var tung av våte og sveitte klede.

Tysk "opning" av Strynefjellsvegen

Den tyske okkupasjonsmakta hadde sterk interesse av at hovudvegane vart haldne opne, og at dei var framkommelege med krigsutstyr. Det engelske åtaket på Måløy 3. juledag 1941 fekk tyskarane til å gjera eit panikkarta forsøk på å opna Strynefjellsvegen for å sikra seg ein rømingsveg austover. 1941 var ein svært kald og snørik vinter. På grunn av kulden hadde dei først vanskar med å få start på bilane. Men det største problemet var å få opna Strynefjellsvegen. Alle vaksne menn vart difor utkommanderte til å moka snøen med spade, slik dei gjorde det om våren. På Strynesida skulle dei møta opp med spade, godt med kle og mat for tre dagar. Den som ikkje lystra ordre ville bli skoten. Det er sagt at over 300 mann heldt på i fem dagar før tyskarane innsåg at dei måtte gi opp. Den tyske kapteinen i Stryn, som hadde fått ansvaret for å opna vegen, konkluderte med at sjølv ikkje heile den tyske armeen ville greia å halda fjellet ope.

Snømoking i krigsåra

Vinteren 1943 var og hard med store snømengder i fjellet. Telefonlinene var fleire stader heilt nedsnødde. Våren var kald og opninga byrja ikkje før i juni månad. Då vart folk utkommanderte heilt frå Sel og Dovre for å moka fjellet frå austsida. Året etter var det endå vanskelegare. Ei nordvestleg vindretning hadde lagt opp store snøskavlar høgt over vegen. Skavlane losna og velta ned dalsida. Brøytestikkene, som vart oppsette året før, vart feia vekk av snøskreda på lange strekningar. Det var mest umogleg å finna att vegen somme stader. På austsida av fylkesgrensa vart det sett inn 60 mann til å moka rundt 15 000 kvadratmeter snø. Vegen vart ikkje opna før langt ut i juli månad.

Slutt med handmoking

Dei fleste av dei høgaste fjellovergangane på Vestlandet var stengde i vintermånadene frå september/oktober til mai/juni. Sjølve opninga av fjellet om våren var, som vi har sett ovanfor, litt av ei utfordring. Tyskarane hadde eit heilt anna syn på kva som var mogeleg, og dei ville helst at alle vegar skulle vera framkommelege også om vinteren. Dei tok i bruk fleire snøfresarar, mest av typen Konrad Peters konstruksjon. Ein del av dei tyske fresarane vart utlånte til vegvesenet. Snømoking for hand heldt fram til 1949 på Strynefjellsvegen. I 1950 opna dei vegen første gong med ein Peterfres. Då var det slutt for arbeidsgjengane på Strynefjellsvegen.

kjelder:

Strynefjellsvegen 100 år. Statens vegvesen 1994.
Nordstrand, Ingemar: Vegfolk fortel. Vegminne frå Sogn og Fjordane. Statens vegvesen Sogn og Fjordane 1994.
Askeland, Kristen: Historia om maskindrifta i Statens vegvesen Sogn og Fjordane. Maskiner ryddar veg. Skald 2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR