Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 24. april 2020

Sist oppdatert 12. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Eksersisplassen på Nordfjordeid



Eksersisplassen på garden Osnes på Nordfjordeid var i bruk omtrent 300 år, frå ca. 1650 til 1976. Eid kommune inngjekk då makebyte med Forsvaret, som fekk tomt til Firda kaserne i staden.

Bilde er tatt frå Stovehogjen på Skipenes ca. 1895. Det viser eksersisplassen ved elva ned mot fjorden.

Bilde er tatt frå Stovehogjen på Skipenes ca. 1895. Det viser eksersisplassen ved elva ned mot fjorden.

Eigar: FHA L. Lunde

Datering: ca. 1895

Fotograf: I.I Hellebust

Etablering

Å dokumentere nøyaktig tid for etablering av eksersisplassen, har vist seg å vere vanskeleg. Den sikraste tidfestinga ein har, er referert til i Norsk Militært Tidsskrift 1932, av oberst Gabriel Lunde:

Om Eid skal det foreligge anførsel i en tingbok frå 1680 eller 1682 at «paa Eydet er det Bataillionsmunderingsplads». Derav har vært sluttet at der har vært øvelsesplass allerede tidligere her»

I Fjordane regiment sitt arkiv, har ein òg funne eit skriv med blant anna følgande innhald:

Chefsgårdens (Osnes) tidligere utmark eller det, som nu gjerne benevnes «Sandplassen», er antatt å ha vært brukt til soldatutdannelse for Nordfjordske kompani så langt tilbake i tiden som da eksersisen skulle foregå på kirkebakken om søndagene (1663) fordi det ikke var flatt nok omkring kirken».

I «Bygdebok for Eid og Hornindal», finn vi at Nordfjord kompani var med og frigjorde Trøndelag frå svenskane i 1658. Det er å anta at dei måtte ha hatt ein øvingsplass før denne tid og etablering av eksersisplassen på Nordfjordeid er dermed før 1658.

Mannskapet

Soldatane som øvde på Nordfjordeid kom frå Sunnmøre, Nordfjord og deler av Jølster. Rekruttskulen bestod av rundt 300 mann, medan det på bataljonsøvingar var 1200 -1500 soldatar i området.

Talet på øvingsdagar har variert. I åra 1828 til ut på 1900-talet varte rekruttskulen, også kalla læreturen, frå 20 til 50 dagar. Medan kompani- og bataljonsøvingane, storeturen, varte mellom 12 og 30 dagar i året. Soldatane var innkvartert privat, både i sentrum og på gardane rundt om i bygda.

Militær påverknad på det sivile samfunn

Forsvaret leigde husrom for sine soldatar hos private huseigarar. Dette hadde stor betydning for bygdefolket og var ei stor inntektskjelde for desse. Den militære aktiviteten hadde også andre ringverknadar. Til dømes hadde yrkesgrupper som bakar, skreddar, skomakar, børsemakar og smed betydeleg auking i omsetnad då det var fleire folk i bygda som trengte tenestene deira. For ikkje å snakke om vaskekonene som vaska klede for soldatane i elva ved Jektehola, eit område sør-vest på eksersisplassen.

I tillegg fekk militæret stor betydning for framveksten av både idrettslag og musikklag i heile distriktet. Mange tok offisersutdanning, og vart med det også tiltrudde viktige roller i samfunnet.

Skytebanene

Opp gjennom åra vart det etablert fleire skytebaner knytt til eksersisplassen. Tre av dei låg på, eller nær ved eksersisplassen. Det skal vere oberst Holtermann som tok initiativ til å opprette to av skytebanene, for å trene på skyteferdigheitar.

Den eldste skytebana hadde standplass vest for Nordfjord hotell og blinkane var plassert ned mot sjøen. På Stovehogjen på Skipenes vart det oppretta ei lang skytebane på slutten av 1890-talet. Denne bana hadde skyteavstand på 600 meter. I år 1900, etablerte oberst Holtermann endå ei ny skytebane. Denne gongen på Vårsetra. Denne bana var i bruk fram til slutten av 1950-talet. Ei fjerde bane hadde standplass på bakkekanten aust for Nordfjord hotell og vart oppretta etter Holtermann si tid. Den hadde retning sørover mot blinkar ved elva og to hold på Skipenes. Denne bana vart også brukt av tyskarane under krigen.

Minnesmerker

På eksersisplassen står det tre minnesmerker. Den første som kom opp er eit minnesmerke over falne nordfjordingar under Napoleonskrigane 1807-1814. Den vart avduka 24. juni 1914.

Minnesmerket «Sørgende mor» vart reist i 1950, til minne om falne nordfjordingar under andre verdskrig. Statuen er ei kone som står med ein krans på ein sokkel. Den er laga av skulptør Dyre Vaa.

Det nyaste minnesmerket vart avduka 27. juni 2015. Det er ei byste av major Oliver H. Langeland. Major Langeland var fødd på Nordfjordeid i 1887. Han var sjef for heimestyrkane Milorg D-13 i Oslo 1942-1944.

Malakoff

Området lengst sør på eksersisplassen, på elvekanten mellom Jektehola og industriområdet, vert kalla Malakoff. Namnet kan sporast tilbake til Krimkrigen (1853-1856), der fortet Malakov stod sentralt i slaget om Sevastopol i 1855. Det er mykje truleg oberst Holtermann som introduserte namnet på Eid.

Oberst Holtermann var sjef for Fjordenes bataljon i perioden 1895-1901, og var den som stod i front og utvikla Fjordenes bataljon til ei eliteavdeling i nasjonal samanheng. Saman med sine offiserar la han grunnlaget for den militære glanstida på Nordfjordeid, som varte fram til ca. 1913.

I 2003 starta festivalen Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid opp. Den blir arrangert kvart år på same området som eksersisplassen var.

Tusenårsstad

I 2000 vart området ved «Sørgende mor» utpeika til å bli Eid kommune sin tusenårsstad. Kravet frå Kulturdepartementet var at staden skulle vere ein del av eit kulturminne med stor historisk, kulturell eller miljømessig verdi. Staden skulle også vere ein lokal møteplass og skulle bidra til å forankre markeringa av tusenårsskiftet.

Området rundt eksersisplassen har vore nytta til rekreasjon, idretts- og kulturarrangement sidan 1976. I 2004 vart det bygd eit amfi i naturstein som har plass til omtrent 500 personar. Amfiet har vore basen til det historiske spelet «Elskhug og Eksis» annakvart år sidan 2005.

Organisasjonen «Plassens venner» vart stifta i 1999, og held området ved like saman med kommunen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Edvard Os, 1953, «Bygdebok for Eid og Hornindal». Etter ei tidlegare utgåve av Jakob Aaland.


Oberst II Jakob Bragstad, 1996, «FJORDANE INFANTERIREGIMENT NR.10, i gamal og ny tid», Elanders forlag.


Hermund Kleppa, Monument over falne nordfjordingar i verdskrigen 1939-1945, i Kulturhistorisk leksikon. 

 


Hermund Kleppa, Bautastein på Nordfjordeid over falne i krigsåra 1807-1814, i Kulturhistorisk leksikon

PERMANENT IDENTIFIKATOR