Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 11. mars 2011

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Om Skotteferda 1612



Onsdag 26. august 1612 stod Slaget ved Kringen i Gudbrandsdalen. Bønder ”fra Vaage, Lessøe og Lom” knuste eit skotsk ekspedisjonskorps av leigesoldatar på veg til Sverige. Hendinga hadde stor plass i Noregssoga i meir enn 350 år. Til 300 årsmarkeringa i 1912 skreiv oberst Henrik Angell, fødd i Luster, boka "Skotteferdi. Eit 300-aarsminne".

<p>&rdquo;Skottlendingen g&aring;r i land i Romsdal&rdquo;. Etter m&aring;larstykke av A.Tiedeman og M. Muller (1876). Biletet er feil p&aring; fleire m&aring;tar. Det viser fem skip i staden for to. Det viser skottane p&aring; s&oslash;rsida av fjorden, ikkje p&aring; nordsida. Det viser vald og plyndring; i r&oslash;ynda var det lite plyndring. Soga om skotteferda vart i ettertida spedd opp med segner og soger som ikkje var i samsvar med det som verkeleg hende.</p>

”Skottlendingen går i land i Romsdal”. Etter målarstykke av A.Tiedeman og M. Muller (1876). Biletet er feil på fleire måtar. Det viser fem skip i staden for to. Det viser skottane på sørsida av fjorden, ikkje på nordsida. Det viser vald og plyndring; i røynda var det lite plyndring. Soga om skotteferda vart i ettertida spedd opp med segner og soger som ikkje var i samsvar med det som verkeleg hende.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ein del av barnelærdommen

I åra 1920-1960 var Austlids lesebok mykje brukt i folkeskulen (grunnskulen). ”Forteljingar og skildringar frå eldre tider” var ein av bolkane i bind nummer tre. Eitt av stykka var Sinklarferda. Oddvar Kleppa, fødd 1947, fortel at han minnest læraren hans las diktet Sinklarvisa av Edvard Storm, med stor innleving og mange gonger. Læraren la vinn på å formidla kunnskap og nasjonalkjensle. På denne måten fekk mange Skotteferda med som ein del av barnelærdommen til liks med hendingar i bibelsoga.

Skotteferda

År 1611 braut det ut krig mellom Danmark-Noreg ved kong Christian IV og Sverige ved kong Gustav II Adolf. Ein dansk styrke gjekk til åtak på byen Kalmar og omringa byen. Året etter fekk svenskekongen ordna med støtte av leigesoldatar frå Skottland. Ein av offiserane var kaptein Georg Sinclair.

I august 1612 gjekk ein skotsk hærstyrke på rundt 400 mann i land i Romsdal. Planen var å ta seg fram til Sverige gjennom Noreg. Dei tok ein mann til fange og tvinga han til å visa veg opp Romsdal og ned Gudbrandsdalen. Med hærpil greidde nordmennene å varsla i førevegen om at det var komen fiende i landet, og onsdag 26. august  makta ein bondehær å stoppa skottane ved Kringen i Gudbrandsdalen. Dei låg i bakhald, klar med ei svær tømmer- og steinvelte ein stad lendet går bratt ned mot elva. Pillar-Guri og andre på vestsida av elva fanga merksemda til skottane som ante fred og ingen fare – før tømmervelta og bøndene ”med skarpe økse” var over dei. Mange miste livet og 134 blei tekne til fange. Dagen etter blei over hundre av fangane avretta. Berre 18 av leigehæren kom frå det i live.

Edvard Storm og Sinklarvisa

Leigesoldatane frå Skottland si ferd til Noreg sommaren 1612, ilandstigninga i Romsdal, framrykkinga opp Romsdal og ned Gudbrandsdalen og det endelege utfallet ved Kringen, er ei historisk hending som i ettertida skapte ei mengd segner og soger, viser og vers, der innhaldet enten ikkje stemmer med det som faktisk skjedde, eller at sant og usant er blanda saman.

I 1781 skreiv Edvard Storm (1749-1794) frå Vågå, Sinklarvisa på 19 vers. Storm byggjer på ei eldre vise om hendinga og segner og soger som då gjekk på folkemunne (tradisjon). Eitt av versa lyder slik:

”Ved Romsdals kyster han styred i Land
Erklærende sig for en Fiende;
Ham fulgte fjorten hundrede mand
Som alle havde ondt i Sinde.” 

Her er talet på leigehæren 1400. Det verkelege talet var rundt 400. Med tida voks talet. Prestasjonen ved Kringen vart betre di fleire motstandarane var.
Her kan du lese heile Sinklarvisa

Presten Krag 1838

I 1838 kom det ut eit hefte om Skotteferda skrive av Hans Peter Schnitler Krag, prest i Vågå 1820-1845. Han høyrde historier på folkemunne, skreiv dei ned, og laga ei oppsummering med tittelen Sagn, samlede i Gudbrandsdalen om Slaget ved Kringlen den 26de August 1612, og udgiven i Forbindelse med hvad Historien beretter om denne Tildragelse. Krag let det koma fram kva som var tradisjon (segner og soger på folkemunne). Skriftet har vore ei hovudkjelde for alle som seinare har skrive om Skotteferda. I 2001 kom skriftet i engelsk versjon på forlaget Per A. Holst Forlag.

Fleire minnesmerke

Skotteferda har skapt mange minnesmerke. Det siste vart reist og avduka i 1999. Det er eit skotsk minnesmerke oppsett attmed eit eldre minnesmerke på staden der slaget stod. RG har laga ei oversikt over alle minnesmerka oppsette ved Kringen.
 

To andre minnesmerke høyrer òg med, eitt i Romsdal og eitt ved Kvam kyrkje.
I 1881 reiste ”heimkjære raumsdøler” eit minnesmerke over Peder Klungnes på garden Klungnes i Romsdal. Peder Klungnes var mannen skottane tok til fange og brukte som kjentmann heile vegen frå dei gjekk i land til det endelege utfallet ved Kringen. Minnesmerket er ei svær steinhelle med denne innskrifta:

MINNE
om
PEDER
KLUNGNES
og hans kjæk-
ke Daad under
Skottetoget
1612
 

Kaptein Georg Sinclair vart gravlagd ved kyrkja i Kvam, eit stykke sør for Kringen. Angell skriv at det vart sett opp ei tavle av tre i 1789, men at det ”no” (1912) står ei stor steinhelle. Eit postkort viser denne innskrifta:

HER BLEV SKOTTERNES ANFØRER
GEORG SINKLAIR
BEGRAVEN ETTER AT HAN VAR
FALDEN VED KRINGELEN DEN
26 AUGUST 1612

 

300 års-markering 1912

Skotteferda og ”Bøndernes Tapperhed” i Gudbrandsdalen 1612 vart markert på fleire måtar i 1912, 300 år etter. Markeringa høvde godt inn med to nasjonale merkeår; unionsoppløysinga sju år før (1905) og hundreårsjubileet for Grunnlova to år i framtida (1914).

Bok

Oberst Henrik Angell skreiv bok. Skotteferdi Eit 300-aars minne på 106 rikt illustrerte sider handlar om rikspolitiske tilhøve, om Kalmarkrigen, om leigesoldatar, Skotteferda frå ilandstigninga til Slaget ved Kringen og om ymse slag minne om Skotteferda.

Nytt minnesmerke

Det var stor minnemarkering med avduking av nytt minnesmerke. Både kongen og statsministeren var til stades. Minnesmerket var laga av kunstnaren Kristen Holbø (1869-1953) frå Vågå. Far hans var Johannes Christenson Flikki (1825-1904), innflyttar frå Luster.
Oberst Angell heldt avdukingstalen. Han sa mellom anna:

”Her i Kringom, 300 aar etter striden, er det i dag møtt fram norske menn og kvinnor fraa bygd og by for aa heidra minnet um dei som sette livet inn, stod vardevakt, gav folket det gode fyredøme paa djerv daad.

Me møtest ved dette minnesmerke, som er skapt utav ein taa sønom i dalen. Me veit at gjennom dette vil kunstnaren fortelja oss um den skyldnad alle hev, naar fienden fell inn i landet – naar vardevakti blæs paa luren til strid. Luren hennar Pillar-Guri vekte folket i dei norske dalom, fekk det til aa sjaa ut over tronge bygdegrensor, vekte det so det fekk heitan hug.”
 

Helsing frå Nordfjord

Markeringa i 1912 var meir enn eit bygdetiltak. Det var ei nasjonal storhending med brei deltaking. Nordfjord Sogelag sende helsing, signert W.K.:

”Takk, Gudbrandsdøler, for det gilde minne
um bondeære og um manndomsverk!
Lat minnebauna kveikja mann og kvinna
til heiltend offerhug, so varm og sterk
seg neven knyter yver riflestokken
fraa pansardekk og ifraa høgenut.
”Her staar me, um oss helvithær vil herja!”
For  s j ø l v e  maa og kann og skal me landet verja.”
 

Markering 2012

Sel kommune har Pillar-Guri i kommunevåpenet. Det er eit element som alltid minner om Skotteferda i 1612. Til 400 års-markeringa i 2012 er det planlagt stort program. Kommunen har eigen informasjonsportal på heimesida si på Internett:
 

Her saksar me:
 

Vi ønsker å gjøre markeringen i 2012 til et arrangement der kulturelt samkvem med Skottland står sentralt. Både Sinclairklanen og the Caledonian Society er representerte i arrangementskomiteen - og det er allerede bestemt at Sinclairklanen i 2012 legger sin verdenssamling til Otta og Kringen.

Gudbrandsdalslaget i USA kommer. Det blir flere utstillinger - gjenstander og våpen, foto og prospektkort (fra 300-årsmarkeringen i 1912), bunader, drakter og skotske tartaner. Flere sekkepipeorkester kommer - og vi håper å få med oss spel- og dansarlag fra Gudbrandsdalen disse dagene. Pillarguri og Sinclair er jo knyttet til mange av folkemusikkens slåtter og hallinger.

Et historisk seminar med skotsk og norsk deltagelse vil kaste litt nytt lys over det som hendte og de mange mytene knyttet til Skottetoget i 1612. 

kjelder:

Angell, H.: Skotteferdi. Eit 300-aars minne. 1912.
Nordre Bergenhus Folkeblad. 29.08., 1.08., 02.09.1912.