Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. september 2013

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Storkastet på Hovdevågen 1950



«Eit storsteng på 80 000 hektoliter på vestre Hovdevåg», melde Florø-avisa Firda Folkeblad måndag 8. februar 1950. «..eitt av dei aller største sildekasta som har vore gjort her i distriktet gjennom tidene.», skriv Malvin Toft nesten 50 år etter i ein artikkel i Firdaposten. Artikkelen er her attgjeven noko avkorta, med andre mellomtitlar, nokre forklarande innskot, to merknader og fleire illustrasjonar.

Ytre (vestre) Hovdevåg (sett frå sør), staden der den kjende rogalands-notbasen, Mikal Viga d.y., 3. februar 1950, stengde av heile vågen og melde inn 80 000 hektoliter storsild til innmeldingskontoret i Florø. Sundet vest mot Frøysjøen heiter Vågsholet, blindtarmen lengst inne har namnet Sildevågen.

Ytre (vestre) Hovdevåg (sett frå sør), staden der den kjende rogalands-notbasen, Mikal Viga d.y., 3. februar 1950, stengde av heile vågen og melde inn 80 000 hektoliter storsild til innmeldingskontoret i Florø. Sundet vest mot Frøysjøen heiter Vågsholet, blindtarmen lengst inne har namnet Sildevågen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Lukkedag - fredag 3. februar 1950

Fredag seiest å vera ein ulukkesdag på alle måtar, både for landkrabbar og gjerne spesielt for dei som har sjøen som arbeidsplass. Det får no så vere, sikkert er det i alle fall at det var fredagen 3. februar 1950 at den kjende rogalandsfiskaren Mikal Viga stengde av heile ytre Hovdevåg ved Frøysjøen som då stod proppfull av glitrande storsild, og gjorde dermed eitt av dei aller største sildekasta som har vore gjort i distriktet gjennom tidene.

Enorme sildemengder

Vintersildfisket 1950 vart eit eventyr utan like. Det starta i strålande vinterver om mandagen 23. januar på strekninga Runde-Stad-Svanøy, og alt tysdag 31. januar hadde Firdaposten dette oppslaget: «Det største brottfiske i sildefisket si soge. Alle avtak sprengde fredag kveld langs heile kysten». Dei enorme sildemengdene velta vidare sørover, og store sildeflak trengde inn i Frøysjøen, Hellefjorden og dei indre fjordarmane i distriktet.
Mottaket i land brotna heilt saman, og søkklatsa snurparar og drivarar vart liggjande inne på hamnene i opptil ei veke før dei fekk lossetørn. Silda gjekk bokstaveleg talt «på tørre landet», og dette var landnotfiskarane sitt år på alle måtar.

På dei fleste vikar og vågar ute ved Batalden, Hovden, Kinn og Skorpefjorden stod landnøtene som perler på ei snor, proppfulle av glitrande og verdfull storsild. På 2-3 veker vart det innmeldt ein million hektoliter landnotsild til innmeldingskontoret i Florø. Det var gjort mange svære steng, og det som truleg var aller strøst var kastet til Mikal Viga på Ytre Hovdevågen.

Rogalandsfiskaren Mikal Viga

Mikal Viga-namnet er vide kjent innan norsk fiskerinæring, og han var på mange måtar ein pioner og føregangsmann både på land og på fiskefeltet. I 1950 hadde han eigne snurpebruk og var på feltet med den gamle svenskeskøyta «Margit Viga» som lasta kring 1000 hl (70 fot, 150 HK June Munktell, R 74 HM) [Kjennemerket: R for Rogaland, nr. 74, HM for Hjelmeland kommune]. Den hadde namn etter kona Margit som opphavleg var sunnfjordjente og kom frå Dale i Sunnfjord. (sjå merknad 1 til slutt)

Hell i uhell

Det var eit reint tilfelle som gjorde at «Margt Viga» var gått opp på Hovdevågen denne fredagen. Det skuldast ein mindre notskade etter at nota hadde vore i propellen på ein av dorryane. Dermed søkte dei livd for å reparere i ro og mak i sørvestkulingen med hagl- og toreversbyer. Så kom grauttjukke sildestimane sigande inn frå nordvest under ei sky av måse og havsule og fylte snart heile vågen. Mikal Viga gjorde kort prosess og stengde av heile vågen ute ved holmane mot Frøysjølen, og dermed var det gjort. Den røynde sildefiskaren såg straks at her trongs assistanse, for dette makta han ikkje åleine. (sjå merknad 2 til slutt).

Hjelparar frå Bremanger

Radiotelefonen på «Margit Viga» gav lyd frå seg med bøn om snarleg hjelp. Dette vart oppfatta av m.a. eit notbruk frå Bremanger som låg på ein våg like ved [med] gavlbåtane «Dønning» (48 foto 30 HK Union) og «Tansøy» (28 fot 11 HK Heimdal). Radioen om bord i «Dønning» spraka og slo gneistar midt under ei torebye, men kontakten kom i orden, og dermed gjekk «Dønning» og «Tansøy» til unnsetning. Desse hadde samfiske med notbruket til Oskar Myren som også vart med på moroa. Snurparen «Porsholm» til Larsen-brørne i Kalvåg sluttaa seg også til, så til slutt var det i alt kring 60-70 mann som skulle prøve å berge all rikdomen som var innesperra. Silda var innmeldt til Sildesalslaget på vanleg måte. Oppgjeve kvantum var 80 000 hl., men røynde fiskarar har hevda at det var godt over 100 000 hl inne i nota.

Ikkje lett å trengje silda saman

Men så dukka eit gamalt problem opp på nytt: Ein ting er å stenge av ein stor våg eller fjordarm full av sild, noko heilt anna er å berge all rikdomen. Silda måtte trengast betre saman, og dette viste seg å vere svært vanskeleg på grunn av den kuperte botnen og dei steile bergsidene. Det vart gjort ein del orkast og mykje sild vart pressa saman og sett i lås heilt inne på vågen, men resten av silda vart stadig vanskelegare å få ram på. Den vart meir og meir vill og sky, og vart snart eine meister i å komme seg klar orkastenota langs dei steile og hillarforma bergsidene.

Vanskeleg å få fatt i opptaksbåtar

Eit anna problem var tilgangen på opptaksbåtar (…) Sildoljefabrikkane langs heile kysten fyrte så skorsteinspipene neste gløda, og oppe i Smørhamn låg den nye «Clupea» med 100 mann om bord og kokte sild natt og dag.
Alt dette nytta lite, og meir og meir sild hopa seg opp i lager kummane. Til slutt enda det med full fiskestopp i heile 14 dagar. I vårt distrikt stod det ei tid ein heil million hl. i lås, men opptaket gjekk såpass seint at Firdaposten17. mars kunne melde at det til den tid var oppteke ein halv million [hl], og det framleis stod mykje att i sjøen.

Arbeidde med stenget i to månader

Men det minka då smått om senn, og det gjorde også storkastet på Hovdevågen. Kva som vart sluttresultatet er litt usikkert, men truleg var det kring 47 000 hl, og då siste håven gjekk opp, var det truleg blitt april med lyse kveldar og grøne marker. Resten av silda vart rett og slett sleppt fri, og det skuldast dels den trege omsetnaden og dels vanskane med å trenge saman silda.

Ein kasse wienerbrød

Storavisene hadde mange oppslag om dette storkastet, og sjølv om dei på vanleg måte (…) fråtsa i overdrivingar når dei skal skrive om ting dei absolutt ikkje har greie på, så har det vorte nedteikna mange folkelege og hyggelege episodar frå vinteren 1950 på Hovdevågen. Mellom anna har den gode Mikal Viga fortalt at han sette så pass stor pris på folket og gjestfridomen på staden at han rekvirerte ein heil kasse wienerbrød med «Dampen» frå Bergen som han spanderte på bygdefolket som takk for godt samarbeid.
Slikt kan nok verke både banalt og barnsleg sett med dagens auge, men med ein heil kasse wienerbrød på deling på ei såpass lita bygd som Hovden 1950, var nok minst like mykje som ein gallamiddag og velspekka julebord i dag 46 år seinare [1996].

Merknader:

  1.  Mikal Viga d.y. (1896-0000) var son til Mikal Viga d.e. (1874-0000) Mikal Viga d.y, også kalla Little-Mikkal, overtok saman med broren Nils, fiskeriverksemda etter den vidgjetne faren, somme stader nemnd som Ryfylkes brislingkonge. Mikal Viga d.e. bygde etter kvart opp eit svært anlegg på Hundsnes med bryggje, sjøhus, barkeri, røykjeri og nothenge. Dessutan åtte han mange båtar.
  2. Skøyta «Margit Viga» var utstyrt for snurpefiske og hadde med to dorryar som vart brukte når dei kasta nota. Dorryane blei frakta til og frå feltet om bord på skøyta. Ved Hovdevågen vart snurpenota brukt som landnot.
kjelder:

Skiftun, Tor: Hjelmeland. Skipreid, herad og kyrkjesokn. Gard og ætt. 1937.
Toft, Malvin: Storkastet på Hovdevågen 1950. I Firdaposten 13.01.1996