Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. januar 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gåtefullt gravfunn ved Guddal kyrkje



Den 18. august 1928 hadde avisa Firda eit stykke om eit merkeleg gravfunn ved kyrkja i Guddal - "for ca. 20 år siden". Folk hadde kome over ei mengd likkister i ei myr, men det hadde vore ei gåte kva slags graver det var. Det er det framleis.

Barnekiste i heilt tre funnen ved Guddal kyrkje. Kista er oppbevard i Bergens Museum.

Barnekiste i heilt tre funnen ved Guddal kyrkje. Kista er oppbevard i Bergens Museum.

Eigar: Bergens Museum

Datering: Ukjend.

Fotograf: Bergens Museum.

Avismeldinga

Firda hadde opplysningane sine frå avisa Tidens Tegn (1928) og det var forfattaren Gøsta af Geijerstam i Dale i Fjaler som hadde skrive om det merkelege gravfunnet for "ca. 20 år siden." Det var då dei skulle utvida kyrkjegarden, at det hadde kome for dagen ein heil del likkister i eit blaut myrområde. Det var korkje brukt spiker eller trenaglar. Kistene var sauma saman med vidjer.

Kistene stod grunt i myra, og tre-fire oppå kvarandre. Lika var godt bevarde i den tette myrjorda, men dei fall saman straks det kom luft til. Det såg ut til at dei døde var gravlagde utan klede, berre med ein liten kross av tre på brystet.

Gåtefullt

Funnet hadde vore lite omtala, og det var eit besøk av konservator Johs. Bøe frå Bergens Museum som hadde gjort Geijerstam nysgjerrig. Han hadde vore med konservatoren. Dei hade funne nokre grovt tiløksa fjøler og ei lita barnekiste som var hoggen ut av eit einaste trestykke. Desse funna hadde Bøe teke med seg til museet i Bergen.

Firda slutta stykket sitt med å visa til ei bygdesegn om ein gravstad frå Svartedauden. Guddølene hadde måtta gravleggja mange på svært kort tid. "..meget tyder på panik-begravelse", står det til slutt i stykket.

Om gravfunnet i museumsarkivet

I 2007 kan Bergen Museum stadfesta det "gåtefulle" gravfunnet i Guddal. Dei har barnekista i kyrkjesamlinga si og korrespondanse om saka i dei gamle arkiva sine.

Konservator A.W. Brøgger skreiv i desember 1906 brev til gardbrukar Ole Guddal. Han hadde fått melding frå "kaptein Simonæs" om at Guddal hadde kome over "en del kister" då han hadde grave ei veite gjennom ei myr. Brøgger ba om å få ei utgreiing om hendinga.

Sikkert mykje meir å finna

Ola Guddal var ikkje sein om å svara. Han kunne fortelja at då oppsitjarane på garden Engen hadde teke mold i myra, hadde dei truffe på likkister der lika låg nesten heile. Vidare kunne han fortelja at folk "for 3 år siden" hadde kome over seks-sju kister under arbeid med å utvida kyrkjegarden. Kistene var samansette på ulike måtar, nokre var bundne saman med "tæger", andre var festa saman med trepinnar. Til dels var det særs fint utført arbeid. Men kistene hadde blitt heilt sundslegne under arbeidet. No var det berre att nokre få fjøler, men Ola Guddal var ikkje i tvil om at det ville finnast fleire kister ved meir graving. Guddal stilte seg velvillig til disposisjon både med å senda inn prøver av fjølene og fleire opplysningar om det skulle vera av interesse. I januar 1907 ba Brøgger om å få tilsendt dei fjølene Guddal hadde nemnt i brevet sitt.

Biskop Peter Hognestad fatta interesse

Våren 1917 var det bispevisitas i Fjaler prestegjeld. Biskop Peter Hognestad fekk kjennskap til gravfunnet då han heldt gudsteneste i Guddal. Biskopen tykte funnet var så interessant at han sende brev til Kyrkjedepartementet med kopi til Bergens Museum. Hognestad var ein av dei fyrste biskopane i landet som nytta nynorsk i embetstenesta si. Her tek me med brevet i ordrett avskrift, både som døme på nynorsk i 1917 og som eit vitnemål om kulturhistorisk interesse hjå ein biskop. Hognestad rådde jamvel til å freda funnstaden!

"Daa eg nyst var paa visitas i Fjaler i Sunnfjord, heldt eg og gudstenesta i Guddalen. Der fekk eg høyra og sjaa at dei hadde gjort eit merkelegt fund utanfor kyrkjegarden. Der er ei myr, og daa dei tok til aa grava der, fann dei nedgravne likkistor av sers gamal gjerd. Dei var av hogne uhyvla fjøler og samanbundne med vidjor eller tæger. I sume av kistorne laag det lik som enno hadde halde seg nokso godt.

Ingen i dalen kunde minnast at der hadde vore gravplass. Men ein mann hadde teke med seg ei barnekista inn til museet i Bergen, og der fekk han høyra at kista kunde vera fraa det 12 hundreaaret. Er dette so, bør det offentlege syta for at denne myri vert granska av kunnige folk. Ein kunde finna mykje som hev stor arkeologisk interessa.

Skulde det vera ein gravplasss fraa den katolske tid, burde plassen ganga ut or privat eige og verta inngjerd og freda, sidan liki enno ligg der og ikkje er burtsmuldra. Eg hev bede soknepresten i Fjaler senda ei nøgjare utgreiing um det, og den skal eg daa senda inni si tid. Men fyrebils sender eg dette brevet som eg og sender i avskrift til Bergens Museum."

Biskopen hadde fylgjande etterskrift til museet:

"Eg vil vona at styret for Bergens Museum vil vera uppmerksam paa denne saki og gjeva sitt til at ho vert vel granska." (Så langt Peter Hognestad)

Registrering i 1943

Så høyrer me ikkje meir om gravfunnet før i 1943. Då skreiv arkeolog Sjøvoll om funnet i ei registrering. Opplysningane hans er for ein del nye, og for ein del motstridande i høve til tidlegare opplysningar. I den første rapporten frå Ole Guddal får me t.d. inntrykk av at alle lika var gravlagde med ein kross på brystet. Sjøvoll sin versjon er at berre eitt lik hadde ein slik kross: "I en av barnekistene lå et lite kors av to trepinner på likets bryst."

Det kan sjå ut som Sjøvoll har vore på besøk i Guddal i samband med registreringa. Han refererer til slutt i omtalen sin ei forklaring han har høyrt. "Det ble fortalt at" Guddal ikkje hadde hatt eigen kyrkjegard i eldre tid. Guddølene måtte føra dei døde til Dale. "Det var derfor oppfatningen på stedet at kistene i myra kunne skrive seg fra Svartedauen eller en annen pest i gammel tid da for mange var døde på en gang til at alle kunne bli ført til Dale og begravd på kirkegården der."

Merknad: Det har vore kyrkje i Guddal alt frå 1200-talet. Tre krossforma steinar som står inne på kyrkjegarden kan vera endå eldre. Den første skriftlege stadfestinga finst i Bjørgvin Kalvskinn (jordebok frå 1300-talet), der Kirkian j Gauddaulum er nemnd og kor mykje dei einskilde gardane skulle svara i tiend til kyrkja. Dermed kan det og slåast fast at det har vore kyrkjegard i Guddal "i eldre tid."

Aldri fagleg granska

Gravfunnet ved kyrkja i Guddal først på 1900-talet vart aldri granska av fagfolk fullt ut. Det siste skriftlege sporet i Bergens Museum sitt arkiv finst i eit brev frå Ole J. Engen, datert 14. juni 1956. Brevet vitnar om at funnet framleis lever på folkemunne. Engen skreiv brev om ein mann "fra Dem" som hadde spurt etter ei øks som skulle ha vore innsendt frå Engen, om Engen kunne hugsa kvar ho hadde vorte funnen. Engen hadde svara at det kunne han ikkje hugsa, men etter at han hadde tenkt meir på spørsmålet, hugsa han at øksa var "fundet i myren tet med kirken (..)" Elles fortel han at han hugsa dei hadde funne kister der.

Opplysningane om gravfunnet i Guddal 1903-1906 finst i dokument frå ein periode på over femti år. Dei fleste opplysningane byggjer på munnleg informasjon og er for ein del motstridane. Det som må kunna seiast å vera sikkert, er at dei fann mange likkister i ei myr ved Guddal kyrkje i åra 1903-1906. Mange fatta interesse for funnet, og lurde på kva som kunne vera forklaringa. Sidan funnet aldri vart fagleg granska, står spørsmålet framleis ope.

kjelder:

Firda. 18.08.1928.
Bergens Museum:
Kopi av korrespondanse 1906-1955.

PERMANENT IDENTIFIKATOR