Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. august 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gaularfjellsvegen opna



Vegen over Gaularfjellet var ferdig ein av dei første dagane i desember 1938, etter tre års arbeid. Men vegopninga hang i ein tunn tråd. På fjellet rasa det storm som la snøen i store skavlar. Brøytebilane braut saman, men korkje vegkontoret eller mannskapet gav opp.

Utsikt frå Nystølsskardet.

Utsikt frå Nystølsskardet.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest.

Datering: 1936-1938.

Fotograf: K. Norddal

Ny brøytebil

Opninga var bestemt til 6. desember. Det var mykje snø på fjellet, og då brøytebilane både frå Stryn og Firda Billag knakk akslingen i kampen mot vergudane, såg det ut som opninga måtte utsetjast. Men ny bil vart rekvirert frå Filefjell og sendt vestover med ferja "Vesle-Øyvind" til Vetlefjorden. Dit kom han tysdag 5. desember. Då var det snøkav og sterk vind på fjellet. Bilen var i verksemd heile natta, saman med 40-50 mann som vart sette til å moka vegen. Først klokka 13.00 ut på dagen 6. desember var vegen farbar. Opningsdagen kom med fint ver og gløtt av sol.

Første tur over fjellet

Til saman var det 40 innbedne gjester til opninga. Dei fleste drog via Vadheim. Første stopp var Mjell i Gaular kommune. Der den nye vegen byrja var det reist ein port. Her var Gaular kommune vertskap med lefser og vaflar, og ordførar Mathias Råheim heldt tale. Klokka 14.30 vart vegen offisielt opna av vegsjef Torp frå vegkontoret på Hermansverk. Så gjekk turen over fjellet i kortesje med fire drosjar, ein stor buss og ein lastebil med arbeidarar. Det vart ei eventyrleg ferd gjennom snøfenner som enkelte stader var opp til 2 m høge. Ved Nystølsskardet hadde arbeidarane laga to digre snømenn med kvart sitt norske flagg, og også her vart kortesjen motteken med salutt.

Ein spektakulær veg

Utsynet over Vetlefjorden og dei snødekte tindane tok pusten frå deltakarane. Slik står det å lesa i Sogn Tidende; "So bar det frå Nystølskardet og ned i djupet. Det vart stilt i ferdafylgjet. Noko so storfelt som utsynet yver tindane i aust, Melsnipa (1790 m. høg) dei andre mest like høge og so nedunder der Vetlefjorddalen som ei trong reva, det måtte vel vera mat for turistane, skulle eg tru. So går vegen i lange svingar ned og ned. Dalen opnar seg etter kvart."

Ein sambygding i spissen

Ingeniør Sigurd Ese fekk mykje ros for arbeidet sitt. Ese hadde det siste året vore anleggsleiar for heile anlegget. Han var og den som hadde stukke veglina. På Midttun i Vetlefjorden hadde dei bygd ein flott æresport, og saman med skuleungane gjekk folk ut av bilane og gjennom porten. Her fekk Sigurd Ese overrekt blomstrar av ei lita jente. Under middagen på Kvikne`s Hotel fekk han ein vase med raude roser frå arbeidarane.

Fest på Kvikne`s Hotel

Frå Ulvestad måtte følgjet dra vidare med ferje til Balestrand. Klokka 18.00 byrja festen på Kvikne`s Hotel. Det var mange prominente gjester på hotellet den kvelden. Her var folk frå Vegdirektoratet, frå vegkontoret på Hermansverk, frå Fylkesbaatane, Firda Billag og frå Postverket. Her var lensmenn, ordførarar, distriktslege og bladfolk. Alle let dei vel over det arbeidet som var gjort. Dåverande ordførar i Balestrand, Anders J. Bøyum, hevda at kommunikasjonane var grunnlaget for både næringsliv og kultur. Det vart uttrykt høge forventningar til vegen som ein viktig turistveg. Gaularfjells-vegen var på mange vis eit døme på ein ny måte å tenkja vegutbygging på: raskt og billeg skulle landet bindast saman.
I 1939 vart det oppretta dagleg bussrute over fjellet, men det var ikkje før i 1951 at bussane kunne køyra heile vegen fram til Balestrand. Då sto vegsambandet Farnes - Ulvestad ferdig.

kjelder:

Sogningen, 9. desember 1938.
Olav L. Ulvestad; Gaularfjellsvegen. Soga om korleis vegen vart ein realitet 1936-38, Balestrand 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR