Kulturhistorisk leksikon

Musikkinstrument (11)

  • Alfred Maurstad - frå Tuftene i Maurstadgrenda

    Skodespelaren Alfred Maurstad (1896-1967) vart fødd og voks opp på Bryggja i Ytre Nordfjord. Barndomsheimen hans på småbruket Tuftene ligg i skråninga ned mot Maurstadvika. Det er i privat eige og ikkje ope for ålmenta. Arthur Klæboe var på vitjing på Tuftene i 1966 for å laga eit radiointervju med Maurstad.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Lars Hjellbakk - spelemann og slåttediktar

    Lars Hjellbakk (1889-1976) var gardbrukar, felemakar, treskjerar, spelemann og slåttediktar frå Hornindal. Han har vore den sentrale tradisjonsberaren av folkemusikk i Hornindal den seinare tida.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hornindal
  • Anders Viken - nyskapar i folkemusikken

    Anders Viken (1898-1977) var spelemann og komponist frå Jølster, og komponerte kring 500 slåttar. Han fekk òg utvikla ei hardingfele som fekk namnet Idealfela, - ein kombinasjon mellom hardingfele og vanleg fele.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Orgelharmonium i Ortnevik kyrkje

    Ortnevik kyrkje stod ferdig i 1925. Ho er spesiell på mange måtar, - ikkje minst når det gjeld orgel. Orglet anno 2006 er bygd opp av to gamle orgel, det eine frå Lærdal, det andre frå Sømna i Nordland. Det første orglet - som er over 100 år gammalt - er framleis bevart!

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Nytt orgel frå to gamle i Ortnevik kyrkje

    Ortnevik kyrkje har ei hendingsrik orgelhistorie. Sidan kyrkja var ny i 1925, har dei måtta skifta ut det eine instrumentet etter det andre. Det fjerde og siste skil seg frå dei tre føregåande ved at det er eit pipeorgel. Dessutan er det spesielt ved at det er bygd opp av to gamle orgel, frå to kyrkjer på kvar sin kant av landet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Orgelet i Høyanger kyrkje - eit eventyr

    I 1999 var ansvarlege for kyrkja i Høyanger urolege for orgelet. Det kunne bryta saman når som helst. Fire år seinare vart nytt orgel teke i bruk, eit 102 år gamalt "meisterverk av eit instrument" frå Somerton i England. Samla kostnad var rundt rekna 500 000 kroner. Nytt orgel ville ha kosta det ti-doble. "Eit eventyrleg orgel" var overskrifta på avisa Ytre Sogn sin reportasje frå vigslinga i mai 2003.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • 1905 - Musikklivet i Sogn og Fjordane

    I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen omhandlar musikklivet i Sogn og Fjordane kring 1905.

  • Folkemusikk i Naustdal

    Naustdal har rike tradisjonar i tradisjonsmusikk. Kor langt attende desse går er det ingen som veit i dag. Ein finn skriftlege kjelder tilbake til slutten av 1700-talet som fortel om at det har funnest feler i bygda. Elles er det lite ein veit om musikken før 1900. I mange bygder vart spelemannstradisjonane brotne, hovudsakleg på grunn av religiøse vekkingar. Dette skjedde ikkje i Naustdal i stor grad, men ein fekk likevel eit brot i tradisjonen med dei eldste slåtteformene som springar og halling. Det kjem av at runddans-slåttane vart meir populære, og overtok plassen etter bygdedansen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Naustdal
  • Hans Kvernevik - fela og folkemusikken

    "Fjordenes Tidende" (Måløy) hadde i julenummeret 1984 ein artikkel med overskrifta "Fela og folkemusikken har gitt meg mykje". Stykket er skrive av Hans Kvernevik frå Flister i Selje. Kvernevik fortel litt om fjordarmen Flister, og om kva fela og folkemusikken har hatt å seia i livet hans. Undertittelen på stykket er: "Eit attersyn". I attgjevinga her er det sett inn mellomtitlar og lagt inn nokre merknader.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Laterna magica

    Laterna Magica eller såkalla ”magiske lanterner” vart først omtala på 1500-talet. Det ”magiske” ved desse lanterne var at dei projiserte bilete måla på glasplater på eit lerret. Apparatet, som hadde si glanstid i perioden 1840-1910, er forgjengaren til både lysbildeframvisaren og kinofilmen.

  • Folkemusikken i Årdal

    Folkemusikken i Årdal kjenner vi i dag gjennom gode musikarar frå Årdal som har vidareført tradisjonane. I Årdal finn ein mange kjelder både om song og spel på ulike instrument. Tromme, bukkehorn og neverlur er av gammalt opphav, andre blåseinstrument er trelur og seljefløyte. Munnharpa og langeleiken er òg gamle instrument som har vore brukt her. Men då hardingfela vart meir utbreidd for 2-300 år sidan, gjekk desse eldre instrumenta meir ut av bruk.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Årdal