Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 26. november 2004

Sist oppdatert 13. november 2019

Kategori

Rå-data

1905 - Musikklivet i Sogn og Fjordane



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen omhandlar musikklivet i Sogn og Fjordane kring 1905.

Kong Haakon stig i land i Norge. Hendinga inspirerte Johannes B. Nedrebø i Jølster til å skrive ein 1905-springar.

Kong Haakon stig i land i Norge. Hendinga inspirerte Johannes B. Nedrebø i Jølster til å skrive ein 1905-springar.

Eigar: I Unionens opløsning i 1905.

Datering: 1905.

Fotograf: Rude.

Tid for tradisjonsmusikken

Dei konkrete hendingane i 1905 påverka nok ikkje tradisjonsmusikken som kulturelt uttrykk i særleg grad. Samstundes kan ein seie at den sterke nasjonalkjensla og ideen om den "autentiske" norske bondekulturen, som prega nasjonalromantikken i Noreg, har sett spor etter seg på ei rekkje felt. Nasjonalromantiske komponistar med Grieg, Tveitt og Sæverud i spissen lot seg inspirere av tradisjonsmusikken. Gjennom tildeling av stipend bidrog staten til innsamling av musikken til bygdefolket i Norge.

Olav Sande samla folkemusikk

Ein av dei som fekk eit slikt statsstipend var Olav Sande frå Leikanger i Sogn (fødd i Kyrkjebø). Han var både skulemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar og komponist, men er kanskje i ettertida mest kjend som folkemusikksamlar. Han fekk statsstipend frå 1899 og reiste rundt i landet og samla inn over tre tusen folketonar, der brorparten er frå Sogn og Fjordane. Han gav ut notesamlinga Norske tonar (I-IV, 1904-11) på "eigen kostnad", ei blanding av innsamla folketonar og eigne komposisjonar. Han skreiv òg dikt og forteljingar og sette tone til fleire nynorske dikt.

Frå flatfele til hardingfele

Frå Nordfjord veit vi at fleire sentrale spelemenn bytte frå flatfele til hardingfele i åra rundt unionsoppløysinga. Dette gjeld mellom anna spelemenn som Samuel Bergset (1888-1974) og Jon Rosenlid (1891-1974). Det er vanskeleg å seie noko om årsak og verknad her, men truleg var norskdomsbylgja som slo inn over landet fram mot unionsoppløysinga ei medverkande årsak til dette. Denne brytninga med skifte til hardingfele var ikkje like aktuellt i Sogn og store delar av Sunnfjord, ettersom der var stort innslag av hardingfela frå før.

Nytt repertoar

Ein annan trend i samtida var at ein byrja å ta i bruk nye slåttar. Etterdønningane etter konserttida med "Myllarguten", Lars Fykerud og Sjur Helgeland sine utbygde slåttar, påverka også spelemenn i Sogn og Fjordane. Dei forholdsvis korte to-veks feleslåttane i Nordfjord hadde truleg lågare status i samtida samanlikna med større konsertnummer. Resultatlister frå kappleikar i Bergen ved førre århundreskifte tyder på dette.

Hymne til Kongeparet

Johannes O. Haarklou (1847-1925) var fødd på garden Hårklau i Haukedalen i Førde kommune. Han flytte etterkvart til Oslo der han hadde sitt virke som komponist. Han var ein av dei fremste i norsk musikkliv i åra 1880-1925. Han var ikkje berre verksam som komponist, men òg som musikkmeldar, organist og dirigent.

Han komponerte eit av sine finaste kor-verk for blandakor, "Hymne", i samband med kongeparet sitt inntog i hovudstaden i 1905. Komposisjonen er tileigna Kong Haakon VII og dronning Maud. Verket var opphaveleg tileigna Christian Michelsen, men då Michelsen fekk høyre om dette, foreslo han i staden at verket skulle tileignast kongeparet (Benestad s. 44).

"Fra Bryggen til Slottet"

I Fylkesarkivet si samling med tradisjonsmusikk i Sogn og Fjordane finn vi ein springar av Johannes B. Nedrebø som han har kalla "Fra Bryggen til Slottet" (Su-040641). Utøvar på hardingfele er Samuel Sandnes frå Førde i eit opptak frå 1970. Springaren vart laga i høve at H.M. Kong Haakon steig i land i Oslo som norsk konge 25. november 1905, og er eit konkret eksempel på at tonekunstnarar i Sogn og Fjordane lèt seg inspirere av dei nasjonale hendingane i 1905.

Hornmusikk og militærorkester

I avisene i fylket finn vi nokre få skildringar av musikk i bruk i samband med arrangement i 1905. Frå Vik skriv avisa Sogningen (24.05.1905) at militærmusikken var med i toget som gjekk frå kommunelokalet til skulen på 17. mai.

Valstyreprotokollen for Gloppen viser at gudstenesta i Vereide kyrkje søndag 13. august gjorde eit sterkt inntrykk:

"Fremmødet var enestaaende. Vereide kirke var mere end propfuld. Gudstjenesten, udført af cand.theol. Pryz, en søn af sognepresten, var alvorsfuld og gribende. Sandenes hornmusikk ydede velvillig assistance."

Den unge studenten Martin Birkeland fortel om sine inntrykk frå denne dagen i Gula Tidend 25. august:

"Og daa Hornmusikken spela og heile Lyden standande sang "Gud signe vaart dyre Fedreland" var alle gripne og mange Augo vaate."

"Mere musikk i kirkerne!"

I Gloppen hadde ein ikkje kyrkjeorgel i 1905, men "den almindelige kirkesang har som regel paa de store høitider været ledsaget med ven hornmusik af Sandenes musikkorps, som herfor har modtat den bedste tak og gode ønsker" - kan ein lese i Fjordenes Blad 10.05.1905. Forfattaren av innlegget ynskjer seg meir tonefylgje av musikkorpset i kyrkja, men åtvarar samstundes mot å forvente at korpset skal stille opp utan vederlag:

"Men nu er det engang saa i denne verden, at paa talemaader og fromme ønsker er bra at høre; men i længden blir de lidet at leve paa - særlig i pekuniær henseende.!

Vidare står det å lese:

"Sandenes musikkorps har nu været i virksomhed i en længere aarrække og mangen gang bidraget til at stemme sindet baade til andagt og høitid og været særdeles opofrende i alle maader: men lønnen og takken har ikke altid været hverken stor eller opmuntrende, og korpset har ellers havt mange vanskeligheder at overvinde. Alligevel staar de samme mandskaber fremdeles sammen og spiller om vaarkvælden de bløde og trillende toner udover dal og strand og minder mig og dig om musikkens høinende magt."

kjelder:

Benestad, Finn: Johannes Haarklou. Mannen og verket. Universitetsforlaget.
Fjordenes Blad. 10.05.1905.
Avisa Sogningen. 24.05.1905.
Gula Tidend. 25.08.1905.
Intervju med Arne Sølvberg 13.10.2004.

PERMANENT IDENTIFIKATOR