Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Folkemusikk i Naustdal



Naustdal har rike tradisjonar i tradisjonsmusikk. Kor langt attende desse går er det ingen som veit i dag. Ein finn skriftlege kjelder tilbake til slutten av 1700-talet som fortel om at det har funnest feler i bygda. Elles er det lite ein veit om musikken før 1900. I mange bygder vart spelemannstradisjonane brotne, hovudsakleg på grunn av religiøse vekkingar. Dette skjedde ikkje i Naustdal i stor grad, men ein fekk likevel eit brot i tradisjonen med dei eldste slåtteformene som springar og halling. Det kjem av at runddans-slåttane vart meir populære, og overtok plassen etter bygdedansen.

Einar Bakkane og Asbjørn Sunde ein sommarsundag på Vonastranda.

Einar Bakkane og Asbjørn Sunde ein sommarsundag på Vonastranda.

Eigar: Einar Eimhjellen.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Einar Eimhjellen.

Grensar både til vanleg fele- og hardingfele-områda

Før durspelet og trekkspel gjorde seg gjeldane var det nok fela som var det mest brukte musikkinstrumentet, det tyder dei før nemnde kjeldene på. Naustdal ligg på grensa mellom dei gamle vanleg fele- og hardingfele-distrikta, og det er mykje som tyder på at vanleg fele var dominerande i Naustdal, medan hardingfela var dominerande i bygdene på sørsida av Førdefjorden, og musikken i Naustdal var truleg påverka av Nordfjord-spelemenn. I dei seinare åra har hardingfela vorte mest einerådande i Naustdal òg, sjølv om slåttane ber preg av vanleg fele.

Nokre av tradisjonsberarane i Naustdal

Nedanfor er nemnde nokre av dei som har ført vidare musikktradisjonane i Naustdal, og som spelemenn i dag har fått lære slåttane hos. Mykje av den musikken som er ført vidare til yngre spelemenn i dag, har ein etter Valton Torvik (1893-1974). Han budde i Ervik saman med foreldre og sysken. Ein av dei som var mykje i Ervik var storspelemannen Ola Nos (1849-1923) frå Gaular. To av dei som lærte slåttar hjå han var Einar Bakkane og Nils Furnes. Valton Torvik var mykje etterspurd som bryllaupsspelemann. I 1925 reiste Valton Torvik til Amerika, og busette seg i Canada. Her vart han buande resten av livet.

Ola Fauske (1893-1962) var ein dugande spelemann og spelte i mange bryllaup og samkomer. Han lærte slåttar m.a. av Ola Nos. Fauske var jamgammal med Valton Torvik, og dei var mykje i lag og lærte slåttar av kvarandre. Fauske var ein av dei viktigaste kjeldene til Einar Bakkane. Kring 1927 vart han utsett for ei ulukke og øydela eine armen i samband med tresking av korn. Med dette var felespelinga hans slutt.

Einar Bakkane (1907-1973) var fødd i Heilevangsdalen på sørsida av Førdefjorden. Han tok til å spele i 8-9-års alderen. Allereie 12 år gammal spelte han i sitt første bryllaup. Då han var ferdig med skulen, kom han i arbeid hos Torvik-familien i Ervik. Her kom han i kontakt med fleire eldre spelemenn, og det var lærerikt for Einar Bakkane. Slåttane hans var i tradisjon etter m.a. Ola Nos og Gunnar Lundekvam. 25 år gammal fekk Einar Bakkane øydelagt venstre peikefinger, og slutta å spele ein periode. Seinare tok han til å spele på nytt. Han vart med i Indre Sunnfjord spelemannslag då det starta opp i 1969, sidan byrja han i Naustedalen spelemannslag.

Jakob Slettemark (1844-1932) er ein av dei som har sett mest preg på folkemusikken i Naustdal. Han var fødd og oppvaksen på Egge i Breim, med namnet Jakob Sørenson Egge. Slettemark spelte vanleg fele. I ung alder kom han til Nordfjordeid i murarlære, og truleg fekk Slettemark lære felespel både i heimbygda og på Eid. I 1870 flytte han med familien til Naustdal, der han kjøpte garden Slettemark.
Det har alltid vore utveksla slåttar over fjella, og slåttemusikken i Naustdal ber mykje preg av Nordfjord-tradisjonen. Jakob Slettemark er den som har sett flest spor etter seg på dette området og tilført slåttemusikken i Naustdal tradisjonar.

Asbjørn Sunde (1900-1987) var den som lærte mest av Jakob Slettemark, både hamborgar, polka/masurka, vals og reinlendar. Sunde spelte hardingfele og underheldt mange med musikken sin, både på møte, festar, bryllaup og andre tilstelningar. Han hadde òg fleire brør som var gode spelemenn.

kjelder:

Eimhjellen, Einar: Slåttar og spelemenn i gamle Naustdal. Naustdal musikkproduksjon. Naustdal, 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR