Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 05. august 2010

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kommune

Hans Kvernevik - fela og folkemusikken



"Fjordenes Tidende" (Måløy) hadde i julenummeret 1984 ein artikkel med overskrifta "Fela og folkemusikken har gitt meg mykje". Stykket er skrive av Hans Kvernevik frå Flister i Selje. Kvernevik fortel litt om fjordarmen Flister, og om kva fela og folkemusikken har hatt å seia i livet hans. Undertittelen på stykket er: "Eit attersyn". I attgjevinga her er det sett inn mellomtitlar og lagt inn nokre merknader.

<p>Flisterpollen. Vi ser s&aring;vidt huset til Hans Kvernevik i venstre biletkant.&nbsp;</p>

Flisterpollen. Vi ser såvidt huset til Hans Kvernevik i venstre biletkant. 

Eigar: Flister.net/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Kanskje midt på 1980-talet.

Personopplysningar

Hans Kvernevik (1907-1989), son til Anders Christoffer Hansson Kvernevik (1875-1949), budde på garden Flister, gardsnummer 79, på bruksnummer 3, Øyra, utskilt som eige bruk i 1858. Han var gift med Ingeborg, fødd Rundereim (1909-1965). Dei hadde seks born.

Avstengd stad

Eg bur på ein einbølt plass (1) plass i Pollane i Selje (2). Ein av dei mest verharde stader på Vestlandet (3). Veg og straum kom først i 70-åra (4). Det blei då helst å nytte færingen om ein skulle til enten post, telefon eller handelsmann, desse låg fleire kilometer undan. Det same med folkeskulen.
 

Merknader:

  1. einbølt plass – einbølt tyder eigentleg stad med berre ein bustad, helst i tydinga avsides. Her kan me forstå nemninga som ein matrikkelgrad (Flister) med fleire bruk.
  2. pollane – poll - fjordarm; Sørpollen, Nordpollen og Flisterpollen.
  3. staden er kjend for sterk kastevind, kanskje namnet Flister kjem av sterk vind, jfr. uttrykket ”det kom ein sterk flistring” Kjelde: Aaland, Jacob: Nordfjord. Selje og Vågsøy. 1943.
  4. elektrisk straum 1959, vegutløysing hausten 1966. Kjelde: www.Flister.net

God fiskeplass

Staden her er vide kjend for sine fiskerikdomar, torsk om vinteren og sild og makrell om sommaren. Det førde til stor ”gjennomtrekk” av unge tenestefolk utanfrå, jenter og gutar. Som nest eldst av ein syskinflokk på 9, vart det då naturleg val av yrke på sjøen.

Bygdespelemenn

I dei fleste heimar fanst det den tid fele, dei fleste av felene blei helst hengande på veggen, men ein og annan bygdespelemann var også her i distriktet. I samanheng med desse vil eg nemne Villum i Silda og ”Berstahans”[?] (Hans Berstad) og Isak Uren. Desse og andre vart mest nytta som spelemenn i brudlaup, festar og sokalla dansarstover, ein utsatt jobb i høve skjenk av brennevin, og dei ikkje sjølve greidde å seia nei takk. Desse spelemennen dreiv og ein god del med nyskaping etter eldre folk. Ein del gamaldansslåttar etter desse finst endå att og burde vore teke vare på. Vågar i den samanheng då å namngje Paul Berstad, som tidlegare var ein ganske god felespelar, kan minnast ein del slåttar etter dei nemnde spelemenn. 

Glede og hyggje

Det er lite som har gitt meg so mykje hygge og glede som fela mi, serleg etter oppnådd pensjonsalder og ofte sit einsam som enkemann, og borna, 6 i talet, er flytta ut.

Første fela

Første sjølveigde fela kjøpte eg av Arne Sølvberg i 1920. Denne fela havde han fått frå Gabriel Reed som fekk feler frå Tyskland. Etter at her vart skipa ungdomslag var det då sopass mange som hadde feler og som spela litt, at vi skipa eit slag spellag og songlag. Det vart då – utanomom vanlege tonar – serleg slåttar etter Per Bolstad vi dreiv med og vart då nytta på festar og andre tilskipingar. Ein av deltakarane, Rasmus Sandvik, vart den første her i distriktet som kjøpte hardingfele. Min hug vart så kveikt til også å få hardingfele.

Hans Sætren

Vinteren 1927-28 gjekk eg på Fjordane folkehøgskule på Eid. Blant andre elevar var det ein Samuel Sætren frå Hornindal som då var felebyggjar og god spelemann. Han havde med hardingfeler til internatet og det blei til at vi øvde ein del saman og vart nytta på elevkeveldar m.a. Han lærde meg stille og stell av fela og vi blei sers gode kameratar. Han var og til meg på besøk i heimen nokre gonger.

Første hardingfela

Det blei til at eg fekk kjøpt rimeleg ei fele av han. Denne fela er bygd i 1926, og eg har ho framleis [1984]. Den er blitt høgt vurdert av felekjennarar, men høgast av meg, for det den har vore – og er, for meg og eit kjært minne om ein god kamerat. Fela har oftast vore med når eg har vore ute på reiser og også kappleikar.

På kappleikar

Etter at helsa svikta ein del, og eg blei pensjonist og fingrane mjukna, vart det til påmelding på dei fleste kappleikar som fylkes-, Vestlands- og Landskappleik. Det utrulege hende at eg havde med heim premiar frå alle desse. Premiane er bra, men det som tel mest er miljøet og det personlege kjennskap og vennskap eg har fått med store og små spelemenn/kvinner. Vågar i den samanheng å nemne nokre: Hans W. Brimi, Sigbjørn B. Osa, Einar Mjølsnes, Knut Buen, Agnes Buen Garnås og Hauk Buen. 

Havde den store oppleving og glede å kome i heimen til Tone og Hauk Buen en gong eg var til Kongsberg. Fekk der sjå hans store samling av premier og medaljer han havde oppnådd for spelet sitt, og som han sjølv sa ”utan å ha lært eller brukt notar”. Som minne fekk eg kassetten ”Slåttesull og Fanitull” innspelt av han og broren Knut. Kasetten skreiv han namnet sitt på, likeeins fekk eg eit for meg ukjent fiskereiskap, ”gjeddesaksa”, som souvenir. Han spela også lenge for meg på sin meisterlege måte. Dette er minne som sit.

Lokale spelemenn/kvinner

Likeeins [vil eg nemna] spelemennene i Hornindals Spelemannslag med sin leiar Ragnvald Lunde, Småhonndølene, Honndalstausene, vidunderet Annbjørg Lien, Sigmund Eikås, Arne Sølvberg, Jon Oddvar Andal, Svein Hjellbakk, Lars Fjell, Per Støya, Jostein Fjærestad. So [vil eg nemna] desse som har besøkt meg, Arne Hallsteinslid, Per Sandnes, Hans Seljebakke og Nils Standal, alle frå Eid. Serleg Standal (..) har vore til stor hygge for meg.

Helsing

Kunne fortsett med å nemne mange fleire namn, men vil slutte med å takke og helse til kjente og ukjente med ”godt mot”. Det mest gledelege er at mange unge gutar og jenter kjem med etter kvart. Hugs at hardingfela er vald til vårt nasjonalinstrument. God jul og godt nytt år helsar Hans Kvernevik, Flister, 2. desember 1984. 

kjelder:

 Fjordenes Tidende, julenummer, 1984

Informasjon frå:
Internett/Facebook/Flisters Venner

Arild Kvernevik, Gloppen