Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. august 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Laterna magica



Laterna Magica eller såkalla ”magiske lanterner” vart først omtala på 1500-talet. Det ”magiske” ved desse lanterne var at dei projiserte bilete måla på glasplater på eit lerret. Apparatet, som hadde si glanstid i perioden 1840-1910, er forgjengaren til både lysbildeframvisaren og kinofilmen.

Laterna Magica var eit svært populært underhaldningsmedium i tida 1840-1910. Illustrasjonen syner eska som den tyske lanternemodellen ”Climax”, (produsert i 1886), vart levert i.

Laterna Magica var eit svært populært underhaldningsmedium i tida 1840-1910. Illustrasjonen syner eska som den tyske lanternemodellen ”Climax”, (produsert i 1886), vart levert i.

Eigar: Anna L. Conti (http://www.flickr.com/photos/bigcrow).

Datering: 2009.

Fotograf: Anna L. Conti (http://www.flickr.com/photos/bigcrow).

Korleis fungerte lanternene?

Ei magiske lanterne er ein boksforma konstruksjon som inneheld ei lyskjelde, ein spegel og to optiske linser. Spegelen er plassert bak lyskjelda, medan dei to linsene er plassart framfor lyskjelda i eit tubeforma røyr. Framfor dei to linsene vart eit gjennomsiktig bilete på glasplater plassert. Bileta vart sett inn i apparatet opp ned og bak fram. Når så lyskjelda i lanterna er tent, vert det projisert eit korrekt bilete på ein vegg eller eit lerret.

I starten nytta ein oljelampar og etter kvart kalklys som lyskjelde i lanternene – dei tidlegaste modellane har difor ein skorstein på toppen. Seinare gjekk ein over til å nytte elektrisk lys, noko som var langt tryggare.

Lanternemodellar

Dei enklaste lanternemodellane var laga i metall. Meir luksuriøse modellar var kledd i mahogni og hadde messingdetaljar. På marknaden fanst også såkalla ”bi-unial” lanterner med to objektiv, og triple lanterner med tre objektiv. Ved hjelp av desse sistnemnde lanternetypane kunne ein produsere meir avanserte visuelle effektar, til dømes kunne ein skape ein illusjon av at eit bilete løyste seg opp i eit anna.

Animerte effektar kunne også lagast ved hjelp av såkalla mekaniske slides. Mekaniske slides var laga av to eller fleire glasplater som kunne bevegast uavhengig av kvarandre. Ein kunne for eksempel skape ein illusjon av at til dømes ein hest bøygde hovudet og drakk frå elva, ved å male halsen og hovudet på ei bevegeleg glasplate medan resten av motivet var måla på ei anna glasplate.

Lanterna og fotografiet

Magiske lanterner hadde allereie eksistert i nær 300 år når fotografiet vart oppfunne på 1840-talet. Slides vart laga for hand ved at ein målte motivet med gjennomskinneleg måling på glasplatene. Brørne William og Fredrick Langenheim frå Philadelphia såg potensialet den nye oppfinninga hadde: Kva om ein kunne nytte lanterna til å syne fram fotografi? Ikkje berre kunne ein då tilby meir naturtru motiv, ein kunne også på ein langt enklare og rimelegare måte enn tidlegare produsere og mangfaldiggjere slides til dei magiske lanternene.

Brørne Langenheim, som i si samtid var anerkjente fotografar, nyttiggjorde seg av eksperimenta til franskmannen Abel Niépce de Saint-Victor. Saint-Victor hadde i 1847 klart å lage negativ på glasplater ved hjelp av albumin. I staden for å kopiere ut fotografiet frå glasplatenegativet på papir, utvikla Langenheim-brørne ein teknikk for å kopiere det ut på ei anna glasplate. Slik fekk dei eit gjennomsiktig positivt bilete. Dette bilete kunne så eventuelt fargeleggjast for hand, før motivet vart forsegla ved hjelp av nok ei glasplate og teip. I 1850 tok brørne patent på oppfinninga si under namnet hyalotypi.

Lanterneshow

Den magiske lanterna hadde si stordomstid i perioden 1840 til 1910. Lanterneshow var ein folkeleg og populær form for underhaldning i denne perioden. Showa hadde som regel form av illustrerte føredrag om populærvitskaplege emne som natur og dyreliv, kunst og reiseskildringar. Bileta vart saman med levande musikk nytta til å skape interesse og fascinasjon for temaet det vart førelest om.

I tillegg til denne forma for allmennopplysande underhaldning vart det også laga førestillingar der skrekk og gru, komikk, eventyr og songar var det sentrale. I desse sistnemnde førestillingane nytta ein gjerne handmåla mekaniske slides for å skape animerte effektar. Ein av dei mest populære komiske animerte slidesa var ”rottefangaren”.

”Rottefangaren” startar med ein mann som ligg og søv i senga si. Framvisaren lagar snorkelydar samtidig som han får den sovande mannen sin munn til å opne og lukke seg i takt med lyden. Så kjem ei rotte til syne på sengekanten. Plutselig, mens mannen sin munn er open i eit høgt snork, spring rotta over senga og stupar inn i munnen til mannen.

Lanterna som familieunderhaldning

Produksjon av rimelege lanterner gjorde det etter kvart også mogleg for folk flest å kjøpe sine eigne lanterner. Lanterneprodusentane hadde eit breitt utval lanternebilete for sal. I Perken, Son & Rayment si 1890-liste over fotografiske lanternessett finn ein titlar som: ”Barberaren og hans smarte hund”, ”Verda rundt med eit kamera”, ”Eit besøk på British Museum”, ”Vulgær gut”, ”Småfulle gjess”, ”Hardangerfjorden, Noreg”, ”Gjennom Turkestan til den afghanske grensa”, ”Rødhette” og ”Menneskeleg fysiologi”. Setta inkluderte som regel eit hefte med tekst til bileta. Slik kunne ein lage sine eigne lanterneshow i heimen.

Lanterna i skule og undervisning

I tillegg til å vere eit svært populært underhaldningsmedium, fekk den magiske lanterna stort gjennomslag i skule- og utdanningssektoren. Som det vert hevda i publikasjonen ”The Magic Lantern. It’s Construction and Use” frå 1890:

Det er eit uventa, men veldig sant faktum, at eit emne som er tørt og usmakeleg i seg sjølv, kan bli gjort veldig attraktivt dersom det vert illustrert med lanterna. Ta for eksempel eit slikt tema som fysisk geografi. I seg sjølv vil det, dersom læraren ikkje er uvanleg veltalande og talentfull, ikkje vere attraktivt for unge personar. Det vil vere nær umogleg å formidle til forstanden deira gjennom rein skildring åleine, variasjonen av naturlege under som er inkludert i dette nye studiefeltet. Men kor rikt kan det ikkje bli illustrert ved hjelp av lanternefotografi! I staden for å vere avgrensa til kart åleine – som alltid er totalt uinteressante ting for elevar – kan dei ha rikeleg med bilete av landa ein tar for seg, noko som vil halde på merksemda deira og få dei til å hugse det dei har blitt lært (s.14, mi omsetjing).

Lanterna, og seinare projeksjonsapparat som lysbildeframvisaren, var komen for å bli i skuleverket. Ikkje minst vart lanterna og hyalotypien viktig i visuelle disiplinar som arkitektur og kunsthistorie: Studentane kunne no for første gong i detalj studere naturtru representasjonar av kunstobjekt og arkitektur frå heile verda.

Lanternefotografi ved Fylkesarkivet

Magiske lanterner og lanterneslides er i dag ettertrakta samlarobjekt som det finst få bevarte eksemplar av. Ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har vi bevart ei unik og svært vakker samling handkolorerte lanternefotografi. Fotografia er knytt til den tidlege cruisetrafikken til Noreg og syner attraksjonar og overnattingsstader på Vestlandet.

Du kan sjå heile samlinga her: http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbfoto&ptype=list_dbfoto_thumbnail&sql=low%5Fsfffoto+like+%27sfff%2D1992078%25%27++

kjelder:

A fellow of the chemical society (1890), The Magic Lantern: It’s Construction and Use, Hatton Garden: Perken, Son, and Rayment

PERMANENT IDENTIFIKATOR