Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. november 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Orgelharmonium i Ortnevik kyrkje



Ortnevik kyrkje stod ferdig i 1925. Ho er spesiell på mange måtar, - ikkje minst når det gjeld orgel. Orglet anno 2006 er bygd opp av to gamle orgel, det eine frå Lærdal, det andre frå Sømna i Nordland. Det første orglet - som er over 100 år gammalt - er framleis bevart!

Det fyrste orgelet i Ortnevik kyrkje står nede i kyrkja på høgra sida av preikestolen. Det stod oppe på galleriet frå kyrkja var ny i 1925 til det måtte vika plass for kyrkja sitt orgel nummer to i 1950.

Det fyrste orgelet i Ortnevik kyrkje står nede i kyrkja på høgra sida av preikestolen. Det stod oppe på galleriet frå kyrkja var ny i 1925 til det måtte vika plass for kyrkja sitt orgel nummer to i 1950.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Framme i kyrkja

Ortnevik kyrkje har hatt fire orgel. Det siste vart vigsla i november 2006 med stor festivitas og biskopen til stades. Orgel nummer to og tre er tekne vare på av ein orgelinteressert mann i bygda, medan det første framleis står nede i kyrkja, til høgre for preikestolen. Det er eit imponerande instrument å sjå til. Spelebordet minner litt om spelebordet på eit piano, men det særeigne med instrumentet er pipesiratet, 17 pyntepiper som er plasserte i ei tavle.

Harmonium

Det gamle orglet i Ortnevik er eit harmonium (orgelharmonium), ikkje eit pipeorgel. Skilnaden på "ekte" orgel (pipeorgel) og harmonium (til vanleg også kalla orgel, husorgel, trøorgel) er at i eit harmonium kjem lyden fram ved at ein luftstraum set eitungei vibrasjon, på same måten som i eit munnspel, medan lyden i pipeorgel oppstår når luft vert pressa gjennom spalteopninga i eipipemed resonansrom. I harmoniumet kan ei tunge gje ei stemme eller kombinasjon av stemmer. I pipeorglet oppstår det berreei stemmefrå ei og same pipe.

Orglet har eitt manual (ei rekkje tangentar) og pedalanhang («tangentrekkje» for føtene). Tangentane og pedalane er kopla til lydpunkta (tungene) inne i orgelkassen. På baksida er det montert ei stang som står i samband med luftkjelda, belgen.

Organisten må ha luft til lydelementa i instrumentet sitt. I vår tid skjer det ved elektrisk kraft. I eldre orgel skjedde det mekanisk, enten ved at organisten sjølv brukte føtene på trøer som var kopla til belgen, eller ved at ein belgetrøar eller belgetrekkjar gjorde jobben. I skriftlege kjelder finn me "belgetræder" (belgetrøar) og "belgetrækker" som tittelnemningar på personar som pumpa luft til eit orgel.

Alderen

Det har vore uvisse om alderen på det gamle orglet i Ortnevik og tildels motstridande opplysningar. - Det er gammalt, seier folk i Ortnevik. Det kom frå kyrkja på Kyrkjebø i 1925, då Ortnevik kyrkje stod ferdig. I eit hefte om Kyrkjebø kyrkje som kom ut til hundreårsjubileet i 1969, står det at kyrkja fekk orgel "i slutten av 1870-åra", og vidare, at då kyrkja fekk nytt orgel i 1910, vart det gamle ståande i kyrkja og seinare jamvel brukt ved somme høve.

I fylgje ei anna kjelde, Anna Lindhjem si bok Norges orgler og organister til og med 1914, fekk Kyrkjebø kyrkje orgel i 1869, eit «pedalharmonium». Ei tredje kjelde, møteboka til kommunestyret i Kyrkjebø, stadfester året 1869. I møte 15.11.1869 handsama dei ei rekning frå Arne J. Kirkebø på husrom for seks prestar ogorganisti høve vigslinga av den nye kyrkja 8. og 9. oktober 1869. Det skulle vera ei rimeleg sikker slutning at det må ha vore orgel i kyrkja. Dei hyrte neppe inn ein organist med orgel i reiseveska.

Orgelbyggjar: ukjend

Me veit ikkje kven som bygde det gamle kyrkjeinstrumentet, men me har ein orgelbyggjar i tankane. Nyare orgel har alltid namnet til orgelprodusenten godt synleg. Det var også tilfelle med dei fabrikklaga pipeorgla som tok til å koma i landskyrkjene frå slutten av 1880-åra. På dagens orgel i Ortnevik, som vart bygd opp av to gamle, står ein liten plakett med namnet Olsen - Jørgensen - eit kjent firma som leverte fleire hundre kyrkjeorgel frå 1890-åra og framover. På det gamle harmoniumet er det ikkje noko slikt iaugefallande produsentmerke, heller ikkje nokon meir avgøymd signatur.

Eit Kvarme-orgel?

Peter Nielsen Quarme (1794-1852) og Nils P. Kvarme (1828-1902), far og son, var to av fleire namngjetne orgelbyggjarar i ein orgelbyggjingstradisjon som voks fram i vossetraktene på 1800-talet. Lokalhistorikaren Johannes Gjerdåker på Voss og orgelhistorikar Stein Johannes Kolnes i Tysvær har skrive artiklar om dette merkelege bygdefenomenet. Kolnes har også skrive ei bok om norsk orgelkultur. Begge Kvarmane hadde område i Sogn og Fjordane som arbeidsfelt. Dale kyrkje i Luster hadde eit Kvarme-orgel i 1850. Me veit ikkje nøyaktig når det kom, men det kan ha vore fleire år tidlegare. Orglet i Dale-kyrkja er det fyrste kjende orglet i kyrkjene i Sogn og Fjordane.

Sonen Nils Kvarme fylgde i fotefara til faren. Han bygde, reparerte og stemde orgelinstrument i alle tre Vestlandsfylka. Me veit at han sende tilbod til fleire kyrkjer, og at han fekk ordrar. Fru Knagenhjelm kjøpte eit Kvarme-orgel til Kaupanger kyrkje i 1860. Stedje kyrkje takka nei til eit tilbod i 1868. I Lærdal kjøpte dei Kvarme-orgel til Hauge kyrkje i 1890.

På denne bakgrunnen er det difor nærliggjande å tenkja på Nils Kvarme som mogeleg byggjar av orgelet som kom til Kyrkjebø i 1869. Eit anna moment som kan trekkjast inn er utforminga av instrumentet. Anna Lindhjem opplyser i boka si at Kvarme d.y. utvikla orgla sine frå dei meir enkle faren bygde, til rikare utstyrde og meir påkosta orgelinstrument. Lindhjem nemner at Kvarme d.y. leverte orgel med pipesirat, det vil seia falske piper som skulle sjå ut som ekte orgelpiper, og dermed gje inntrykk av at instrumentet var eit pipeorgel, ikkje berre eit skarve harmonium.

Kolnes nemner ikkje pedalharmoniumet i Kyrkjebø kyrkje i 1869, korkje i artiklane sine eller i boka. Men det treng ikkje bety at det ikkje er eit Kvarme-orgel. Kjeldetilfanget kan ha vore mangelfullt. Men me er ikkje til vegs ende. Det finst fleire stader å spørja og meir akrivmateriale å leita i. Dag Sæverud, konservator og styrar på Voss folkemuseum, seier det er vanskeleg å identifisera gamle orgel utan signatur. På museet har dei ikkje noko fullgodt Kvarme-orgel. Dei har berre restar. Sæverud seier at skriftlege kjelder som vedkjem innkjøp, vedlikehald og betaling kan gje svar. Og elles kan orgelkjennarar trekkja slutningar frå studier av handverket, - piper og anna.

"svært verdifullt"

Historia til Kyrkjebø-orgelet i Ortnevik er altså pr. desember 2006 berre klårlagd eit stykke på veg. Førebels kan me oppsummera med at Sogn og Fjordane har eit praktfullt 1800-talsorgel i Ortnevik, og så langt me kjenner til, det eldste i sitt slag i fylket og det best bevarte. Det har me støtte for hjå to som "har greie på orgel", - konservator Mats Krouthén på Ringve museum i Trondheim og Stein Johannes Kolnes.

Konservator Mats Krouthén slår fast at det "onektligen inte ser ut som nogon dussinvara." Kolnes seier meir. Han kjende ikkje til Ortnevik-orgelet då han skreiv boka si og artiklane om orgelbyggjarane Kvarme. Han viser til at så langt han kjenner til, er det forbausande lite som er bevart av lokalt produserte orgel på 1800-talet. Han konkluderer med at det med god grunn kan hevdast at Ortnevik-orgelet er eit klenodium. Vidare seier han: "Om det er unikt i aller snevraste tyding av ordet, kan naturlegvis ingen seie, men vi kan faktisk ikkje sjå bort frå dét heller. Så dette instrumentet er svært verdifullt". 

kjelder:

Lindhjem, Anna: Norges orgler og organister til og med 1914. Skien 1916.
Kolnes, Stein Johannes:
1. Orgelbyggjartradisjonen på Voss. Litt omkring den tidlige fasen. I: Gamalt frå Voss, 2001.
2. "Vær kjærlig hilset fra din Fader N.P.Kvarme", skisser til historia om ein orgelbyggar. I: Gamalt frå Voss, 2003.
Gjerdåker, Johannes: Ålmenn soge for Voss. Frå 1800 til vår tid. Band 1 og 2. 1990/1991.
Hoff, Anne Marta, o.fl.: Dale kyrkje i Luster 750 år. Kyrkja, folket og bygda.
Informasjon frå:
Stein Johannes Kolnes, Tysvær, orgelhistorikar og organist.
Mats Kourthén, konservator, Ringve museum, Trondheim.
Sæverud, konservator, Voss folkemuseum.
Oddvar Kleppa, organist, Stokmarknes.
Kommunearkivet, Kyrkjebø kommune:
Møtebok, formannskapet/kommunestyret 1853-1874

PERMANENT IDENTIFIKATOR