Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 28. september 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Lars Hjellbakk - spelemann og slåttediktar



Lars Hjellbakk (1889-1976) var gardbrukar, felemakar, treskjerar, spelemann og slåttediktar frå Hornindal. Han har vore den sentrale tradisjonsberaren av folkemusikk i Hornindal den seinare tida.

Hjellbakk var ein flink handverkar og hadde ein velutstyrt verkstad og smie. Her ser vi to av dei om lag 80 hardingfelene han laga.

Hjellbakk var ein flink handverkar og hadde ein velutstyrt verkstad og smie. Her ser vi to av dei om lag 80 hardingfelene han laga.

Eigar: I heftet 17 slåttar av Lars Hjellbakk.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Tradisjonsberar frå eldre spelemenn

Lars Hjellbakk viste tidleg evner for musikk, og den første læremeisteren hans var næraste grannen, Ola Olsson Hjellbakk (Spelar-Ola). Seinare fekk han lære slåttar av søskenbarnet Lars Tomasgård d.e., og han fekk og låne fela hans på speleoppdrag. I 1908 kjøpte Lars seg ei hardingfele sjølv av felemakar Ola Langøylid i Sunnylven. Lars Hjellbakk lærte òg slåttar av brørne Ivar og Ola Kjellstad i Sunnylven.

Brydde seg lite om kappleikar

Lars Hjellbakk var ikkje så mykje kjend utanfor Nordfjord og Sunnmøre, og brydde seg lite om kappleikar. Men han var ein sentral personlegdom når det gjaldt bygdemusikk og felespel i Hornindal. Hjellbakk var fast spelemann i mange år - i bryllaup, festar og samkomer, både på sætrehelgar, gjestebod og dugnadar rundt om i bygda. Han var rekna for ein god dansespelemann, og særleg springardansespelet var det ingen som meistra slik som han. Saman med broren Jens spelte han ofte til underhaldning i Dølheim på jule- og pinsefestar, og til dans i bryllaup og på festar var broren Andreas mykje saman med han.

Lars Hjellbakk var også av dei som laga slåttar sjølv, og han var ein stor slåttekomponist. Som bryllaups-spelemann var det skikk og bruk å lage ein ny slått til kvart bryllaup. Dei slåttane Lars laga, var helst danseslåttar. Slåttane er godt samansette i takt og rytme, og er prega av den eldre tradisjonen som Lars Hjellbakk har ført vidare frå eldre spelemenn.

Flink handverkar

Etter framhaldsskulen i sløyd var han ei tid i lære hos byggmeister Nygård på Blakset. Her kom han i samband med spelemenn som Samuel Bergset og Jon Rosenlid. Samstundes vart han kjend med Gabriel Reed, og av han fekk Hjellbakk lære notar. Seinare arbeidde Lars ei tid ved Vestres orgelfabrikk på Haramsøy. Her fekk han god hjelp til å få tak i material og utstyr frå Tyskland til felebygginga. Lars Hjellbakk er kjend for felebygginga, og han skal ha laga om lag 80 hardingfeler. Felene er i dag spreidde over heile landet, og nokre også til USA med utflytte honndøler. Særleg er dei 10-15 siste felene hans rekna for å vere gode feler. Han har òg bygd orgelet som framleis står heime på Hjellbakk.

Heidersutmerkingar

Då Hornindal spelemannslag vart skipa i 1960-åra, vart Hjellbakk læremeister dei første åra, og han var aktiv i laget til han var over 80 år. Hornindal spelemannslag fekk i 1983 spelt inn ein kassett/LP til minne om Lars Hjellbakk, med ein del av hans slåttekomposisjonar, og i 1989 vart det gjeve ut eit notehefte med slåttar komponert av Lars Hjellbakk.

Spelemannslaget gjekk i 1980 i spissen for å få reist ei støtte til minne om han. Denne støtta står på Grodås i Hornindal. Lars Hjellbakk fekk i 1967 Kongens Fortenestemedalje i sølv for sin innsats i folkemusikken si teneste, og frå same dag vart han utnemnd som heidersmedlem i Hornindal spelemannslag.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Lunde, Ragnvald: Spelemannen, felemakaren og komponisten Lars Hjellbakk 1889-1876. Hornindal 1989.
Myklebust, Rolf: Lars Hjellbakk; tale ved avdukinga av minnesmerket. I Jul i Nordfjord. 1980.
Myklebust, Rolf: Femti år med folkemusikk. Oslo 1982.
Lunde, Ragnvald: Spelemannen, felemakaren og komponisten Lars Hjellbakk 1889-1876. I Historisk Årsskrift. Nr. 5. Hornindal 1989.
17 slåttar av Lars Hjellbakk. Notehefte. Hornindal 1989.
Honndalstausene. LP. 1988.

PERMANENT IDENTIFIKATOR