Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Folkemusikken i Årdal



Folkemusikken i Årdal kjenner vi i dag gjennom gode musikarar frå Årdal som har vidareført tradisjonane. I Årdal finn ein mange kjelder både om song og spel på ulike instrument. Tromme, bukkehorn og neverlur er av gammalt opphav, andre blåseinstrument er trelur og seljefløyte. Munnharpa og langeleiken er òg gamle instrument som har vore brukt her. Men då hardingfela vart meir utbreidd for 2-300 år sidan, gjekk desse eldre instrumenta meir ut av bruk.

Storre-fela, vert fela etter Tomas Andreasson Tangen - Storreguten, kalla. Storreguten er kanskje den mest kjende felespelaren frå Årdal. Fela har seinare vore i privat eige på Stalheim i Voss.

Storre-fela, vert fela etter Tomas Andreasson Tangen - Storreguten, kalla. Storreguten er kanskje den mest kjende felespelaren frå Årdal. Fela har seinare vore i privat eige på Stalheim i Voss.

Eigar: I "Bygdebok for Årdal", band 2.

Datering: Ca. 1978.

Fotograf: Ukjend.

Storreguten

Her nemner vi berre kort nokre spelemenn frå Årdal som har ført vidare slåttar til i dag. Tomas Andreasson Tangen (1825-1909) er kanskje mest kjend under namnet Storren eller Storreguten. Han spelte hardingfele, og var ein mykje nytta spelemann i Årdalsbygdene. Storren spela i alle bryllaup og lag i Årdal og bygdene ikring, og var ein meister til å spele til dans, endå han hadde svære grove arbeidshender. Han var skysskar og sleit og rodde støtt, og skyssa posten ein gong for veka åleine mellom Årdal og Lærdal. Storren var ofte på utstillingar og marknader på Lærdalsmarknaden og fekk truleg lære spel her. Sjølv om andre spelemenn var frammøtte, så var det Storren dei helst ville danse etter.

Spelemenn i Eldegard-familien

Eldegard-famileien er sentral i samband med spelemannstradisjonar i Årdal. Det var fleire som spelte fele i familien, og Sjur Eldegard (1834-1920) var ein viktig tradisjonsberar. Han vaks opp i Eldegard, var gardbrukar og overtok bruket i 1855. Seinare, i 1885 flytte han til Skophamar der han kjøpte seg gard. Sjur Eldegard var frå spelemannsslekt, for bestefar hans, Sjur Åretun var òg god spelemann. Sjur Eldegard reiste til Valdres 14 år gammal for å lære spel hos Ola Knutsson Strand og Trond Ivarson Eltun. Då han var 18 år reiste han til Bergen og møtte fleire meisterspelemenn, m.a. Myllarguten, Ola Mosafinn og Sjur Helgeland.

Sjur Eldegard var mykje på Lærdalsmarknaden. Her var det godt høve til å høyre spelemenn og lære seg spel og slåttar. Sjur kunne ei mengd med slåttar, spelet hans var mjukt og reint med ven klang. Ein periode på mange år slutta Sjur å spele fele, av di felespelinga var rekna for synd. Men etter kvart begynte fleire av sønene å spele, og ein av dei kjøpte ei fele til Sjur. Det gjorde at Sjur kom i gang med felespelinga att. Av sønene hans som spelte hardingfele kan vi nemne Jørgen, Sigurd, Søren, Olav og Tomas.

Sonen Søren Eldegard overtok bruket på Eldegard. Han hadde fleire born som dyrka hardingfelespel, m.a. Sigurd Eldegard (1893-1962), som har mange slåttar bevart i arkivet til NRK. Brita Eldegard (1905-1977) vart gift Nesje og busett i Stryn. Johanna Eldegard (f. 1906), busett i Årdal, har og spelt inn mange slåttar for Fylkesarkivet. Av borna til Sigurd Eldegard har både Sverre (f. 1922) og Torolv Eldegard (1924-1983) ført arven vidare.

Andre spelemenn i Årdal

Årdal har hatt fleire gode spelemenn på 1900-talet, og ei tid var og Årdal spelemannslag i aktivitet. Seinare gjekk dette laget inn i Sogn spelemannslag. Nokre av dei som var med i laget: Anders Nordheim (1885-1933) (Moabakken) tente i si tid hjå Sjur Eldegard på Skophamar. Han var ein mykje nytta spelemann og fekk lovord for spelet sitt av fleire meisterspelemenn. Han misste ein av spelefingrane på venstre hand. Fleire av sønene hans spelte fele: Tomas, Olav og Erling Nordheim. Alle desse fire var ihuga medlemar av Årdal spelemannslag.

Ola S. Asperheim (1878-1966) var gardbrukar i Seimsdalen. Han lærde å spele hjå Storreguten, og var truleg den siste læreguten Storren hadde. Ola var god spelemann, og kunne svært mange slåttar. Ola I. Asperheim (f. 1909) var og god til å spele, men spela sjeldan offentleg etter at han skada fingrane.
Severin Hestetun (f. 1889) gjekk i lære hjå Arne Bjørndal, og spela saman med Jon Rosenlid i Bergen. Han var og i kontakt med Valdres-spelemenn.

Valdres-spel i Årdal

Folket i Årdal sette stor pris på årdalsmusikken, men mange spelemenn i Årdal var og austom fjellet for å lære spel av valdresar. Valdresane var og nytta til å spele i Årdal, t.d. når det skulle vere storbryllaup. Mange meinar at slåttemusikken i Årdal og elles i Sogn er sterkt prega av Valdres-tradisjonane. Den som var mest i Årdal var Ola Knutson Strond (1813-1902). Han hadde slåttar bl.a. etter Knut Oldre og Lars Krøsshaug, som igjen hadde lært slåttespel av meisterspelemannen Jørn Hilme (1778-1854). Ein annan spelemann som var mykje i Sogn var Trond Ivarson Eltun (1823-1896), og han var læremeister for fleire spelemenn i Årdal.
Hilme var den fremste skaparen av det slåttespelet som enno lever i Valdres og bygdene kring. Han skapte "skule" i slåttebygging, frå korte 2-veks-slåttar til slåttar med 4-5 vek, i tillegg til harmonisering med dobbeltgrep, og ein bogeføring med ristetak som krev stor teknisk ferdigheit.

Folkemusikk i Årdal i dag

Ein av dei som har gjort mykje for folkemusikken i Noreg i dag er årdølen Håkon Høgemo, f. 1966. Han gjekk i mange år i lære med Lars Skjervheim (f. 1915) frå Voss. Han har vunne Landskappleiken 2 gongar, og arbeider no som freelance-musikar. Høgemo har gjeve fleire cd-ar, har halde ei rekkje konsertar, og har m.a. samarbeidd i gruppa Utla med årdølen Karl Seglem og Terje Isungset frå Geilo.

Fleire kjelder

Det er mange tema innanfor folkemusikken som ikkje er omtala her, t.d. kunnskap om slåttar og slåttestev, opplysningar om instrumenta deira, og ikkje minst mange segner og historier om spelemennene er interessante tema ein kan finne meir stoff om. Dersom ein ynskjer fleire opplysningar, kan ein nytte Martin Volles artikkel i Bygdebok for Årdal, bd. 2, 1978.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Volle, Martin: Folkemusikk, i Bygdebok for Årdal, band 2. Årdal 1978.

PERMANENT IDENTIFIKATOR