Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. februar 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Orgelet i Høyanger kyrkje - eit eventyr



I 1999 var ansvarlege for kyrkja i Høyanger urolege for orgelet. Det kunne bryta saman når som helst. Fire år seinare vart nytt orgel teke i bruk, eit 102 år gamalt "meisterverk av eit instrument" frå Somerton i England. Samla kostnad var rundt rekna 500 000 kroner. Nytt orgel ville ha kosta det ti-doble. "Eit eventyrleg orgel" var overskrifta på avisa Ytre Sogn sin reportasje frå vigslinga i mai 2003.

Piper i det  nye orgelet i Høyanger kyrkje. Orgelet vart bygd i 1901 til ei kyrkje i byen Somerton i England. Våren 2002 vart det teke ned, frakta til Høyanger og bygd oppatt i staden for det gamle. Orgelet vart vigsla og offisielt teke i bruk med konsert i april 2003. Hausten 2005 gav Høyanger kyrkjelege fellesråd ut CD-en <i>Tonar frå Høyanger kyrkje.</i> Biletet syner baksida av CD-en.

Piper i det nye orgelet i Høyanger kyrkje. Orgelet vart bygd i 1901 til ei kyrkje i byen Somerton i England. Våren 2002 vart det teke ned, frakta til Høyanger og bygd oppatt i staden for det gamle. Orgelet vart vigsla og offisielt teke i bruk med konsert i april 2003. Hausten 2005 gav Høyanger kyrkjelege fellesråd ut CD-en Tonar frå Høyanger kyrkje. Biletet syner baksida av CD-en.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

César Franck om instrumentet orgel

Den belgisk-franske komponisten og organisten César Franck (1822-1890) lovpriste orgelet som instrument:

"Mon orgue c´est mon orchestre! Si vous saviez comme je l´aime, il est si souple à mes doigts et si docile à mes pensées."
"Orglet mitt er orkesteret mitt. Om De visste kor høgt eg elskar orgelet mitt. Det er lydig til fingrane mine som til tankane mine."

Trong for nytt orgel

Orgelprosjektet i Høyanger byrja for alvor seinhaustes 1999 då orgelsakkunnige føretok ei grundig vurdering av orgelet. Det kyrkjelege fellsrådet sende straks brev til kommunen med ei kort oppsummering av rapporten. Heile rapporten fylgde som vedlegg. Nedslåande lesnad, noterte rådmannen i saksutgreiinga si:

"Orgelet er i elendig teknisk stand, ja, så dårleg at det er vanskeleg å vurdere fleire av dei klanglege sidene. Tilstanden gjeld både kontaktar, magnetar, taskar, spelbord, cresendovalse, fleire registre, luftforsyning og stemmer, ja stort sett alle vitale deler."

"Orgelet sine klanglege vitalitetar er svært mangelfulle. Dette skuldast mange ting som for lite stemmeressurs, mangelfull intonasjon m.m. Og rapportøren seier: "Orgelet er ueigna som eit tilfredstillande arbeidsreiskap for ein seriøst arbeidande organist (..). Orgelet er i klangleg ubalanse med element som passar dårleg til kvarandre. Dette i tillegg til store tekniske manglar gjer orgelet til ein parodi på seg sjølv. (..) Det bør skiftast ut snarast mogeleg."

Rådmannen rådde til å skaffa nytt orgel. Den samla kostnaden på fem millionar meinte han måtte finansierast ved eit spleiselag. Kommunestyret løyvde 2,5 millionar kroner.

Brukt orgel frå England

I mellomtida dreiv dei to organistane i prestegjeldet, Peter Rødel i Høyanger og Tony Rozendaal i Lavik, på med å saumfara orgelmarknaden. Dei fann ei annonse på Internett som leidde til byen Somerton i Sørvest-England. St. Michaels and All Angels Church hadde eit orgel dei ynskte å kvitta seg med.

Organistane reiste til England i februar 2002, og likte både det dei såg og høyrde. Eit ekte Conacher-orgel, bygd i 1901, men framleis i god stand, skreddarsydd etter alle ynskjemål for nytt orgel i Høyanger-kyrkja. Dei kunne få orgelet gratis, mot ei gåve til kyrkjelyden på 400 pund. "Større flaks kan vi ikke tenke oss", skreiv dei begeistra i rapporten sin til fellesrådet, soknerådet og orgelkomiteen.

Demontering og oppattsetjing

Alle sa ja - dei lokale kyrkjelege organa i Høyanger, prosten i Ytre Sogn, biskopen i Bjørgvin, Kultur- og kyrkjedepartementet sin konsulent i kyrkjebygging, og - kommunestyret, som kunne trekkja attende to millionar kroner.

Orgelbyggjaren Theodor Zuber fekk oppdraget med å demontera orgelet og setja det oppatt i Høyanger. I slutten av april reiste han saman med Knut Henning Litzheim og Tony Rosendaal til Somerton. Dei arbeidde frå grytidleg om morgonen til seine kvelden og greidde jobben på ei veke.

Vel framme i Høyanger bar sterke karar det sundelema Englands-orgelet opp på galleriet der det låg lagra til etter konfirmasjonen i slutten av april. Straks det gamle orgelet var demontert, starta orgelbyggjaren med å få det nye på plass. Etter ein pause midt på vinteren stod orgelet klart til bruk i mars 2003.

Vigsling og konsertprogram

Vigslinga av det nye orgelet og tre konsertar 24. - 26. april 2003 vil bli ståande som eit høgdepunkt i kyrkjesoga i Høyanger. Avisa Ytre Sogn var tilstades og skreiv mellom anna dette om den andre konserten:

"Kantor i Lavik, Tony Rozendaal, ønskte velkommen til konserten og fortalde litt om orgelet. Han opna konserten med to nummer. I "Te deum" av Langlais fekk vi oppleve dei ulikeklangfargane og styrken i orgelet. Medan "Preludium et fuge i H-dur" av Saint-Säens i sitt stille, sakrale tonebilete gav oss ein varm klang.

Så overtok Peter Rødel tangentane medan Knut Henning Litsheim var solist i fleire melodiar av Händel, Franck og de Klerk. Her fekk vi oppleve kor flott kyrkjeorgelet er som akkopagnement-instrument. Store variasjonar gav oss eit mangfald av tonebilete som veksla frå det vakkert melodiøse via det vare og sårbare til det tunge og mollstemte (..).

Vi var særleg interesserte i Peter Rødel sin eigen komposisjon "Au Soir". Denne viste seg å vere ein stemningsfull melodi der tonebiletet bar i seg ein varm sommardag ved solefall.

Tony Rozendaal avslutta konserten med "Psalm 77" av Oortmerssen. Her fekk vi verkeleg kjensla av kva organisten César Franck kan ha hatt i tankane då han kalla orgelet sitt for eit orkester."

CD - " Tonar frå Høyanger kyrkje"

Hausten 2005 nådde tonane frå kyrkjeorgelet i Høyanger vidare. Då lanserte det kyrkjelege fellesrådet CD-en "Tonar frå Høyanger kyrkje". Cd-en inneheld tre reine orgelverk og åtte vokalnummer med Knut Henning Litsheim og Peter Rødel ved orgelet. Opptaka vart gjort i juni og Pow Productions i Høyanger stod for produksjonen.

Kyrkjeverja, Bjørnar Otterstein, uttalte ved lanseringa laurdag 23. oktober at denne lokalproduserte CD-en var prikken over i-en for orgelprosjektet.

kjelder:

Ytre Sogn. 06.05.2003.
Firda. 20.10.2005.
Opplysningar og kopi av saksdokument frå kyrkjeverja i Høyanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR