Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Alfred Maurstad - frå Tuftene i Maurstadgrenda



Skodespelaren Alfred Maurstad (1896-1967) vart fødd og voks opp på Bryggja i Ytre Nordfjord. Barndomsheimen hans på småbruket Tuftene ligg i skråninga ned mot Maurstadvika. Det er i privat eige og ikkje ope for ålmenta. Arthur Klæboe var på vitjing på Tuftene i 1966 for å laga eit radiointervju med Maurstad.

Tunet på gardsbruket Tuftene.

Tunet på gardsbruket Tuftene.

Eigar: Fylkesarkivet/Alfred Sollibakke.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Alfred Sollibakke.

Kort biografi

Alfred Jentoft Maurstad var fødd 26. juni 1896 på Maurstad i noverande Vågsøy kommune. Foreldra var gardbrukar og fiskar Brynneld Olsen Maurstad (1859-1943) og Lovise Marie Brølos (1867-1943), fødd på Tjøtta i Nordland.
Alfred Maurstad lærte seg å spela hardingfele alt frå barndommen, og mykje truleg var han med i spelestykke. Atten år gamal reiste han til Bergen for å gå på underoffiserskulen, og kort tid etter bestemte han seg for å verta skodespelar.

Han debuterte ved Det norske teateret i 1920 som Gudleik i Læraren, og kom til Det nye teateret i 1928 og Nationalteateret i 1931. Han fekk sitt fulle gjennombrot som Peer Gynt i 1936 og to år etter som Vrål i Driftekaren, to av dei aller sterkaste norske teaterprestasjonane i 1930-åra. Etter krigen var Maurstad teatersjef ved Trøndelag Teater i åra 1948-1950, og han iscenesette ei rad framsyningar ved Nationalteateret.

I 1930-åra medverka Maurstad i fleire filmar, og vart særleg kjend for rollene i Gjest Baardsen, Fant og Trysil-Knut.

Alfred Maurstad døydde 5. september 1967 i Oslo. I 1977 vart det reist eit Alfred Maurstad-minnesmerke på Nordfjordeid.

Maurstadgrenda kring 1900

Maurstadgrenda fekk nytt skulehus i 1894. I åra 1890-1900 varierte elevtalet frå 44 til 70. Krinsen høyrde til Rugsund kyrkjesokn. Næraste båtstoppestad, skysstasjon, rikstelefonstasjon og postopneri var Bryggja. Det var ankerplass inne i Maurstadbukta og det gjekk hovudveg, bygd i åra 1864-1866 opp Maurstaddalen over Maurstadeidet (Nordfjordeidet) til Vannylven.

Om barndomsbygda i intervju med Arthur Klæboe

Den kjende radiomannen Arthur Klæboe laga intervju med Alfred Maurstad i 1966. Dei sat på voren attmed naustet på Tuftene. Klæboe ville høyra om livskåra for folket i Maurstadgrenda, om endringar i bygda, bygdeoriginalar, grannekrangel og grendakrig, hardingfelespelet, bygdediktikting og - om skodespelaren og teaterlivet.
Her er nokre smakebitar frå samtalen om Maurstadgrenda.

Forandringar

Er du imponert over forandringane her i bygda?
- Ja, du veit - eg har levd med i det som har hendt her i bygda, som ein vanleg bygdamann gjer det. Naturlegvis, når ein tenkjer på kor langt det var til Bergen med ei jekt som gjekk for råsegl sør gjennom leia, og kor kort tid ein satelitt brukar rundt jordkloden, då strekk ikkje vesle vitet til, tykkjer eg.

Sjå deg rundt her, kor vakkert det er i alle tun, kor det aular av folk og travelheit kvar du ser, kor frie og freidige og glade folk er, kor ungane ropar og leikar seg kvar dei vil, og skriv opp bilnummer frå elle verdsens kantar, etter som dei rasar gjennom bygda og rotar opp støv.

Og tenk på den gamle bygda, då røykstovene enno var i bruk her, heilt til ned i min ungdom. Det var ikkje berre ei anna tid, det var eit heilt anna liv, ein annan mentalitet óg. Det var mykje overtru, mykje mørkeredsle, mykje hovudet ned i syting og klaging. A ja, det var det nok, men vi skal ikkje gløyme at det var ein sterk solidaritet mellom folk, ein ærleg vilje til samarbeid og til gjensidig hjelp. Å nei, det var ikkje berre svarter natta den tida heller.

Fyrste møtet med hardingfela

- Hardingfela var ikkje vanleg her i fjorden i mi tid. Dei brukte vanleg fele, flatfele dei kallar, eller tyskfele seier dei og. Men det var mange bra spelemenn i bygdene, så det var vandelaust å få lære slåttar for den som hadde hug til fela.

Eg var så heldig at eg ervde ei skarve fele etter bror min som strauk til Amerika. - Ja, det var no sant ikkje rare greiene, men ho hadde då skap som ei fele når eg fekk rigga henne til med fire strenger, og fekk lurt meg til å skjere ut eit fet hår av rumpa på ei kvit merr som gjekk her i bygda, og sette på bogen - ja, då skal eg seia det vart låt gut.

Nei, hardingfela kom eg ikkje i kontakt med før eg var 14-15 år. Då møtte eg meisterspelemannen Jon Rosenlid frå indre Nordfjord og då var det gjort. Sidan har eg halde meg til den. Og har eg ergra mange med fela - så har eg jammen gledd mange og.

Lærde av andre

- (..) bygdespelemenn lærer å spele omtrent som vi lærer å snakke. Du høyrer slåttar av andre spelemenn og så kjem det litt etter litt alt ettersom interesse og givnad er. (..)

Etter kvart lærde eg mange slåttar, veit du. Det var gildt å treffe spelemenn frå andre bygdelag og gjere slåttebyte. To sunnmøringar skilde seg ut når det galdt danseslåttar. Det var Hans Gjeitvik og Per Bolstad, senior. Dei hadde melodiar som høvde til vår tonekjensle og gjekk rett i hjarterota. Dei har halde seg, og er mykje brukte den dag i dag.

Spelte i bondebrudlaup

Du har spela i mange brydlaup?
- Å, ja. Det vart ein del. Eg skulle tru - kring 40 brudlaup.
Kor gamal var du første gongen?
- I tolvårsalderen.
Kva fekk du for å spele i eit slikt brudlaup?
- Hå, hå, hå. Det var så ymse, du. I det første brydlaupet (..) gjorde eg meg hard og forlangte ti kroner. Men trur du ikkje brudgommen fekk prute det ned til fem. Men det kunne bli ein hundrelapp, ja kanskje to, når dansarane gav pengar i fela - spelpengar.

Reisetalar i Nordfjord hausten 1923

I mellomkrigstida ordna Nordfjords Foredragslag med reisetalarar til ungdomslaga. Alfred Maurstad var på foredragsferd dei to siste vekene i oktober 1923. Og det var ikkje noka latsmannsferd. På 14 dagar heldt han foredrag i 19 ungdomslag frå innerst i fjorden, utover på nordsida og sørsida, heilt til Måløy. På Sandane hadde han 260 i salen, i heimbygda Maurstad 70, tilsaman 1690.

Maurstad var no skodespelar ved Det norske teateret i Oslo og reiste rundt med foredrag om Ole Bull og den norske folkemusikken. I ei trykt melding om foredreagsferda står det:

"Hr. Maurstad hev ogso fele med, og spelar av vaare beste slaattar og tonestykke. Og so les han upp dikt og stubbar."

kjelder:

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. Oslo 1957.
Klæboe, Arthur: Alfred Maurstad. Eit intervju i radioen sommeren 1966.
Fasting, Kåre: En kjernekar.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse. Nordre Bergenhus Amt. Kristiania 1901.
Privatarkiv SFF-96049 Firda Ungdomslag.
Riksarkivaren. Digitalarkivet. Folketeljing 1900.