Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. november 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Nytt orgel frå to gamle i Ortnevik kyrkje



Ortnevik kyrkje har ei hendingsrik orgelhistorie. Sidan kyrkja var ny i 1925, har dei måtta skifta ut det eine instrumentet etter det andre. Det fjerde og siste skil seg frå dei tre føregåande ved at det er eit pipeorgel. Dessutan er det spesielt ved at det er bygd opp av to gamle orgel, frå to kyrkjer på kvar sin kant av landet.

Eit kyrkjeorgel er ein komplisert konstruksjon. Frå manualet og pedalane går det overføringar til fleire hundre piper.

Eit kyrkjeorgel er ein komplisert konstruksjon. Frå manualet og pedalane går det overføringar til fleire hundre piper.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Det fjerde orgelet

I november 2006 kunne soknerådet ynskja velkomen til inviingskonsert i Ortnevik kyrkje. AvisaFirdavar på besøk nokre dagar i førevegen. - Organisten, Tony Rozendaal skein om kapp med dei blankpussa pipene, skreiv Bjarne Bekkeheien. Det nye pipeorgelet er temmeleg spesielt. Det er bygd av orgel frå to kyrkjer, Tønjum kyrkje i Lærdal og Vik kyrkje i Nordland. - Det du høyrer kjem frå Tønjum, det du ser kjem frå Sømna, fortalde Rozendaal. Han snakka om sjølve orgelet og «huset» det er bygd inn i.

Når enden er god..

Kyrkja i Ortnevik vart vigsla i 1925. Det fyrste instrumentet var eit orgelharmonium som hadde vore brukt i Kyrkjebø kyrkje. Utover på 1940-talet vart instrumentet så dårleg at det vart nesten uråd å spela på det. Organisten Finn Fitje spelte stundom på sitt eige orgel. Dei køyrde det på handvogn frå og til heimen hans.

I 1942 tinga dei nytt orgel, eit Reform spesialharmonium hjå Vestre orgelfabrikk i Ålesund. Krigen skapte vanskar. Vestre fekk ikkje deler frå Tyskland og etter krigen låg fabrikken i Tyskland i grus. Fyrst i 1953 kunne Vestre koma med nytt tilbod, - eit kapell-harmonium med solotoneanlegg med elektroniske stemmer. Fabrikken hadde montert inn eit ekstra solotoneanlegg fordi det ofte hadde vist seg at diskanten i kapellharmonium-orgla vart for veike til kyrkjesong. Etter tilråding frå ein organist i Laksevåg gjekk soknerådet til innkjøp. Det nye orglet vart teke i bruk like før jul 1954.

Dei var uheldige med kjøpet. Berre fire år etter måtte dei skifta motor og vifte. Verre var det likevel at kvaliteten på lydelektronikken ikkje heldt mål. Instrumentet fungerte på eit vis, men organist Ingvald Hovland let ingen vera i tvil då han skreiv brev til kommunestyret i 1976: «Orgelet i Ortnevik kyrkje er i dag ingen glede å betjene, men tvert imot eit instrument ein kvir seg til å spele på. (..) Ortnevik kyrkje har ikkje kyrkjeorgel.»

Ei orgelnemnd tok fatt på ein ny orgelrunde same året. Nemnda fekk tilbod om eit elektronisk instrument, Allen digital orgel, modell 123 til 120.000 kroner. Instrumentet var anbefalt som eit svært godt orgel i si klasse. Nemnda slo til, og instrumentet «som skulle vara evig», kom på plass veslejulafta 1980. Det kom som eit småsjokk på folk, då orgelet nærast havarerte berre 20 år seinare. Under oppvarminga palmesøndag år 2000 oppdaga organisten at berre 4 av rundt 40 stemmer fungerte. Den mellombelse løysinga vart denne gongen eit piano. Men orgelhavariet ved tusenårsskiftet sett fart i det fjerde orgelprosjektet, å byggja opp eit gamalt orgel dei hadde liggjande på lager.

Lagra i lause deler

Tønjum sokn i Lærdal fekk nytt orgel i 1991. Det gamle lagra dei i eit uthus like ved. Då dei i 1994 måtte riva uthuset, prøvde dei å få selja orgelet. Organist Abraham Bezuijin i Høyanger fekk kjennskap til dette og tok kontakt. Resultatet vart at det kyrkjelege fellesrådet i Lærdal gav orglet til Høyanger mot at det vart henta straks. Det gjorde dei, frakta orglet til Ortnevik og lagra det.

Bygd oppatt

Hausten 1999 var orgelbyggjar Theodor Züber og såg på orgelet. Han tilbaud å byggja orglet oppatt for 180 000 kroner. Men vanskar med finansieringa gjorde at arbeidet ikkje kom i gang. Først i 2005 vart finansieringa ordna ved at fellesrådet fekk godkjent omdisponering av "rest orgelmidlar" på kr. 87 600 frå eit tidlegare prosjekt for orgel i Høyanger kyrkje, og ved omdisponering av kr. 78 000 i unytta investeringsmidlar til orgelprosjektet i Ortnevik kyrkje.

Med denne kapitalen i botnen vart kontrakten med Züber underskriven. Arbeidet var kalkulert til ca 204 000 kroner, utanom eletrikararbeid og snekkerarbeid. Snekkerarbeidet vart meir omfattande enn først rekna med då det viste seg at orgelbyggjaren fekk vanskar med orgelhuset, ramma rundt orgelet. Vansken løyste seg då han fekk fatt i eit brukt orgelhus frå Vik kyrkje i Sømna, eit orgelhus som hadde vore brukt til nokolunde same type orgel som Tønjum-orgelet.

Ein million spart

Det fjerde og siste orgelet i Ortnevik kyrkje fekk ein prislapp på 350 000 kroner. Av dette har Ortnevik-samfunnet skaffa 62 500 kroner ved konsertar, gåver i gravferder og kollektar ved gudstenester. Resten er dekka av det kyrkjelege fellesrådet og kommunen. Ved løysinga med å byggja nytt orgel av to gamle, har kyrkja og kommunen «spart» nærare ein million kroner.

kjelder:

Ortnevik kyrkje.
2000.
Firda. 03.11.2006.

PERMANENT IDENTIFIKATOR