Kulturhistorisk leksikon

Sagn (10)

  • Lokale eventyr og segner - Solveigsæter-segna i Nordfjord

    Fylkesgrenser og kommunegrenser har aldri vore stengsle og gjerde mellom folk. Til alle tider har folk hatt hopehav over grensene, - meir eller mindre og på godt og vondt. Solveigsæter-segna er eit vitnemål om møte mellom menneske over fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, - mellom bygdene Åheim og Maurstad. Eit møte med tragisk utfall.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Eventyr og segner – Futaspranget

    Gamlevegen opp Gildreskreda frå Årøy i Sogndal er ein mykje nytta turveg. Det knyter seg fleire segn både til vegen og elva. I 1998 gjennomførte elevar ved Trudvang skule i Sogndal eit prosjekt der dei i samarbeid med historikar Per Sandal laga informasjonstavler. Den første tavla frå Årøy har overskrifta «Futaspranget».

  • Segner og eventyr - Håmannesteinen i Hornindalsvatnet

    Det knyter seg ei segn til Håmannesteinen. Arge nordfjordingar sette ein dansk fut opp på steinen, midt på natta, og let «guten» greia seg sjølv. Steinen ligg på sørsida av Hornindalsvatnet, eit kort stykke aust for Maragjølet. Det er råd å sjå steinen frå gamlevegen på utsida av Margjøl-tunnellen, men stupbratt ned der han ligg. .

  • Ryggsteinen og segna om Rykkstein-Sjur

    Ryggsteinen er namnet på ei samling små øyar, holmar og skjer i Askvoll kommune. Dei tre største øyane heiter Indrøy, Husøy og Ytrøy. I 1993 vart området freda under namnet Ryggsteinen naturreservat.

  • Olav den heilage - Olavs-kjelde på Røysa

    Kong Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Eitt år seinare vart kongen gjort til helgen og vart seinare kjend som Olav den heilage. Det voks etter kvart fram ei omfattande Olav-dyrking. Kultusen kom mellom anna til uttrykk i forteljingar om merkelege hendingar, Olav-skulpturar og Olavs-kjelder med lækjande vatn. På garden Røysa i Leikanger hadde dei tidlegare ei Olavs-kjelde.

  • Olav den heilage - segn frå Gulen

    Olav Haraldsson var konge i Noreg i åra 1015-1030. Han fall i Slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Året etter vart han erklært heilag og etter kvart dyrka som helgen i mange land. Det oppstod mange Olav-segner. To felleselement i desse segnene er guddommeleg kraft og overnaturlege hendingar. Segna her er knytta til Gulen.

  • Lokale eventyr og segner - Sjøormen i "Reinvand"

    Sjøormen i Loch Ness i Skottland og sjøormen i Seljordsvatnet i Telemark er godt kjende. Mindre kjend er sjøormen i ”Reinvand i Sogn.” Folk skal ha sett uhyret fleire gonger. I 1878 skal det ha vore ei rettssak etter at tre budeier fortalde at dei hadde sett ormen. Anna Knudsdotter fortalde at 11 svin "forsvandt i uhyrets gap."

  • Olav den heilage - Kolbein sterke og Dalegudbrand.

    Kapittel 112-114 i Snorre Sturlason sitt sogeverk Heimskringla, handlar om Olav den heilage sitt møte med bondehovdingen Dale-Gudbrand på Hundorp i søre Fron i Gudbrandsdalen. Ein av hovudpersonane var Kolbein sterke frå "Fjordane". Denne artikkelen inneheld høgdepunktet i forteljinga etter to korte avsnitt om Olav den heilage og Snorre Sturlason.

  • Lokale eventyr og segner - Sølvbordet i Risevatnet

    Lokale eventyr og segner er ofte knytte til landskapet. Dei underjordiske skapningane, som tussar og troll og huldrer, budde i fjell og hamrar og haugar. Av og til sette folk namn på stadene, som Huldefossen i Førde og Trollfjellet i Bremanger. I 1957 fortalde Alfred Sande eit eventyr eller ei segn i Firda Folkeblad om ein konge i Svelgen. Kongen hadde ei vakker dotter, ei prinsesse som to troll konkurrerte om. Artikkelen er ordrett attgjeving av stykket i bladet etter ei geografisk orientering. Mellomtitlane er innsette av oss.

  • Nynorsk i Sogn og Fjordane - Fossegrimen

    Fossegrimen av Sigurd Eldegard er ei av dei mest kjende av dei første skjønnlitterære bøkene på nynorsk frå Sogn og Fjordane. Det skuldast nok den suksessfulle oppføringa på Nationaltheatret i 1905, der det var det første teaterstykket på nynorsk. Med sine 140 framsyningar er det eit av dei stykkja som er blitt spela flest gonger ved same teater i Noreg.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Årdal