Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. mai 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Olav den heilage - Olavs-kjelde på Røysa



Kong Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Eitt år seinare vart kongen gjort til helgen og vart seinare kjend som Olav den heilage. Det voks etter kvart fram ei omfattande Olav-dyrking. Kultusen kom mellom anna til uttrykk i forteljingar om merkelege hendingar, Olav-skulpturar og Olavs-kjelder med lækjande vatn. På garden Røysa i Leikanger hadde dei tidlegare ei Olavs-kjelde.

Det merka feltet på har namnet Olavhadle.

Det merka feltet på har namnet Olavhadle.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

På sporet av ei Olavs-kjelde 

Materielle kulturhistoriske ting kjem bort om det ikkje blir gjort noko for å ta vare på dei. Eit illustrerande døme har me på Leikanger. På eit møte for pensjonistar på Kyrkjelydshuset hausten 2006 fortalde Magna Røysum at det for ikkje så mange år sidan var ei Olavs-kjelde på garden Røysa.

Etter det me kjenner til står det ikkje skrive noko om denne kjelda nokon stad. Me kjenner heller ikkje til noko bilete der kjelda viser. Men det finst nokre sikre spor. Stadnamnet Olavskjelda er med i det innsamla stadnamnmaterialet frå området her. Olavskjelda skal vera merka av på eit utskiftingskart frå 1920-åra, og i år 2009 har nokre eldre folk kunnskap om Olavskjelda på Røysa. Ein av dei er Tryggve Rishovd.

Minnest godt Olavskjelda 

Tryggve Rishovd, fødd 1916 i Leikanger, bur på Røysa. Han fortel at kjelda låg tett attmed gardsvegen til Krosshaug som ligg på nabogarden Henja. Ho vart attgreven i den seinare tid, kan henda i 1980-åra. Det var vasskjelda til Krosshaug. Ho gjekk aldri tom. Mange henta vatn her når det var vasslaust. Kjelda var murt opp med stein og var vel meteren djup. Oppmuringa gjekk kring 20-30 cm over bakken. Rishovd minnest det var eit skarve trelòk på muren rundt kjelda. Frå gamalt sa dei Sant Olavskjelda, seinare berre Olavskjelda og på slutten berre Kjelda.

Skapte stadnamn 

Her ser me at vasskjelda til Krosshaug hadde ei adresse, eit stadnamn, dei siste åra Kjelda. Då kjelda vart attgreven, miste adressa det verkelege innhaldet sitt. Likevel levde stadnamnet ei tid lenger. Dei som hadde brukt kjelda, visst kvar Kjelda var, sjølv om det ikkje fanst synlege spor i terrenget.

Fleire Olav-stadnamn 

Olavkjelda på Røysa er ikkje det einaste Olav-stadnamnet i Leikanger. Eit område litt høgare oppe og lenger ute i bygda heiter Olavhadle, og ein gravhaug i nærleiken av gardshusa på Halland, også lenger ute i bygda, har vorte kalla Olavhaugen.

Olavdyrking 

Olav Haraldsson, den heilage, fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Året etter vart kongen erklært heilag. Det utvikla seg snart ei omfattande Olavdyrking som heldt seg gjennom heile mellomalderen - og endå lenger. Folk trudde fullt og fast på det som vart fortalt. Det kom opp Olavs-kjelder mange stader, kjelder med lækjande vatn. Det danna seg Olav-segner. Det vart bygt kyrkjer som fekk helgenkongen sitt namn, og laga Olav-bilete i tre og tekstilar. Straumen av pilegrimar til Nidaros og Olavsskrinet fekk stort omfang. Olav-dyrkinga nådde langt utanom Noregs grenser.

Spor av Olav-dyrkinga i Leikanger 

Me har fleire slag spor etter Olav-dyrking i Leikanger. Olav i Olavskjelda går temmeleg sikkert tilbake til Olav den heilage og Olav-dyrkinga i Mellomalderen. Olav i dei to andre kan og gjera det. Munnleg tradisjon set stadnamna Olavskjelda, Olavhadle og Olavhaugen i samanheng med Olav den heilage, og dermed Olavs-dyrkinga i Mellomalderen. Det er interessant å leggja merke til at jamvel i 2009 finst det eldre folk som kan fortelja om kva dei høyrde av andre, kva fekk overlevert frå dei som då var eldre: - Det var reine eventyret for oss ungane å høyra om, sa Tryggve Rishovd.

Steinkross på Krosshaug? 

Kva gøymer seg i stadnamnet Krosshaug? Forklaringa kan vera at det ein gong stod ein steinkross her, ein steinkross av same slaget som det finst mange av på Vestlandet, krossar som vart sette på ein stad der det vart halde kyrkjelege handlingar i påvente av kyrkjer. Ein reknar med at dei vart sette opp i misjonsperioden 1950-1030 og dei næraste åra etter. På garden Henja vart det bygt ei stavkyrkje på 1100-talet. Ho kom i forfall på 1300-talet, men det var synlege spor etter kyrkjestaden så seint som sist på 1800-talet.

Om det no vart reist ein steinkross på Krosshaug, kan steinen ha stått etter kyrkja vart bygt, men så vorte teken ned/kome bort lenge etter. Med steinkrossen oppstod eit nytt stadnamn, Krosshaug. Og stadnamnet levde lenger enn steinkrossen. I 2009 kjem det synleg fram i etternamn og på skilt attmed vegen: Krosshaug.

Kross eller kors som lekk i stadnamn finst mange stader, t.d. Korssund i Fjaler. Me har eit døme i Stryn på at sjølv om krossen vart flytta, levde stadnamnet lenge vidare. Krossen som no står attmed kyrkja i Loen, stod tidlegare nede ved sjøen, i Korsvikja.

Spor etter den eldste kristentida 

Leikanger har mange spor av fleire slag frå den eldste kristentida. Stadnamna Krosshaug, Olavskjelda, Olavhadle og Olavhaugen og munnleg tradisjon knyter Olav til misjonskongen og helgenkongen Olav den heilage. Dessutan vitnar sikre spor etter tre kyrkjer; - på Henja, Njøs og Hamre og Leikanger kyrkje frå omkring 1250, om at kristendommen og kyrkja tidleg hadde eit solid fotfeste på Leikanger.
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Leikanger kyrkje av Terje Eggum. Leikanger: Skald forlag, 1999. 168 s.
Munnlege opplysningar frå:
Magna Røysum, Leikanger
Tryggve Rishovd, Leikanger

PERMANENT IDENTIFIKATOR