Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. januar 2008

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Olav den heilage - segn frå Gulen



Olav Haraldsson var konge i Noreg i åra 1015-1030. Han fall i Slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Året etter vart han erklært heilag og etter kvart dyrka som helgen i mange land. Det oppstod mange Olav-segner. To felleselement i desse segnene er guddommeleg kraft og overnaturlege hendingar. Segna her er knytta til Gulen.

År 1930 gav Postverket ut frimerke til minne om slaget på Stiklestad. Motivet på dette frimerket er frå slaget på Stiklestad 29. juli 1030.

År 1930 gav Postverket ut frimerke til minne om slaget på Stiklestad. Motivet på dette frimerket er frå slaget på Stiklestad 29. juli 1030.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 1930

Fotograf: faksimile

Segner - i leksikon
Norsk Allkunnebok har følgjande til oppslagsordet segner:

"Segner er stutte prosaforeljingar om einskildhende. Dei er i slekt med eventyra, men gjev seg ut for å vera sanne og knyter seg oftast til ein viss person eller ei viss tid. Dei ålmenne segnene vandrar, skifter bunad etter tilhøva og knyter seg til nye stader. Av all folkedikting har segnene halde seg best. Somt av det ein reknar for sanning, kan vera sanning.

Historiske segner - gjev seg ut for å vera sogesanne. Dei nemner kjende personar og stader eller har i det minste ein sogekjerne. Men jamvel om dei såleis har sprunge fram frå røynlege hende, skifter det historiske sanningsverdet mykje. Best kjende hjå oss er dei mange segnene om Olav den heilage; dei finst m.a. i Heimskringla. Elles finst det mange segner om futar, skrivarar og lensmenn, der bondesynet på embetsmennene kjem klårt fram, med di folkedomen gjer dei komiske. Andre segner gjeld prestar, svartedauden, skotteferda i 1612 og krigane med Sverige."

"Ei gamall segn"
Olav-segna frå Gulen er henta frå Fjordabladet hausten 1918 og attgjeven i to versjonar. Den eine er omskriven i nyare språkdrakt og har nokre forklaringar i teksten. Den andre er attgejeven ordrett slik ho står i bladet. Stykket er underskrive av Olav Midbø og har som overskrift: "Ei gamall segn or Gulen."

"Ei gamall segn" - modifisert
Då Olav reiste rundt i landet og innførde kristendommen, sette han seg føre at det skulle byggjast kyrkje i Eivindvik i Gulen. Han sende bod til bøndene i næraste området om at dei skulle koma og hjelpa til [med arbeid og material].

I Vyrkjesdalen [gard i ein sidedal aust frå Dalsøyra, skrivemåte 2010: Virkesdal] budde ein mektig bonde som heitte Torstein. Då kongsbodet kom til han, gjekk han på Vyrkjesdals-myrane og slo med langorv. Då han høyrde kva kongen gav påbod om, vart han so rasande, og brukte ljåen så hardt i draga at det viste djupe skorar i myra i lange tider etterpå. Han sette då ljåen i marka og svor på at dersom han vart nøydd å reisa, så skulle han nå finna eit trestykke som det var tak i. Dermed treiv han øksa og hogde ei eik, og denne eika bar han til sjøs - somme seier at han bruka henne til stav. Denne eikestokken var bruka til bete [tverrbjelke] i kyrkja.

Kongen likte Torstein godt, men han likte ikkje at han hadde så god appetitt på eit feitt hestelår han hadde med seg i nista si. Torstein tykte alt kongen sa var vel og bra, men han kunne ikkje skjøna at kongen kunne nekta folk å eta si eiga niste. Harald, bror til kongen, var med. Han var lei av at kongen hefte seg så lenge. Då kongen kongen ville vera tilstades på den første messa [gudstenesta] i den nye kyrkja, reiste Harald sin veg nordover. Kongen høyrde på messa og vart på denne måten mykje forseinka, men då han kom til Solund, reiste han ein veg der folk aldri før hadde fare med skip, og der opna seg då eit sund for kongen. Dette sundet vart kalla Lukksund og det vart seinare reist ein steinkross med eit hol i til minne om dette jarteiknet [tyding her: ei hending (eit under) som stadfester noko guddommeleg] om den heilage kongen.

"Ei gamall segn" – ordrett

"Daa Olav den heilage foor kringum og sette kristendomen i stand i landet, fann han fyre at der skulde byggjast kyrkja paa Eyvindvik i Gulen. Han sende daa bod på bøndene kringum at dei skulde koma og hjelpa honom.

I Vyrkjesdalin budde ein mektug bonde som heitte Torstein. Då kongens bod kom til Torstein, gjekk han paa Vyrkjesdalsmyrane og slo med langorven. Daa han høyrde kva kongen baud vart han so sinna, og bruka ljaaen so hardt i flaka at det synte djupe skorer i myri i lange tider etterpå. Han sette daa ljåen i marki og svor paa at vart han nøydd aa reisa, so skulde han no finna ein mole som vart brukande. Dermed treiv han øksi og hogde ei eik, og denne eiki bar han til sjøs - sume segjer han bruka henne til stav. Men denne eikestokken vart bruka til beitskida i kyrkja.
 

Kongen lika Torstein godt, men kunde ikkje lika at han hadde so god mathug på eit feitt hestelær han hadde med i nista si. Torstein let all kongens tale vera vel nok, men ikkje kunde han skyna at kongen kunde neitta folk aa eta si eigi nista. Harald, bror aat kongen, var med daa, han var leid avdi kongen heftest so lenge der. Daa kongen vilde lyda messa i den nye kyrkja, for Harald sin veg nordetter. Kongen lydde messa og vart soleis mykje seinka men daa han kom til Sula for han ein veg der folk aldri fyr hadde fare med skip, og der opna seg daa eit sund fyr kongen. Dette sundet vart kalla Luksund og der vart sidan sett ein steinkross med eit hol i til minne um denne jarteikni til heilage kongen.”

Merknad:
Det finst ikkje noko sund i Solund med namnet Lukksund, heller ikkje noko sund der det står ein steinkross med hol i. Derimot er der eit smalt sund med namnet Lukksund mellom Tysnesøy og fastlandet i Hordaland. Eit stykke nord om Solund, i Askvoll, ligg det smale sundet Korssund. Her står den kjende Korssund-steinen, ein krossforma stein med hol i.
 

kjelder:

Norsk Allkunnebok. Bind 6, 1954. Fjordenes Blad. 03.10.1918.