Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 30. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Nynorsk i Sogn og Fjordane - Fossegrimen



Fossegrimen av Sigurd Eldegard er ei av dei mest kjende av dei første skjønnlitterære bøkene på nynorsk frå Sogn og Fjordane. Det skuldast nok den suksessfulle oppføringa på Nationaltheatret i 1905, der det var det første teaterstykket på nynorsk. Med sine 140 framsyningar er det eit av dei stykkja som er blitt spela flest gonger ved same teater i Noreg.

Portrett av Sigurd Eldegard.

Portrett av Sigurd Eldegard.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Ca. 1890-1920.

Fotograf: Ukjend.

Om forfattaren

Forfattaren Sigurd Eldegard (1866-1950) kom frå den avsidesliggjande garden Eldegard i Årdal. Som skodespelar kjende han godt til teaterverda. Han byrja på Nationaltheatret i 1901, men hadde alt frå 1891 erfaring frå ulike andre teater. Eldegard skreiv Fossegrimen med det føremål at det skulle oppførast på Nationaltheatret.

Myten om Myllarguten

I skodespelet, eller Trollspel i fire vendingar som Eldegard kallar det, møter me hovudpersonen Torgeir. Gjennom han vert einskildmennesket sine kjensler sett i fokus og me får skildringar av norsk natur. Fossegrimen byggjer på myten om Myllarguten. Det heitte seg at Myllarguten skal ha lært å spela av Fossegrimen. Han var i følgje folketrua dei underjordiske sin musikalske leiar. Den som lærte å spela av Fossegrimen sette sjeli si i pant for læra. Eldegard spann vidare på denne myten og fletta inn Myllarguten sitt møte med Ole Bull, i boka omtalt som Meisterspelemannen.

Eit djevelsk instrument

Torgeir er blitt oppmoda av Meisterspelemannen til å reisa ut i verda for å læra seg meir om felespeling og bli berømt. Mora er oppgitt av dette djevelske instrumentet som ho kjenner skam ved at sonen rek frå grend til grend med. Faren derimot er meir positiv til felespelinga. Støtta han får av faren er avgjerande for felespelinga hans.

Torgeir bestemmer seg for å dra, men sidan Fossegrimen er læremeistaren hans, skal Torgeir tilhøyra dei underjordiske. Kaksen si dotter Aud, beundrar Torgeir og felespelinga hans. Då ho går til fossen for å ta farvel, brukar Fossekallen Aud til å få Torgeir frå å reisa. Ved hjelp av musikken får han ho til å sovne. Torgeir finn ho og i søvne fortel ho Torgeir at ho elskar han. Likevel bestemmer Torgeir seg for å dra, men snur på vegen då han ikkje klarar å gløyma det som Aud har sagt til han.

Bondebryllaup med sørgjeleg utfall

Då han kjem attende, går han innom bryllaupet til Kaksesonen, bror til Aud. Gjestene er ikkje nøgde med spelemennene då det ikkje finst likare enn Torgeir. Torgeir vert overtala til å ta over. Bondebryllaupet er prega av spetakkel, fyll og sjalusi. Også Torgeir vert sjalu då Kaksen annonserer ein annan som Aud sin festemann.

Torgeir drikk seg opp og spelar ein slått som vert hissigare og hissigare. Eit basketak mellom Kaksesonen og brura sin tidlegare kjærast, Sme-Nils, endar med at Sme-Nils dreg kniv mot Kaksesonen slik at han døyr. Mora til Torgeir gjer eit nummer av spelinga til sonen og skuldar han og felespelinga for drapet. Ho knuser fela.

Kaksen slår handa av dottera si då ho rømmer med Torgeir til skogs. Den eine etter den andre prøver å overtala Kaksen til å ta Aud inn att i varmen, men utan hell.

Torgeir bryt trolldomen

Torgeir kjenner seg skuldig i Kaksesonen sin død og byrjar å drikke. Forholdet til Aud står i fare. På veg heim frå eit speleoppdrag på julaftan, ser Torgeir føre seg at han vert trekt ned i ishallen under fossen og må gifta seg med Fossegrimen si lite tiltrekkande dotter. Torgeir bryt trolldomen i det han vil til å skjera av ho halen.

På same tid har Kaksen forsona seg med Aud og bede dei flytte attende til bygda. Det er også komme ei hardingfele frå Meisterspelmannen. Aud og Torgeir har ofra mykje for å få vera saman, og dei bestemmer seg for at son deira, Vetle Jon, skal få dei moglegheitene Torgeir ikkje fekk.

Målsak og Unionsoppløysning

Fossegrimen var som nemnt innleiingsvis skriven med det formål at det skulle setjast opp som teaterstykke på Nationaltheatret. Dette i ei tid då kampen for eit sjølvstendig Noreg var intens. Interessa for norsk mytologi og folketru og framstillinga gjennom eit norsk skriftspråk må sjåast i samanheng med nasjonalismen som utvikla seg fram mot unionsoppløysninga. Boka høyrer då til i den nasjonalromantiske tradisjonen.

kjelder:

Eldegard, Sigurd: Fossegrimen:: Aschehoug 1903

PERMANENT IDENTIFIKATOR