Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. oktober 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Olav den heilage - Kolbein sterke og Dalegudbrand.



Kapittel 112-114 i Snorre Sturlason sitt sogeverk Heimskringla, handlar om Olav den heilage sitt møte med bondehovdingen Dale-Gudbrand på Hundorp i søre Fron i Gudbrandsdalen. Ein av hovudpersonane var Kolbein sterke frå "Fjordane". Denne artikkelen inneheld høgdepunktet i forteljinga etter to korte avsnitt om Olav den heilage og Snorre Sturlason.

"Kong Olav talar til bøndene på tinge ved Hundorp". Bilettekst i Snorre Sturlason: <i>Kongesogur</i> 1900.

"Kong Olav talar til bøndene på tinge ved Hundorp". Bilettekst i Snorre Sturlason: Kongesogur 1900.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kong Olav Haraldsson - Olav den heilage

Olav Haraldsson (ca 995-1030), av Hårfagreætta, var konge i Noreg 1015-1028. Han fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Året etter vart han kanonisert, etter kvart dyrka som Nordens største helgen og kjent som Olav den heilage.

Snorre Sturlason - kongesoger

Snorre Sturlason (1179-1241), var islandsk sogeskrivar og diktar. Han skreiv verket Heimskringla som handlar om kongane i Noreg frå Harald Hårfagre (konge om lag 860-om lag 933) til og med Magnus Erlingsson (konge 1161-1177). Snorre nytta både skrivne og munnlege kjelder. Skaldekvada rekna han som dei mest pålitelege kjeldene for di dei var skrivne i samtida og heldt seg mykje godt uendra i munnleg overlevering.

Olav den heilage i Gudbrandsdalen - Kolbein sterke

Sommaren 1021 for Olav med stort fylgje sørover frå Nidaros til Møre og Romsdal og ville omvenda folket til kristendommen. Han kom óg til Gudbrandsdalen. På Hundorp i Fron budde ein mektig mann som vart kalla Dale-Gudbrand. Han hadde eit hov for guden Tor på garden sin. Olav heldt ting med bøndene der og tala til dei om den rette trua. I eit møte med bøndene om kvelden tala biskopen i fylgjet til kongen om den nye trua. Snorre fortel:

"Då stod bispen opp i messekåpa si, med bispehua på hovudet og bispestaven i handa, og la ut om trua for bøndene, og fortalde om mange underlege gjerningar som Gud hadde gjort, og enda talen sin godt. Då svara Tord Istermage: «Mangt og mykje seier denne mannen med horni [biskopen si to-delte bispehue] som har ein stav i handa, som oppe er kroket som eit verehorn. Men då de no, godtfolk, seier at guden dykkar gjer så mange underlege gjerningar, så sei til han i morgon før sola renn, at han let det vera klårt vêr og solskin, og så skal me møtast og gjera eitt av to, enten verta forlikte i denne saka eller halda slag.

Det var ein mann ...

... med kong Olav som heitte Kolbein sterke og ætta frå Fjordane. Han var alltid væpna slik at han hadde sverd ved sida og ei stor "rudde" i handa, som somme folk kallar klubbe. Kongen sa til Kolbein at han skulle stilla seg nærast han om morgonen. (..) Kongen heldt på og ba heile natta, og ba til Gud at han ville løysa dei ut or denne knipa av sin nåde og miskunn.

Då messa [morgonmessa] var slutt ...

... og det leid på dagen, gjekk han til tings. Då han kom på tinget, var nokre av bøndene komne, og med det same såg dei ein heil brote med bønder, som kom til tings og bar imellom seg eit stort mannsbilete, som var tilstasa med gull og sølv alle plassar. Då dei bøndene som var på tinget såg dette, sprang dei opp alle i hop og bøygde seg for dette skræmslet, og dermed sette dei det ned midt på tingvollen.

På den eine sida sat bøndene ...

... og på hi sida kongen og hans folk. Så steig Dale-Gudbrand opp og sa: "Kvar er no din gud, konge! No tenkjer eg han ber hakeskjegget heller lågt, og eg synest at du og mannen med horni, som De kallar bisp, og som sit der attmed deg, ikkje er så kaute som i går, fordi at no er vår gud komen, som rår for alle ting, og ser på dykk med kvasse auge, og eg ser at de er redde og knapt torer å sjå opp. Hald nå opp med trua dykkar og tru på vår gud, som rår for alt.

Kongen sa til Kolbein sterke ...

... så ikkje bøndene merka det: «Om det høver så til under talen min, at dei ser bort frå avguden sin, så slå til han med klubba det hardaste du kan. Så steig kongen opp og sa: «Her i morgon har du sagt mykje til oss, og seier det er underleg, at du ikkje kan sjå vår gud; men eg tenkjer at han snart vil koma til oss. Du skræmer oss med din gud, som er både blind og døv og korkje kan berga seg sjølv eller andre, og ingen stad kan koma, med mindre de ber han; og eg tenkjer at han rett-no får ei ulukke. Snu dykk no og sjå mot aust, der fer no vår gud med mykje lys".

I det same rann sola opp ...

... og alle bøndene snudde seg mot sola. Men samstundes slo Kolbein til avguden deira, slik at han fauk reint isund, og det flaug ut myser så store som kattar liksom og firfisler og ormar.

(..) Då stod kongen opp og tala (..) ...

... «no kan De sjå kva guden dykkar dugde til, som de bar gull og sylv og mat og kost til, og no såg de kva det var for slag som naut det, myser og ormar, firfsler og padder. Dårleg står det til med dei som trur på slikt, og ikkje vil halda opp med dårskapen sin. Ta gullet dykkar (..) og ha dykk heim til kvinnfolka dykkar, og heng det ikkje på stokk eller stein lenger.

Her er det nå to vilkår ...

... å velja mellom: - enten å ta kristendommen eller halda slag med meg no i dag (..)". Då stod Dale-Gudbrand opp og sa: "Me har fått stor skade på guden vår, og då han ikkje kunne hjelpa oss, så vil me nå tru på den gud som de trur på."

Då tok alle ved kristendomen ...

... og bispen døypte Gudbrand og son hans og let prestar verta etter; dei skildest som vener, som før var uvener, og Gudbrand let setja opp ei kyrkje der i dalen.

kjelder:

Holmsen, Andreas: Norges historie. Fra de eldste tider til eneveldets innførelse i 1660.1961.
Norsk Allkunnebok. Band IX, 1959.

PERMANENT IDENTIFIKATOR