Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Lokale eventyr og segner - Sølvbordet i Risevatnet



Lokale eventyr og segner er ofte knytte til landskapet. Dei underjordiske skapningane, som tussar og troll og huldrer, budde i fjell og hamrar og haugar. Av og til sette folk namn på stadene, som Huldefossen i Førde og Trollfjellet i Bremanger. I 1957 fortalde Alfred Sande eit eventyr eller ei segn i Firda Folkeblad om ein konge i Svelgen. Kongen hadde ei vakker dotter, ei prinsesse som to troll konkurrerte om. Artikkelen er ordrett attgjeving av stykket i bladet etter ei geografisk orientering. Mellomtitlane er innsette av oss.

Det stupbratte Trollfjellet, også kalla Riseloftet, aust for grenda Indrehus i Bremanger. Fjellet ligg i bein line sørvest frå Risevatnet.

Det stupbratte Trollfjellet, også kalla Riseloftet, aust for grenda Indrehus i Bremanger. Fjellet ligg i bein line sørvest frå Risevatnet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Området sjalusidramaet gjekk føre seg
Industristaden Svelgen voks fram på gardane Rise og Sande. Ein snau kilometer aust for tettstaden ligg det 4 kilometer lange Risevatnet. Det er omgjeve av høge fjell. På nordsida ligg det bratte Tåhammarfjellet (Tåhamrane). Snaue fem kilometer sørvest for Risevatnet ligg det 0000 meter høge Trollfjellet. Søraust frå grenda Indrehus reiser fjellet seg loddrett opp frå ei svær ur.

Konge på Rise
"For mange, mange år sidan budde det ein konge på Rise. Segna fortel at kongen brukte garden Sande til hestehage. Der hadde han ogso stall for hestane. Og ein flokk trælar, med ein stallmeister i brodden, sytte for at hestane til ei kvar tid var i god stand."

To troll forelska i kongsdottera
"Som alle segn-kongar hadde ogso denne ei smellvakker prinsesse. I Trollfjellet, som reiser seg aust om garden Indrehus i Midt-Gulen, budde det i dei dagar ein trollgubbe. I Tåhammarfjellet [på nordsida av Risevatnet] budde der og ein trollgubbe. Ungkarar var dei visst begge to, etter kva segna fortel. Og begge var forelska i den vakre prinsessa på Rise."

Begge trolla sprakk
"So var det ein laurdagskveld at Tåhammartrollet kledde seg i finaste kleda sine, for han skulde til Rise og fria til kongsdottera. Same kvelden sat Trollfjellsgubben og skreiv kjærleiksbrev til prinsessa. Skrivebordet hans var av skire sylv. Då han fekk greie kva rivalen hans hadde tenkt seg å gjera, vart han so sinna at han opna døra i fjellet og kasta bordet med all si makt mot Tåhammarfjellet - [han] tenkte vel å slå rivalen i hel. Men so var ulukka ute. Med det same han opna døra, fekk han eit streif av sola, og som kjent toler ikkje troll sol, so han sprakk med eit veldig brak.

Då Tåhammartrollet, som no var ferdig til å gå på laurdagsfriing (berre venta på at sola skulle gå ned), høyrde denne ofselege smellen, vart det nyfike og glytte på døra aldri so lite. Då fekk ogso dette trollet ein solstråle i fjeset og dermed sprakk det og."

Tydelege merke
"Sylvbordet nådde ikkje fram dit det var tenkt, men datt ned i Risevatnet. Segna seier at bordet ligg på djupaste hølen, der det er 60 famnar. Merka etter dei to trolla syner den dag i dag. Trollfjellsklova, som det kallast, er (..) døra trollet opna for å få ut bordet, men som det ikkje fekk tid til å lata att avdi det sprakk so brått. Sjølve trollet er der store merke etter, for nedfor fjellet ligg ei veldig urd, Storurda. Trollet må ha vore stort, for denne urda er den største i mils omkrins. I Tåhammarfjellet er der og ei klov som godt kan vera døra dette trollet opna. Her ligg ei bra stor urd, som venteleg er dei siste restane etter trollet."

Ein mann hadde sølvbordet på kroken
"Mannen som fortalde meg denne segna, var heilt sikker på at skrivebordet låg i Risevatnet. Han hadde sett det med sine eigne auge. Det gjekk soleis føre seg:"

"Ein dag tok han fiskesnøret sitt, med ein fin blank pilk under, og drog inn på Risevatnet og byrja pilka etter sylvbordet. Og jamen var han so heldig å få det på kroken. Han hala og drog, drog og hala. Til slutt hadde han fått det so langt opp under båten at han såg det blenkte i det, med då slitna pilken, og bordet gjekk til botnar att. Og Risevatnet ligg der som før og vaktar på denne trollskatten."

Ordforklaringar
hestehage - beiteplass for hestar
træl - slave
skir - rein, adjektiv, skire sylvet - reint sølv
famn - lengdemål, så langt ein vaksen mann kan femna, vanlegvis rekna til 1,8 meter
klove - substantiv, ei -, ei sprekke, eit klype

kjelder:

Sande Alfred: Sylvbordet i Risevatnet og andre segner. I Firda Folkeblad. 03.06.1957.

PERMANENT IDENTIFIKATOR