Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. februar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Ryggsteinen og segna om Rykkstein-Sjur



Ryggsteinen er namnet på ei samling små øyar, holmar og skjer i Askvoll kommune. Dei tre største øyane heiter Indrøy, Husøy og Ytrøy. I 1993 vart området freda under namnet Ryggsteinen naturreservat.

<p>Kartutsnitt fr&aring; kart Sogn og Fjordane. Fylkeskart, (2002). Vi finn Ryggsteinen nordvest av Atl&oslash;yna og beint nord av V&aelig;rlandet. Vi ser og at at sraden har gjeve to andre namn, Ryggsteinhavet i nordvest og Ryggsteinosen i s&oslash;rvest.&nbsp;</p>

Kartutsnitt frå kart Sogn og Fjordane. Fylkeskart, (2002). Vi finn Ryggsteinen nordvest av Atløyna og beint nord av Værlandet. Vi ser og at at sraden har gjeve to andre namn, Ryggsteinhavet i nordvest og Ryggsteinosen i sørvest. 

Eigar: Statens Kartverk/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Skildring 1966

Julenummeret til florøavisa Firda Folkeblad 1966 har ein artikkel om Ryggsteinen. Stykket er signert S. Tviberg. Han fortel om Ryggsteinen som fiske- og fangstplass i eldre tid, og om segna om Rykkstein-Sjur. Tviberg brukar namneforma Rykksteinane. Det offisielle namnet no (2011) er Ryggsteinen. Tviberg sin artikkel er innhaldsrik og velskriven. Nedanfor er artikkelen attgjeven slik han står i avisa. Mellomtitlar og innskot i hakeparantes er sette inn her.

Heilt annleis før i tida

I vår teknisk høgt utvikla tid [1960-åra] med til dømes nymotes motordrevne fiskebåtar med kraftblokk, nymotes fiskereidskap og lugarinnreidning på kyst- og havfiske, har fiskar- og fangstmannsyrket gjort store framsteg. Der ligg ei lang soge attum.

Berre ein mannsalder sidan rodde eller siglde ein i opne båtar frå fiskeplass til fiskeplass på eit lite felt, sterkt avgrensa til kysten. - Der var inga værmelding, so kvar mann var sin eigen spåmann i vêrkunna. Det var teikn i natura ein spådde etter. Dei røynde og kloke menn  var dei beste spåmenn, og dei hadde fått sine kunnskapar frå sine fyrrfedre. Den gongen var det heller ikkje lugarar på fraktebåtane der ein kunne ty inn når det galdt å berge liv og helse i uværet.

Ei klynge småøyar

Dei beste fangst- og fiskeplassar låg oftast lengst ute mellom skjæra. Ein kunne berre reise dit ut når været var trygt og lagleg. Rykksteinane i Vilnes sokn, Askvoll prestegjeld, var ein slik fangst- og fiskeplass som nemnd fyrr. Det er ei klynge småøyar og skjær, bergfulle og værslitne, men har ein rik vokster av gras og blomar millom knausane. Fyrr i tida var der eit rikt liv av sjøfugl og kobbe. Fisk og sild var det mengder av i sjøen rundt i alle leider so langt ein kunne ro. Vårsilda kom inn der for å gyte samstundes som i Kinn.

Husøy

Rykksteinane har tre hovudøyer – Indrøy, Husøy og Ytrøy. På Husøy vart det bygd ei røykstove som ein kalla Høyvikstova (”Høyvikstaua”). Ho stod der tvers yver ein gjøtt på sudsida, sunnaum Rykksteinkeila. I slutten av fyrste verdskrig rak ei sjømine upp i gjøtten. Ho sprang laus og Høyvikstova vart til ”Pinneved”. Aldri vart stova bygd opp att. 

Ytrøy

På Ytrøy bygde nokre skyldfolk frå Lutentun og Tviberg ei røykstove på nordaustsida. Ho var delt i tvo rom med ein sams inngang. Indre romet var soveplass og høyrde til tvibyrgfolket. Ytre romet var upphaldsplass og kokestad. Der var senger og romet høyrde til lutentunfolket. Ei opa peis, eller ein eldstad var i det nordre hjørnet. Stova vart kalla Tvibyrgstova og ho stod der til burt imot 1930-åra då ho tok til å verta skral utan at nokon nya ho opp att.- Stova vart då eit lett rov for vedsankarar som låg i Rykksteinane på motorbåtar og fiska hummar um somrane.

Fangst og fiske

Der har aldri vore fastbuande folk på Rykksteinane. Eigedomsretten har Høyvikbygda. Ein kan undre seg korleis det kan ha seg. Nikolai Mathiasson fortalde meg at segna segjer at menn frå Kvalvik og menn frå Høyvik gjekk holmgang um retten til Rykksteinane. Høyvikarane hadde millom seg nokre kjempestore menn som lett avgjorde kven som i framtida skulle vere grunneigarane. Men kvalvikarane heldt fram med fangst og fiske i Rykksteinane slik alle andre gjorde og. Fiskar- og fangstlivet der ute har si eiga soge. Men segna um Rykkstein-Sjur er noko for seg sjølv.

Usynleg fastbuande

Rykkstein-Sjur var den usynlege innbuar i Rykksteinane. Han vann ikkje høyvikarane med. Han hadde butt der huslaus frå ukjende tider til ein slutta med ro- og seglbåtar, og motorbåtar med lugarar ankra upp i Rykksteinkeila. Mina som sprengde Høyvikstova i været markera tida millom gamalt og nytt. Rykksteinane på gamlemåten gav ikkje levelege kår, og Rykkstein-Sjur vart den fyrste som flytte frå eit utkantstrok! Fyrr den tid var det alltid nokon som såg eller høyrde han. Kven som det gjorde, kom ikkje alltid upp. Var det nokon som såg han, stod han strak på høgste Husøya og såg utyver. I kor leid kunne ikkje nokon segje. Folk trudde det var innetter mot land. Ingen kom han nær. Etter eit slikt syn var det best å få reidskap og utstyr i båten i ei snarvending og gje seg skundsam på heimveg. Det kunne tyde noko. Kanskje uvêret – det ein mest var redd for – ikkje langt unna.

Var det mange som såg Rykkstein-Sjur, var det endå fleire som høyrde han, eller noko som kunne ha med han å gjere. Dersom nokon yvernatta i Høyvikstova, hende det at han høyrde Sjur tusle opp gjøtten under stova. Ein høyrde kor oljebukselåra gnissa mot einannan og det skvulpa i støvlane når han gjekk, alt ettersom dragsoget var sterkt i gjøtten. Sat ein for lenge og rødde i stova um kvelden fyrr ein gjekk til sengs, kunne det hende at ein høyrde ein geisp frå ein stad i stova der ein ikkje såg nokon.

”Såg de han Sjur?”

Sist ein såg Rykkstein-Sjur var då nokre fiskarar hadde fått alle reidskapane upp av sjøen, heist segl og sett kursen heim um kvelden. Dei hadde ikkje vore i land. Men glade som dei var for å vere på heimveg, ropte den eine mot Rykksteinane: ”Far vel, Sjur!”. Då steig det ein mann upp på høgste knausen og stod der utan å gje ljod eller teikn frå seg.

Kom folk heim frå Rykksteinane etter ein fisketur, spurde dei heimeverande gjerne med eit smil fyrst fyrr dei frette korleis fiskelukka hadde vore: ”Såg de han Sjur?” ”Ja, det kan nok hende det”, var svaret. Reiste nokon på fisketur til Rykksteinane, sa dei gjerne med eit smil til andre fyrr dei reiste: ”Eg har tenkt meg ut å helse på han Sjur!”

Ein versjon av segna om Rykkstein-Sjur

Dette at ein kjende at ei attferd alltid var til stades i Rykksteinane og gav varsel til fiskarane um uver og ulukke, kunne verte førd yver til hendingar som var knytt til Rykksteinane. Soleis vart det laga fleire segner um skrymt og hende som rørde ved segna um Rykkstein-Sjur. Soleis har segna fått fleire variasjonar. Den eg har høyrt, har eg frå mor mi:

Ein godversdag reiste eingong tvo unge menn frå Kvalvik til Rykksteinane der dei skulle drive fangst og fiske. Når dette hende, veit ikkje nokon. Tilhøvet var at båe gutane beila til ei og same gjenta. Kor gjenta budde eller var frå, fortel ikkje segna. Komne til Rykksteinane, gjekk dei fyrst i land. Då var det at Sjur [den eine] nytta høvet og bykste i båten og rodde ifrå land. Den andre vart ståande att medan Sjur rodde til gjenta dei båe hadde lagt hug til. 

Sjur rodde attende til Rykksteinane – venteleg dagen etter. I Rykksteinane stod den andre og såg på lang leid Sjur kome roande. Han la sine planar og tenkte på hemn. Han gøymde seg, so Sjur måtte gå i land og leite. Då nytta rivalen hans høvet til å ta båten og skubbe frå land, og det vart hans tur å ro på vitjing til gjenta, Sjur vart verande att i Rykksteinane. Då det leid på, rauk det upp til eit ovhendig uvêr av verste slaget. Stormen varde i ei lang tid frametter, so ikkje nokon båt kunne berge seg på sjøen. I dette uvêret kunne ikkje Sjur berge livet på ei naken øy i Rykksteinane heller. Då uvêret gav seg rodde Sjur sin rival attende til Rykksteinane for å sjå etter Sjur. Men han var korkje å sjå eller å finna, og ingen fann han seinare heller.

Sidan har folk snakka um hendet og undra seg på kor det vart av Sjur frå Kvalvika. Det vart ei uløyst gåte som vart til segn som so mange andre held på å døy burt.

Det spøkte i stova

Eit av dei siste åra fyrr Høyvikstova vart sprengd av drivmina, reiste ein dag Nikolai, Thomas og Karstein på fisketur til Rykksteinane. Dei skulle yvernatte i stova. Komne vel fram, gjekk Karstein upp i stova for straks å lage ein styrkande kaffi etter den lange roturen. Dei tvo andre, som var brør, skulle mellombels ta reidskapane på land. Men skyndsamt kom Karstein nedatt, bleik og skremd. Fyrr han retteleg hadde nådd fram, snakka han høgt om å reise heimatt straks, for her ville han ikkje stanse upp. Då fekk dei andre høyre at det spøkte i stova. 

Dei tvo brørne var kjende for å ha vore ute i eit stormvêr fyrr, so dei var ikkje kvepne av seg. Dei rusla upp for å sjå nærare på det Karstein hadde sett. Det kan hende dei smilte i skjegget – ja, for heilskjegg hadde dei alle tre. – Inne i stova flaksa ei avmagra kråke ikring i ljosken frå ljoren der ho sjølvsagt hadde dotte ned. Det er sagt at kråka er ein ulukkesfugl. Men han skremde ikkje fiskarane heimatt, endå dei var på øya hans Rykkstein-Sjur. Men kan hende kråka spådde rett, for det var ikkje lenge etter at stova som so mange gonger hadde husa ”han Mattis i Nesa” på hans fisketurar, vart sprengd i småfliser av drivmina.

Både vårsilda og Rykkstein-Sjur er soge

Truleg vart det dei tre siste robåtfiskarane som so symbolsk tok avskil med ”rorbua” og den gamle tida i Rykksteinane. Røykstovene og robåtane er burte. Vårsilda er berre ei soge, og ingen har korkje sett eller høyrt Rykkstein-Sjur sidan. Folk har gløymt å snakke um han. 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Tviberg, S: Firda Folkeblad. 22.12.1966 

PERMANENT IDENTIFIKATOR