Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. desember 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Lokale eventyr og segner - Sjøormen i "Reinvand"



Sjøormen i Loch Ness i Skottland og sjøormen i Seljordsvatnet i Telemark er godt kjende. Mindre kjend er sjøormen i ”Reinvand i Sogn.” Folk skal ha sett uhyret fleire gonger. I 1878 skal det ha vore ei rettssak etter at tre budeier fortalde at dei hadde sett ormen. Anna Knudsdotter fortalde at 11 svin "forsvandt i uhyrets gap."

Sjøorm etter Olaus Magnus: Historia de gentibus septendrionalibus. Roma 1555.

Sjøorm etter Olaus Magnus: Historia de gentibus septendrionalibus. Roma 1555.

Eigar: Wikipedia

Datering: 2010

Fotograf: Wikipedia

I lokalavis
Sommaren 1927 hadde Nordre Bergenhus Amtstidende , Florø, eit stykke med tittelen Den store sjøorm i Reinvand i Sogn. Det er ikkje oppgjeve forfattar og heller ikkje oppgitt nøyaktig referanse til kjelder, berre ”en gammel krønike” og ”en gammel retsprotokol”. Her presenterer me innhaldet i stykket.

Over fjellet frå Hallingdalen
Frå eldgamle tider har det vore kjent at det bur ein stor orm i ”Reinvand inderst i Sognefjorden". Ein kan følgja spor etter ormen heilt tilbake til 1600-talet. I ei gamal krønike vert det fortalt at tre menn då dreiv ormen ut or Strandvatn i Hallingdal og tvinga ormen til å lova at han ikkje skulle halda seg i same vatn meir enn tre sekel (hundreår).

I krøniken står det utførleg skildra korleis ormen måtte krypa over fem-seks tusen meter høge fjell på buken sin og korleis den på vegen slukte ei budeie og 15 kyr, og at den til slutt kom seg over fjellet og slo seg ned i ”Reinvand”. Det synte seg straks at dei tre mennene hadde kasta sjukdom på ormen, noko som kom til syne ved at vatnet vart heilt grumsete.

Synte seg før store hendingar
Seinare synte ormen seg fleire gonger samstundes med store hendingar. Like før 1798 - den franske revolusjon - laga han ein stor flaum, i 1814 slukte ormen ein blakk hest, i høve Torgslaget i 1829 sette han i tre lange ul som kunne høyrast i heile Sogn. Ormen demonstrerte sin uvilje mot Februarrevolusjonen i 1848 ved å demma opp heile vassdraget med halen sin slik at det blei flaum nede i dalen. Seks bruer vart øydelagde og store jorder og fleire hus blei vaska ut i Sognefjorden. Under Krimkrigen i 1854 fekk plutseleg halen vasskrekk. Den låg oppe på land og veiva att og fram og sperra vegen i to døgn.

I 1878
Alt dette stod å lesa i Nordre Bergenhus Amtstidende i 1927. Stykket sluttar med kva som hende siste gongen ormen hadde synt seg, i 1878. Tre budeier vart vitne til eit uhyre fælare enn nokon hadde høyrt om nokon gong. Det vart rettssak av det. I eit rettssmøte 30. juli 1878 måtte budeiene vitna om kva dei hadde sett. Det følgjande rettsreferatet, underskrive av Hans Foten, er attgjeve slik det stod i avisa.

Rettsreferat i ein rettsprotokoll
"Den 30. juli 1878 blev ret satt i Peder Olsens sæterhytte på Bærsæter i Sogn. Som lagrettemænd forrettet Peder Olsen, Hans Adamsen samt sidstes kone Martha Larsdatter.

".. hun er ei for katten".
Fremstod da som første deponent [vitne] piken Anna Knutsdatter. Hun sa sig at være budeie hos nærværende gaardbruker Peder Olsen og vedgik at være 30 aar gammel. Hun har aldrig været straffet. Hun faar af sine husbondsfolk det skudsmaal "at hun ei er for katten."
 

"29. juli"
Deponenten forklarer at hun igaarmorges den 29. juli var færdig med melkningen omkring kl. 6, og at hun dernæst sammen med anden og tredje deponent drev kreaturene op i Lien paa Reinsvatnets vestre side. Efterat dernæst 3 deponenter hadde fått ild paa sine piper satte de sig ned paa en sten og talte om forskjellige ting.

"en voldsom brusen"
Pludselig hørte deponenten en voldsom brusen nede fra vandet og i det samme saa hun en lang rad av sorte, glatte, runde masser hæve sig op av vandet. De skjøt pilsnart i veiret, kastet vandet tilside med voldsom heftighet. Hun saa tydelig at de sorte masser var bugtene av en orm.
 

Deponenten talte tydelig sytti saadanne bugter og er overbevist om at hver av dem er over 6 favner [ 1 famn – 1,88 meter] lang. Hun saa tydelig ormens hode i vandets sydlige ende, det var avlangt og og mindst saa stort som bygdens kirke. Den øine var saa store som en skyteskive og ganske runde. Fra nakken gik der en halvhundrede favner nedover kroppen en kam av børster som forekom deponenten mindst saa lange og tykke som almindelige skistaver.

"bedækket med runde skjæl"
Deponenten sætter ormens gjennemsnit paa mitten til omkring 3 favner, men tilføier at den var betydelig tykkere nær hodet. Hele dens legeme var, saavidt deponenten kunde se, bedækket med runde skjæl, som skinnet sterkt i sollyset og av omfang var saa store omtrent som en middel melkesaa.

Elleve svin "forsvandt i uhyrets gap."
Pludselig, forklarer budeien videre, skjøt ormen sit uhyre hode en femti-seksti favner iveiret. Den blev en stund staaende i denne stilling og dreiet hodet til alle kanter for likesom at se ut bytte og slog saa med "brennande" fart ned på en flok svin som laa og sov paa Sætervolden. Elleve av dem forsvandt i uhyrets gap. Like efterpaa skjøt den atter hodet i veiret og slog denne gang ned paa et gammelt fjøs som stod i nærheten og fjernet det fra jordens overflate.

Ikkje så stort som ei kyrkje
Da deponenten dernæst var blit rigtig herre over sine sanser igjen, hadde ormen trukket sig tilbake i vandet, hvor den efterhvert lot sig synke.
 

2. deponent, pike Kari Johnsdatter, forklarte sig i overensstemmelse hermed. Likedan 3. deponent, almindelig kaldet Guri "opefter", formedelst en knæk i næsen. Dog vilde hun ha bemerket at ormens hode ikke var saa stort som en kirke. det var overdrivelse av 1. deponenten, men paa størrelse som et hus, turde hun trygt paastaa det var.

Samtlige deponenter erklærer sig villig til offentlig at beedige sine utsagn, ligesom Guri "opefter" flere ganger skal ha gjort det privat.

Lagretten har intet at bemerke. Retten hævet."

Forteljing i form av rettssak
Ved første augekast kan det sjå ut som rettssaka om sjøormen er ekte nok. Men ein treffer fort innslag som avdekkjer heile rettshistoria som oppspinn eller som ein aprilspøk, t.d.: tidspunktet for ”lagretten” og samansetjinga av retten. Dagen etter hendinga er usannsynleg og at Hans Adamsen ”sidstes kone” var med. Det kan sjå ut som me i denne ”rettssaka” har eit døme på korleis ei god historie kunne forteljast, og gje ho skin av å vera ”heilt sann”.

Vandresegn
Mange segner finst ofte fleire stader med litt av same innhald. Dei kallast vandresegner. Det kan sjå ut som segna om sjøromen i Reinvatnet er døme på ei vandresegn. Stadnamnet ”Reinvand” (Reinvatn, Reinsvatn, Reinsvatnet) finst ikkje i Sogn og Fjordane, derimot i Rogaland. Og i Rogaland finst ei sjøormsegn som har litt til felles med Aurlands-segna: sjøorm på landjorda, som ikkje held seg i ro, og som valdar skade på buskap.

I Folkeminne frå Rogaland, band 2, (1931) samla av Torkell Mauland, står følgjande kjeldetekst (versjon modernisert skriftform):

I Reinsvatnet var det i gamle dagar ein stor orm. Ofte gjekk han på land og tok då gjerne med seg eit fe ned i vatnet; folk som hadde beite der ikring, leid mykje skade på den måten. Ein dag tok han seg føre å renna heilt til sjøen. Først for han av til eit vatn som er lenger ned i Tengesdal-heia. Sidan for han lenger nedover. Då han var kommen nesten til sjøen, måtte han gjennom ei trong smette som dei kallar Klype. Der vart han ståande fast. Ein mann frå hi sida av fjorden såg dette uhyret som hang ned med fram-enden. Så tok han børsa og rodde over og sette ei kule i den fæle skrotten. Ormen sette då bakenden i veret og velte seg framover, så han kom ned på ei slette; men då daua han. Sidan grov dei han ned, og over ormen lødde dei opp ein stor mur som enno syner.

kjelder:

Nordre Bergenhus Amtstidende. 25.07.1927

PERMANENT IDENTIFIKATOR