Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. februar 2001

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Lokale eventyr og segner - Solveigsæter-segna i Nordfjord



Fylkesgrenser og kommunegrenser har aldri vore stengsle og gjerde mellom folk. Til alle tider har folk hatt hopehav over grensene, - meir eller mindre og på godt og vondt. Solveigsæter-segna er eit vitnemål om møte mellom menneske over fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, - mellom bygdene Åheim og Maurstad. Eit møte med tragisk utfall.

Skoddelette ved Movatnet. Biletet er teke frå Solveigsætra.

Skoddelette ved Movatnet. Biletet er teke frå Solveigsætra.

Eigar: Rigmor Navekvien.

Datering: 1999.

Fotograf: Rigmor Navekvien.

Solveigsætra

Det står ei raudmåla seterhytte på Solveigsætra, og attmed finst spor etter tidlegare hus.

Segn

Solveigsæter-segna lever enno på folkemunne, på begge sider av fylkesgrensa.

Bilete av ein grensestein på Maurstadeidet.

Segna i verseform

Verseform-versjonen vart trykt i eit eige hefte i 1929 saman med versa ''Min hytte'', eit dikt av Jacob Kroken Åheim som handlar om ei hytte på Solveigsætra, Solveigstova. Heftet vart trykt i 2000 eksemplar og salsinntekta skulle gå til Solveigstova.

Bilete av framsida på heftet "Solveigsæter-sagnet."

Portrettbilete av Jacob Kroken Åheim.

Bilete av Solveigstova.

Duell på setra

Segna fortel at Marius Bakken kom ridande til setra ved Movatnet i sin beste finstas. Han var på friarfot. Tormod var óg på besøk. Marius var heilt sikker i si sak, og rekna med at rivalen ikkje hadde anna å gjera enn å gå ''sin vei''. Det ville ikkje Tormod, og det kom til duell. Dei utkjempar kampen i det sjuande verset.

Tormod han henter fra krattet
en vidje på tre alen lang
og derpå den spendes om livet
på to kniv-bevæbnede mænd.
Det første gjøkgal fra lien
er signalet når freden er brudt,
men feig bryter Marius avtalen,
gir Tormod før tiden et stik.

''.. en kvinne i hulken og gråt ..''

Dramaet sette sine spor. Det hende det spøkte på Solveigsætra. Stundom høyrde folk underlege lydar. Det siste verset handlar om dette, verset som ikkje kom med i den prenta utgåva.

Ennu i stormfulle netter,
helst når det stormer fra vest
hører man noen som tretter,
der høres en vrinsken av hest
Der høres to mannlige stemmer,
en kvinne i hulken og gråt.
Der høres et legem som faller, -
og så er det stille, som før.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kroken, Jakob: Solveigsæter-sagnet. 1929.

PERMANENT IDENTIFIKATOR