Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. april 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Eventyr og segner – Futaspranget



Gamlevegen opp Gildreskreda frå Årøy i Sogndal er ein mykje nytta turveg. Det knyter seg fleire segn både til vegen og elva. I 1998 gjennomførte elevar ved Trudvang skule i Sogndal eit prosjekt der dei i samarbeid med historikar Per Sandal laga informasjonstavler. Den første tavla frå Årøy har overskrifta «Futaspranget».

Årøyelva og staden Futaspranget. Etter segna var det her futen omkom då han livskremd prøvde å byksa over på andre sida av elva. Vegen mellom Sogndal og Hafslo på nordsida av elva vart teken i bruk i 1905.

Årøyelva og staden Futaspranget. Etter segna var det her futen omkom då han livskremd prøvde å byksa over på andre sida av elva. Vegen mellom Sogndal og Hafslo på nordsida av elva vart teken i bruk i 1905.

Eigar: Sogndal Sogelag

Datering: 1880

Fotograf: K. Knudsen

«den bondeflåaren»

«den bondeflåaren»
Fut og futedøme kom i «dansketida». Futen var skatteoppkrevjar. Mange futar var frå Danmark. I folketradisjonen er futen ein fiende av folket, hardhendt og urettferdig. I eventyret «Fanden og futen» møter futen og fanden to bønder: «… Så gjekk dei eit stykke til. Då møtte dei to bønder. "Der ser du futen vår", sa den eine. «Gje fanden hadde han, lys levande, den bondeflåaren….»

Prosa og vers

Til Futaspranget knyter det seg ei segn. Ein versjon av segna står i lokalhistorie-heftet «Heimbygdi vaar», nr. 6,, skrive av Vilhelm Flugheim (1859-1942). Ein fut vart jaga på elva. Hendinga føregår i Hafslo og Sogndal. Henrik Krohn (1826-1879) skreiv Futaspranget om til verseform. Elleve vers skildrar landskapet og hendinga, meir utmåla og med fleire element (m.a. namn på folk) enn prosaversjonen til Flugheim. (Her følgjer vers 3, 8 og 11, - staden, bondeheren kjem til futegarden, og det mislukka spranget. Heile diktet følgjer som pdf-vedlegg.)

Futaspranget

Segni segjer at ein gong budde futen i Sogn på Fylkesbygdi (Havslo). Han var både hard og vond og fekk Ingresogningarne soleis imot seg at dei til sist fekk i veg eit sendelag til Danmark med klagebrev. Dei kom til Kjøbenhavn, men nådde ikkje fram til kongen, og då dei hadde venta 3 dagar i slottstunet og ikkje slapp inn, snudde dei heimatt og lova at no skulde dei finna futen sjølve. So gjekk bodstikka i bygderne, og bønderne stemnde mot futagarden. Futen tok til rømings utyver mot fjorden med bondehæren etter seg. Men då han nådde ned i Glidreskrida, fekk han vissa for at Sogndølerne kom imot honom utanfrå. Han såg då ingi onnor bergingsvon enn å våga spranget yver elvi uppom Fossen ovanum Årøyar. Han greidde ikkje spranget, men for på fossen. Sidan kalla dei staden Futaspranget.

I verseform

[...]

3) Og på denne staden so folket fortelja,
ein gong ein stakar laut livet sitt selja,
ein danafut, ja den argaste skarv
som trått nøytte tidi til dankongens tarv;
til sjølvrådne skattar han truga.
Med hardstjorn han almugen knuga.
 

[...]

8) Inn glytter han Haakon. Tenesteguten:
«Sjaa her kjem ein ofsaleg Her etter Futen!»
«Hva siger du, Hagen, min kjæreste Ven,
Ak hjelp mig, hvor tror du jeg nu bør fly hen?»
«D’er best at aat Fjorden du freistar,
men daa lyt du fjuka som gneistar.»

11) Sjaa Futen i Vonløysa stend i slik Kvida,
han ser ingi Raad, han vaagar ei bida.
Han lagar seg til, eit Tilsprang han tek,
I Elvi han fell, med Straumen han rek,
Aat Helvitesfoss han mun siga;
men Tore og Bønderne tiga.


 

 

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Asbjørnsen og Moe: Samlede eventyr, Den Norske Bokklubben, 1983.
Flugheim, Vilhelm: Heimbygdi vaar. Årbok for Sogndal, nr. 6
Krokvik, Jostein: Henrik Krohn. Vestmannalagreisaren og målreisaren. 2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR