Kulturhistorisk leksikon

Museum (10)

  • Anders Svor Museum

    Anders Svor Museum vart opna i 1953 for å kunne stille ut og ta vare på kunstverka til hornindalskunstnaren Anders Svor, som var fødd 14. desember 1864 på garden Midt-Svor i Hornindal. Dei fleste arbeida hans, i alt 450, er samla her.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hornindal
  • Nordfjord folkemuseum

    Nordfjord folkemuseum er nordfjordingane sitt eige kulturhistoriske museum. Det ligg i Jølet, på Sandane, og omfattar friluftsmuseum, utstillingsbygning med faste og skiftande utstillingar, samt Holvikjekta, den siste Nordfjordjekta som vart bygd, og som no står i eit eige naust ved Gloppefjorden, ca. 2 km frå museumsområdet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Kristianhus Båtmotormuseum

    På Vikøyri ved Sognefjorden like ved elva Vikja ligg Kristianhus Motormuseum. Museet vart opna i 1997. Dette er eit museum fyrst og fremst for båtmotorar, men nokre båtar og utstyr knytta til båt og sjø finst og.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Skulemuseet i Selje

    Etter at grendaskulen var nedlagd vart det gamle skulehuset på Sandvikneset ved Barmsund gjort om til skulemuseum for Selje. Huset ligg eit par mil sør for Selje sentrum på vegen mot Måløy.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Seimesamlingane - gards- og bygdemuseum

    Seimesamlingane er eit kombinert gards- og bygdemuseum på Hogabruket på Seime i Breim. Museet har kring 800 gjenstandar i samlingane. Dei fleste kjem frå Breim, men nokre kjem frå nabobygder.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

    De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er sogningane sitt eige kulturhistoriske museum. Det ligg i Kaupanger, og omfattar eit stort friluftsmuseum, utstillingsbygning med faste og skiftande utstillingar, og ei eiga avdeling, Sogn Fjordmuseum, med båtar og alt som har med fjordkulturen å gjera.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Sunnfjord Museum

    Sunnfjord Museum ligg i Movika, like aust for Førde sentrum. Bygningane i friluftsmuseet syner eit tidsspenn i byggjeskikk attende til 1500-talet. I hovudbygningen finn du faste og skiftande utstillingar.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Vassmiljøet på Ulvedal

    Nordsida Utviklingslag har i fleire år arbeidd med å gjenskapa kulturmiljøet langs elva Ulva i Ulvedal. I eldre tid var her ei sag, driven av overvasshjul, og fleire kvernhus. Sagedammen med restaurert oppgangssag, demning med overvasshjul o.a. er ein del av ei kulturløype i området.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Lokalhistorisk senter i Aurland

    Lokalhistorisk senter held til i det gamle Heradshuset på Aurlandsvangen. Senteret tilbyd ei rekkje utstillingar og tenester til publikum. Av tenester kan nemnast hjelp med slektsforsking og søk i fotoarkiv. Senteret vart opna i 1994.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Liatunet i Innvik

    "Liatunet - Gardsmuseum" - står det på treskiltet ved grinda inn til garden Li i Innvik. Gardstunet er blant dei eldste i Innvik med sju bygningar, alle fullt utstyrte med innbu av alle slag slik det var etter den siste brukaren Brita Lien, enkje etter Peder A. Lien. I 1998 testamenterte ho tunet til Stryn kommune. I 1992 skreiv den 14 år gamle Cecilie Langø særoppgåve med hovudvekt på bygningane i Liatunet. Mesteparten i denne artikkelen er henta frå Cecilie si særoppgåve. Dag Vanberg har skrive noko i tillegg.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn