Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Liatunet i Innvik



"Liatunet - Gardsmuseum" - står det på treskiltet ved grinda inn til garden Li i Innvik. Gardstunet er blant dei eldste i Innvik med sju bygningar, alle fullt utstyrte med innbu av alle slag slik det var etter den siste brukaren Brita Lien, enkje etter Peder A. Lien. I 1998 testamenterte ho tunet til Stryn kommune. I 1992 skreiv den 14 år gamle Cecilie Langø særoppgåve med hovudvekt på bygningane i Liatunet. Mesteparten i denne artikkelen er henta frå Cecilie si særoppgåve. Dag Vanberg har skrive noko i tillegg.

Liatunet. Bygningane ligg tett og for det meste på rekkje (rekkjetun), - frå venstre saga, nystova, røykstova og eldhuset.

Liatunet. Bygningane ligg tett og for det meste på rekkje (rekkjetun), - frå venstre saga, nystova, røykstova og eldhuset.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Rudningsmannen

Garden Li ligg høgt og fritt oppe i lia. Li er derfor eit godt og høveleg namn. Garden vart rydda i Heggdalseigna i 1608. Det går forskjellige segner om første nybrotsmannen. Han tok til å bygge hus opp med Fjøstufthesjene, og seinare på Skavlebakken. Heggdalskarane reiv ned om natta det han bygde opp om dagen. Slik fekk dei nybrotsmannen til å byggje heilt opp i Geilane. Første brukaren var Anders "Ødegaardsmand." Han døydde i 1620.

Jektereiar

Ola Mattisson Lien (1763-1841) var ein driftig og tiltaksrik kar. Han åtte ikkje mindre enn tre jekter på ein gong! To av desse var nordfjordjekter som gjekk i fraktefart til Bergen. Den tredje var ei bomjekt som på ettervinteren vart brukt til kjøp og transport av fisk i fiskeværa ved kysten. Sommarstida sigla han ofte like til Trondheim for å kjøpe korn og kvernstein (Selbustein). På heimturen selde han det meste av kornet på handelsstader langs kysten.

I dyrtida og naudsåra kring 1814 kraup det i krå med matkornet i kornbørane til innvikarane. Som ein lokal Terje Vigen, sigla Ola til Bergen, og i ly av nattemørkret klarte han å smugle ut ei tønne med rug. 300 spesidalar kosta rugen! Innvikarane hadde nok venta meir for dalarane sine. Naud og inflasjon forsynte seg grovt av sparepengane til folk.

Jekteeventyret til Ola tok ein brå slutt. Ein orkanaktig storm reiv jektene ut av jekteløkane, førte dei ut på fjorden, og med stor kraft vart dei drivne mot land - og knuste.

Dei siste brukarane - Peder A. Lien og kona Brita

Dei siste brukarane var Peder Lien (1896-1976) og Brita Lien (1913-1998), fødd Sårheim. Dei gifte seg i 1940, men fekk ikkje born etter seg. Av bygdefolket vert Brita hugsa som eit mildt og godt menneske, med ei sterk utstråling.
Peder var ein sterk og arbeidssam kar. Det var han som bygde saga (1947) og hjulhuset (1934). Peder døydde i 1976. Brita døydde i 1998. Same året testamenterte ho husa og tunet, med seks mål jord til Stryn kommune.

Stifting

I april 2001 vart det danna ei stifting; Stiftinga Liatunet. I denne vart det vald inn representantar frå bl.a. kommunen, bygdene Innvik og Utvik, familien til Brita Lien og Nordfjord Folkemuseum. Hovudoppgåva til stiftinga Liatunet skal vera på best mogeleg måte å ta vare på garden.

Røykstova

Bustadhuset er ei av dei gamle gode tømra nordfjordstovene. Stova er frå 1851, og er bygd av Mattis Olsson Lien. Som alle nordfjordstover, var huset delt i tre rom: stove, gang og kove. Oppå koven var kovelemen. På slutten av 1800-talet vart det bygt lem over stova. Dette vart gjort for å få eit ekstra soverom. I 1939 vart lemen teken nedatt. Det var kjekkare å ha det høgt under taket, slik at ein kunne sjå ljoren.

Nystova

Nystova er truleg frå slutten av 1700-talet eller byrjinga av 1800-talet. Nystova er på 2 ½ etasje: buda (1. etasje), nystova og nystovelemen. Loftet vart brukt til å oppbevara klede og kleskister. Huset var óg nytta til overnatting for gjester ved store høve. I underetasjen er det óg ein verkstad, og han inneheld ein god del av gamle ting og reiskapar som er tatt vare på.

Stabburet

Stabburet er frå ca. 1810. Det er bygt av tømmer. Frå gangen går det trapp opp til lemen. Som alle andre stabbur har det vore brukt til oppbevaring av kjøt, flatbrød, mjøl og korn. Det hende folk leigde seg plass i Liatunet for spekekjøtlåra sine, ja, heilt fram på 1980-talet. I stabburet finn ein mykje gamalt, t.d. kornbøre, mjøltønne osv. Den eldste kornbøra er frå 1810.

Eldhuset og smia

Eldhuset er frå 1800-talet. Eldhuset vart brukt til å bake flatbrød, lefse, turke korn til maling, steike brød, vaske kle og slakte dyr.

Smia er frå slutten av 1700-talet eller byrjinga av 1800-talet. Alt utstyret som ein treng for å smi, er tatt vare på. Smia var i dårleg stand ei tid, men i 1988 vart ho vølt. Kort tid etter var smia brukt då nokre skuleborn var på besøk på garden. Dei hadde med seg ein smed og alle som hadde lyst, kunne få prøva å smi. Og frå 2003 har smia vore brukt i samband med temadagar.

Hjulhuset

Vasshjulet eller hjulhuset var det Peder Lien som laga tidleg på 1930-talet. Hjulhuset vart først og fremst bygt til å drive saga, men og til å drive truskehjulet. Han kløyvde opp borda og høvla dei med hand. Så vart kvar seksjon sett saman inne i stova og monterte ved elva. Han samla opp vatnet i ei demning. Spenninga var stor då stengsla vart løyst, og det store hjulet tok til å gå rundt.

Lada - fjøsen

Lada er truleg frå slutten av 1700-talet eller byrjinga av 1800-talet. På labrikjen står 1822, men etter segna skal ho vere frå slutten av 1700-talet. Hjellen og låvebrua er nyare. Lada er bygd i gamal grindkonstruksjon.

Saga

Saga vart bygd av Peder Lien i 1947. Ho vart driven av vasshjulet. Saga står mellom lada og stabburet. Før saga kom, var det den gamle røykstova som stod der. Der stod også ei skykje og ein stall.

Kvernhuset

Kvernhuset er frå ca 1850. Det står uvanleg godt i skjul i eit lite gjøl, tett ved ein liten berghammar, 5-600 m innanfor tunet attmed Heggdalselva. Ved ei mistyding vart ikkje kverna forsegla under 2. verdskrigen. Ho var derfor i bruk både seint og tidleg heilt til krigen var slutt. Kvernhuset har halde seg godt. Det vart vølt på 1980-talet då taket var begynt å bli dårleg. På kverna finn ein all reiskapen dei hadde trong for under maling.

Attåt desse ni bygningane kjem selet (1874) og støylsfjøsen på Heggdalsstøylen.

Gardsmuseum

Gardsmuseet er delt i to avdelingar: ei for hestereiskap, og ei for reiskap/maskiner knytt til kornproduksjon. I avdelinga for kornproduksjon kan vi følgje utviklinga frå tusten og tørkebrya til halmhakka og den store truske- og drøftemaskinen frå tidleg i 1930-åra. Etter siste verdskrigen svarte det seg ikkje lenger for vestlandsbonden å drive med korn. Berre dei mest iherdige og tradisjonsmedvitne putla litevetta med det for maltølet og juleneket si skuld.

Museet har óg dei fleste heistereiskapane. Her finn ein vogner, sledar, sleperiver, rullar, horver, plogar, slåmaskinar og andre innhaustingsreiskap. Noko av det grommaste er ein heimelaga grindplog frå 1860-åra.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordingen. 21.06.2002.
Langø, Cecilie: Liatunet i Innvik. Særoppgåve 1992.

PERMANENT IDENTIFIKATOR