Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 22. august 2018

Kategori

Kommune

Anders Svor Museum



Anders Svor Museum vart opna i 1953 for å kunne stille ut og ta vare på kunstverka til hornindalskunstnaren Anders Svor, som var fødd 14. desember 1864 på garden Midt-Svor i Hornindal. Dei fleste arbeida hans, i alt 450, er samla her.

Interiør i Anders Svor Museum.

Interiør i Anders Svor Museum.

Eigar: Anders Svor Museum.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Evner og utdanning

Alt som gut viste Anders Svor uvanlege evner i treskjering. Sytten år gamal reiste han til Kristiania og tok til som treskjerar ved Brødr. Hals pianofabrikk. Seinare vart han elev ved Den Kgl. Tegneskole i Oslo, og 21 år gamal vart han oppteken som elev ved København Kunstakademi.
Anders Svor budde ei tid i Paris, men kom seinare tilbake til Kristiania der han budde og hadde atelieret sitt. Han døydde 2. mai 1929, og er gravlagd på Hornindal kyrkjegard.

Gjennombrot og kjennteikn

Det store gjennombrotet som bilethoggar fekk han ved den internasjonale kunstutstillinga i Berlin i 1891, der han fekk gullmedalje. Han hadde seinare fleire utstillingar i Kristiania, men også i København, Paris og Chicago stilte han ut.
Anders Svor sin kunst er kjenneteikna av det enkle, reine og rotekte. Arbeida hans har ei naturalistisk form, ofte med eit romantisk drag.

Utviding av museet

I 1992 vart museet utvida og skulptursamlinga fekk betre utstillingsrom. Dei fleste skulpturane er no samla i museet. I tillegg er gipsformene lagra i magasinet i kjellaren.
Etter utvidinga inneheld museet også eit galleri med plass til eigne utstillingar, i hovudsak sommarutstilingar. I tillegg har ein fått plass til ei permanent utstilling over folkemusikktradisjon frå Hornindal.

Rehabilitering

I 1999 starta eit rehabiliteringsarbeid ved museet. Fleire av skulpturane har skadar og manglar som rust og sprekker, og det hasta med å kome i gang med konservatorarbeidet for å bevare samlinga. Denne rehabiliteringa og ein del utbetring av bygningsmessig art skal vere ferdig i 2001.

Opningstid

Museet har ope kvar dag i sommarsesongen for besøk og omvising frå ca. 1. juni til 1. september. Elles i året kan ein få omvising etter avtale.