Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Nordfjord folkemuseum



Nordfjord folkemuseum er nordfjordingane sitt eige kulturhistoriske museum. Det ligg i Jølet, på Sandane, og omfattar friluftsmuseum, utstillingsbygning med faste og skiftande utstillingar, samt Holvikjekta, den siste Nordfjordjekta som vart bygd, og som no står i eit eige naust ved Gloppefjorden, ca. 2 km frå museumsområdet.

Fjordingen høyrer verkeleg heime i miljøet på Nordfjord folkemuseum.

Fjordingen høyrer verkeleg heime i miljøet på Nordfjord folkemuseum.

Eigar: Nordfjord folkemuseum

Datering: Ukjend

Fotograf: Jan N. Hansen.

Opna i 1920

Nordfjord Sogelag er grunnleggjar og eigar av Nordfjord folkemuseum. Dei første samlingane vart opna i 1920, i Åsen, like ved Sandane. Trongen for plass vart større etter kvart som samlingane auka, og i 1960 vart museet flytt til området Jølet, i kort gangavstand frå Sandane sentrum. I dette friområdet har museet freista å skape eit gards- og utmarksmiljø slik det kunne sjå ut i Nordfjord fram til førre hundreårsskiftet. I dag er det sett opp ca. 40 hus på området.

Moderne eldfast bygg

I 1995 vart det opna eit nytt eldfast bygg ved museet. Bygget kosta rundt 20 millionar kroner, og har eit brutto areal på kring 1800 m2. Huset inneheld administrasjons-avdeling for museet, brannsikre magasin, kafé, utstillingshall, møterom og lokale for skiftande utstillingar. Det eldfaste bygget har óg etter kvart vorte eit mykje nytta lokale for ulike møte og mindre arrangement.

Ansvarsområde

Nordfjord folkemuseum er eit kulturhistorisk museum og ansvarsmuseum for Nordfjord-kommunane Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn. Kystmuseet i Sogn og Fjordane har ansvar for det spesifikt sjøvende i kommunane Bremanger, Selje og Vågsøy, medan andre oppgåver er lagde til Nordfjord folkemuseum.

Etter "Museumsplan for Sogn og Fjordane" skal Nordfjord folkemuseum ha eit særleg ansvar for korleis vatnet har blitt brukt gjennom tidene, til drift av sagbruk, kvernhus, slipesteinar og til produksjon av elektrisk kraft. Museet skal i tillegg vise korleis tilgangen på den elektriske krafta meir og meir har prega kvardagslivet til folk flest.

Samlingane

Museet har kring 14000 gjenstandar i samlinga si. Den faste kulturhistoriske utstillinga inneheld mellom anna kister, skrin, skåp, brurepynt, båtmiljø/nordfjordfæring og feleutstilling. På museumsområdet står det 40 hus.

Nordfjord folkemuseum har tematisk ansvar for vasskraft. Det er planlagt eit bygningsmiljø knytt til vasskraft ved elva som renn gjennom friluftsmuseet. Eit nyrestaurert kvernhus er på plass, og neste steg er å få restaurert ei stampe. Det er planer om å setje opp sager og eit lite kraftverk.

Museet har eige bibliotek og eiga fotosamling. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane si fotoavdeling har lokala sine i museet.

I 1997 vart Holvikjekta vald til kulturminne for Gloppen kommune. Det var eit godt val, for Holvikjekta er eit kulturhistorisk klenodium. Ho vart bygd i 1881, og vart sett på land i 1906, etter å ha gjort den siste byturen sin.

Undervisningsopplegg

Nordfjord folkemuseum har sjølvsagt vanlege opnings- og omvisingstilbod. I tillegg til dette vender museet seg spesielt til barn og unge med ulike opplegg, og tilbod om aktivitetsdagar på museumsområdet. Kvar vår vert det sendt ut innbyding til skulane i Nordfjord, medan barnehagane i dei ulike Nordfjord-kommunane får tilbod etter ein opplagd turnus.

I 1997 utarbeidde museet eit eige undervisningsopplegg om Holvikjekta. Stoffet er samla i ein eigen perm, som er til sals. Etter avtale stiller museet med omvisar med god kjennskap til Holvikjekta og jektefart - både til skuleklassar og andre grupper som ber om det.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Årbok for Nordfjord. 1961, 1971, 1973, 1975, 1977, 1979-1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR