Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. oktober 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Seimesamlingane - gards- og bygdemuseum



Seimesamlingane er eit kombinert gards- og bygdemuseum på Hogabruket på Seime i Breim. Museet har kring 800 gjenstandar i samlingane. Dei fleste kjem frå Breim, men nokre kjem frå nabobygder.

Seimesamlingane sitt "storenaust" i Nilstunet.

Seimesamlingane sitt "storenaust" i Nilstunet.

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Ein ung samlar

Nils Seime tok til å samle gjenstandar i 1970. Han var då berre tolv år gammal. Den første gjenstanden, ei løveølkanne, fekk han av Kornelius Seime. Nils var alt då overtydd om at han burde prøve å skape eit bygdemuseum som kunne samle inn og ta vare på historiske gjenstandar som i størst mogeleg grad kunne vise ein heilskap i utviklinga av lokalmiljøet i Breim.

Bygningane

I Seimesamlingane finn vi ulike typar bygningar, som lemstove, røykstove, bygselmann-stove, nystove, lade med fjøs, smie, kalvehus, fleire naust frå perioden 1700 - 1900, eit revehus frå 1930 og eit geitostysteri frå 1920. Dei fleste gjenstandane er knytte til Hogabruket på Seime, men nokre er samla inn frå andre stader rundt om i Breim.

Ferdsla på vatnet

Museet har ei eiga avdeling som fortel om ferdsla på Breimsvatnet og om arbeid knytt til vatnet opp gjennom tidene. I denne delen av samlinga finn vi 4 båtar, - både færing, seksæring, ottring og femkeiping.

Vyar og planar for framtida

Seimesamlingane er under oppbygging, og ein har planar om å få til eit friluftsområde ved Breimsvatnet. Staden er av dei finaste naturområda i Breim. Nils Seime er framleis for det meste åleine om arbeidet, og han maktar difor ikkje å ta på seg omvising, i vanleg forstand, enno.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Opplysningar frå:
Nils E. Seime, Gloppen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR