Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sunnfjord Museum



Sunnfjord Museum ligg i Movika, like aust for Førde sentrum. Bygningane i friluftsmuseet syner eit tidsspenn i byggjeskikk attende til 1500-talet. I hovudbygningen finn du faste og skiftande utstillingar.

Hovuddelen av friluftsmuseet er bygd opp som eit typisk tobølt fellestun frå kring 1850. I tillegg til husa legg vi òg stor vekt på gjenskaping av eit tidstypisk kulturlandskap.

Hovuddelen av friluftsmuseet er bygd opp som eit typisk tobølt fellestun frå kring 1850. I tillegg til husa legg vi òg stor vekt på gjenskaping av eit tidstypisk kulturlandskap.

Eigar: Sunnfjord Museum.

Datering: 2001.

Fotograf: Stig M. Spjutøy.

Historie

Sunnfjord Sogelag vart skipa på ein jonsokfest i Naustdal i 1910. Ei av hovudoppgåvene for det nystifta laget skulle vere å skipe eit museum for sunnfjordbygdene. I ettertid kan vi sjå at dei mange folkemusea som voks fram i heile landet på denne tida var viktige i den nasjonsbygginga som skjedde her i landet etter 1905.
I 1926 var det første huset oppsett på museumsområdet på nordsida av elvekanten i Førde og museet vart opna med folkefest og nærare 1500 frammøtte. Det første huset, ei gammal stove frå Innsteinstad i Jølster, var det einaste huset som var oppsett til opninga i 1926, men alt året etter var både bua frå Rørvik i Førde og loftet frå Myklebust i Jølster på plass. Seinare kom det òg til ei sjøbu frå Batalden, og desse husa utgjorde museet den tida det var plassert nede i Førde.

Styrar ved Sunnfjord Ungdomsskule, Otto Huseklepp, var svært interessert i historie, og den første som tok fatt i innsamlinga av gjenstandar til museet. Til opninga i 1926 hadde han samla inn om lag 500 gjenstandar. Dette arbeidet vart etter kvart overteke av Nils Husetuft, ein historieinteressert bonde frå Holsen i Førde. Sidan Huseklepp for ein stor del hadde samla i heimetraktene i Gaular, konsentrerte Husetuft seg om dei andre sunnfjordbygdene. Gjenstandssamlinga som Huseklepp og Husetuft etterlet seg, har utgjort grunnstamma i samlingane ved Sunnfjord Museum heilt fram til våre dagar.

Museumsområdet på Skorpa i Førde vart etter kvart for lite og olsokdag i 1951 vart det nye museumstunet opna på husmannsplassen Movika, der det har halde til sidan. Dei første tiåra her kom det mange nye hus til, og i 1978 kunne museet tilsette eigen styrar. Samtidig fekk ein realisert planane for eit eige eldfast kontor- og utstillingsbygg og seinare eit eige verkstadbygg med større magasin. Slik sett er Sunnfjord Museum i dag eit moderne museum der ein kan ivareta dei fleste museumsfaglege oppgåver.

Ansvarsområde

Frå starten av hadde Sunnfjord Museum ansvaret for alle sunnfjordkommunane. I den nye museumsplanen for Sogn og Fjordane er det no slått fast at museet er ansvarsmuseum for kommunane Jølster, Førde, Gaular, Fjaler og Naustdal. Museet har likevel gjenstandar frå dei ytre sunnfjordbygdene, og vil halde fram med å ha ansvar for desse.

Samlingane

Museet sine samlingar er på om lag 8000 gjenstandar og 40 antikvariske bygningar. Mest heile gjenstandskatalogen er digitalisert og deler av den er lagt ut på Kulturnett Sogn og Fjordane. Av husa er 26 sette opp på museumsområdet, ni er lagra og fem hus har vi fått, men dei står framleis "på rot". Dei lagra husa vert fortløpande oppsette.
Museet har også ei stor samling av gamle bilete, til saman om lag 20 000. Størstedelen av denne fotokatalogen er også digitalisert.

Undervisningsopplegg

Sunnfjord Museum har gjennom mange år prioritert og lagt stor vekt på å ha gode undervisningstilbod å tilby grunnskulane. Dette har vi også fått gode attendemeldingar om frå dei skulane som har delteke. Sidan tidleg på 1990-talet har vi kvart år hatt to undervisningsopplegg for året, eit om våren og eit om hausten, der vi har invitert grunnskulane i Sunnfjord til å bruke ein heil dag på museet. Tema for desse opplegga har variert alt etter kor tid på året dei har vore haldne, korleis dei har passa inn med utstillingar og andre tilbod ved musea, og etter kva kompetanse museet til ei kvar tid har hatt tilgang til. Tema har m.a. vore tradisjonell bruk av mjølk og poteter, korn frå åker til bakstebord, husflid og handverk, utnytting av bjørka, leik og fritid, heime i gamle dagar, og hus og byggjeskikk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Huseklepp, Otto: Sunnfjordtunet. Førde 1958.
Systad, Gunnhild: Sunnfjord Museum - eit byggjeprosjekt gjennom sine første 75 år. I Jul i Sunnfjord 2001 s. 4-9. Førde 2001.
Tyssen, Asbjørn: Sunnfjord Museum. Starten på Steinen. I Jul i Sunnfjord 1994 s. 14-17. Førde 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR