Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Vassmiljøet på Ulvedal



Nordsida Utviklingslag har i fleire år arbeidd med å gjenskapa kulturmiljøet langs elva Ulva i Ulvedal. I eldre tid var her ei sag, driven av overvasshjul, og fleire kvernhus. Sagedammen med restaurert oppgangssag, demning med overvasshjul o.a. er ein del av ei kulturløype i området.

Sagedammen er ein del av kulturløypa på Ulvedal. Her er m.a. restaurert oppgangssag med overvasshjul (1), demning med overvasshjul (3) og overbygd utegrill. Området er tilrettelagt med gangstiar oppover til fleire restaurerte kvernhus (6) og nedover til Ulvegjølet.

Sagedammen er ein del av kulturløypa på Ulvedal. Her er m.a. restaurert oppgangssag med overvasshjul (1), demning med overvasshjul (3) og overbygd utegrill. Området er tilrettelagt med gangstiar oppover til fleire restaurerte kvernhus (6) og nedover til Ulvegjølet.

Eigar: I Fjordingen.

Datering: 1999.

Fotograf: Teikna av Magne V. Kristiansen.

Tre kvernhus i 1661

Vassmiljøet på Ulvedal er knytt til elva Ulva som renn framom garden Ulvedal og ned i fjorden ved Ulvedalsfjellet gjennom eit djupt og bratt juv.
Elva kjem frå to små tjørner, Vesletjørna og Storetjørna, som også blir kalla Demmene fordi dei har vore oppdemde. Øvst oppe ved elva, like nedanfor utlaupet frå Storetjørna finn vi Kvernhusdalen, der det framleis står 7 kvernhus som no er delvis restaurerte og oppattbygde. Dette er typiske små gardskvernar, med eitt sett kvernsteinar. Gamle dokument seier at det var tre kvernhus her så tidleg som i 1661.

Mange kvernhus

Noko av forklåringa på at det vart sett opp så mange kvernhus nett i denne elva, er vel at elva var regulert av demninga ved Storetjørna og hadde stødig vassføring det meste av året.
Det var nok stor aktivitet her i Kvernhusdalen om haustane når den breiddfulle elva susa og song og kvernane gjekk, - men eventuelle vitjingar av fossegrimen og kvernknurren har ein ikkje høyrt så mykje om.

Sagbruk

Lenger nede i elva står sagbruka. Det eldste sagbruket, opphavleg ei oppgangssag, er no restaurert og får att sin gamle funksjon. Saga vart ombygd i 1890-åra og fekk sirkelsagblad, og var i bruk under siste krig.
Nærare står det eit sagbruk av litt yngre dato. Denne saga vart oppsett i 1930, og inventaret og utstyret vart flytt hit frå eit sagbruk på Bergset. Denne saga vart driven av eit overvasshjul som var plassert under ein foss eit par hundre meter lenge ned ved elva, og krafta vart overførd til saga gjennom ein vaier som gjekk på stolpar. Det blir no sett opp eit nytt overvasshjul på den opphavlege plassen.

Mala sitt eige mjøl ---

Nordsida Utviklingslag har gjort eit stort arbeid med å restaurere dette vassmiljøet. I Kvernhusdalen kan ein no setje kverna i gang og male sitt eige mjøl, og sagbruksmiljøet er delvis ført attende til det det var. Den flate myra nedanfor sagbruka er no utgraven og oppdemd til ein stor dam som allereie har vorte badeplass. Det er laga plass for grilling og det er meininga at dette skal bli både stemneplass og rekreasjonsområde. I eine enden av dammen skal det bli ein "modell" av indre Nordfjord.

kjelder:

Fjordingen. 30.06.1999.