Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Skulemuseet i Selje



Etter at grendaskulen var nedlagd vart det gamle skulehuset på Sandvikneset ved Barmsund gjort om til skulemuseum for Selje. Huset ligg eit par mil sør for Selje sentrum på vegen mot Måløy.

Skulemuseet i Selje ligg vakkert til på Sandvikneset med utsyn mot Barmsundet (til høgre) og Flisterpollen (til venstre).

Skulemuseet i Selje ligg vakkert til på Sandvikneset med utsyn mot Barmsundet (til høgre) og Flisterpollen (til venstre).

Eigar: Borgny Dam-Nielsen.

Datering: Oktober 2001.

Fotograf: Borgny Dam-Nielsen.

Skule frå 1918 til 1960

Den 5. januar 1915 gjorde skulestyret i Selje vedtak om at det skulle byggjast skulehus på Sandvikneset ved Barmsund. Huset sto ferdig i 1918, på ei tid då svært mange av skulehusa i dei mindre grendene vart bygde. Stilen er derfor også typisk. Huset vart bygd av tømmer. I første høgda er det eit klasserom og eit lite rom ved sida av, det såkalla lærarværelset. I andre høgda vart det laga til lærarbustad og i kjellaren ein stor sal og kjøken.

Kjellaren var i mange år nytta til samlingslokale for ungdomslaget, til basarar og juletrefestar, og elles når grendafolket skulle samlast.

Frå grendahus til museum

Skulen vart nedlagd i 1960, og huset vart overteke av grendafolket, som da byrja litt oppussing av golv og tak i kjellarhøgda. I 1984 gjekk dei to- og udelte skulane i Selje saman om å lage eit skulemuseum i kommunen, og ein kom fram til at Sandvik skule var den mest høvelege bygningen. Sidan krinsen hadde brukt huset svært lite dei siste åra, vart det i 1986 overdrege vederlagsfritt til kommunen til museumsføremål. Frå heile kommunen vart det så samla inn gamle gjenstandar med tilknyting til skulen, så som tavler, griflar, plansjar, kart og anna inventar.

Ekskursjonsstad

Skulemuseet har til dessa i hovudsak vore brukt som ekskursjonsstad for elevane i kommunen. Det har difor ikkje vore halde ope regelmessig for vanleg publikum, men berre vore opna på førespurnad. Tanken er likevel at det gamle skulehuset med tida skal få faste opningstider som eit vanleg museum.

Ei fiskehistorie frå førtitalet

Under og rett etter krigen var det ikkje alltid like enkelt for folk å skaffe seg mat på bordet. Ein dag utpå ettervinteren sat læraren bak kateteret i skulestova i Sandvik og underviste. Då kom han til å kaste eit blikk utover sjøen rett nedanfor, og fekk sjå at heile den vesle vika kokte av fisk. Både han og elevane sprang ut, og det vart vill jubel då dei såg ein stim med storsei som jaga etter mat heilt oppe i fjøresteinane. Både læraren og elevane gjorde vegen kort ned i fjøra, der seien gjekk så tett at fiskekrokane mest ikkje nådde vatnet før det beit, og så langt inne at dei modigaste fanga han med berre hendene. Den dagen hadde alle elevane med seg sjølvfanga fisk heim til middag!

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Selje kommune, kulturkontoret sitt arkiv. Munnleg tilfang frå:
Jørgen Kvalheim og kona, Entze Kvalheim.
Jorunn Kvalheim Haugland.

PERMANENT IDENTIFIKATOR